Hopp til innhold

Kjæledyr blir redda ut i Gjerdrum: Vi må samle på lysglimta

I natt byrja arbeidet for å redde ut kjæledyr frå det evakuerte området. – Snørr og tårer, seier evakuerte Leif Terje Bergsrud om gjensynet med katten Sonny.

Leif Terje Bergsrud og katten Sonny

Katten Sonny er tilbake att i armane til matfar Leif Terje Bergsrud.

Foto: Privat

Over 1000 menneske vart evakuerte etter at eit leirskred ramma Gjerdrum natt til onsdag. Fleire av dei vart nøydde til å forlate kjæledyra sine.

Natt til søndag byrja likevel redningsmannskapa å redde ut kjæledyr frå evakuerte hus.

– Vi har kapasitet med frivillige til å gå inn for å hente kjæledyr, eller mate dei. Det er noko vi jobbar med på sida av det andre, sa innsatsleiar Ivar Myrbø i Øst politidistrikt på ein pressekonferanse søndag ettermiddag.

Politiet får hjelp av brannvesenet og Heimevernet til å evakuere dyra, utdjupar politiførstebetjent Martin Schie til NRK.

Byrja dyreredning i natt

Dei evakuerte i Gjerdrum har meldt dyra sakna til kommunen, som koordinerer redningsarbeidet.

Dyrebeskyttelsen i Oslo og Akershus understrekar at det er viktig at dei som er evakuerte meldar husdyra sine som sakna til politi og kommune.

– I dag tidleg var cirka 20 prosent av dei innmelde dyra henta ut. I hovudsak kattar, seier Schie, som ikkje har tal på kor mange kjæledyr som er sakna etter leirskredet som ramma kommunen natt til onsdag.

I tillegg er to hundar henta ut av rasstaden i helikopter. Ein av dei er dalmatinaren Zajka (10), som var 20 timar åleine i rasområdet, etter at eigarane vart henta ut under rasnatta.

På sosiale medium er det mange evakuerte som etterlyser sine firbeinte vener. Blant dei var Leif Terje Bergsrud og kona Gunn. Natt til onsdag vakna dei av eit drønn.

Gjenforeina med katten: – Snørr og tårer

Bergsrud stod opp, og fekk ikkje vatn ut av krana eller skrudd på lyset. Bergsrud trudde først at det var ein snøplog som vekte han.

Lyden av helikopter og synet av Forsvaret fekk alvoret til å søkke inn. På vegen utanfor gjekk naboar til fots oppover mot Ask sentrum.

– På det tidspunktet var det ikkje aktuelt for oss å ta katten med. For med stresset og situasjonen som oppstod, så visste ikkje vi kva som skulle skje vidare, seier Bergsrud til NRK.

Paret kom seg ut av huset og til kommunehuset, der dei vart registrerte og sende til Olavsgaard hotell. Der er dei framleis.

Katten Sonny har vore ein del av familien i 17 år. Bergsrud understrekar kor mykje medkjensle han har for naboar og kjende som saknar nokon i raset.

Zajka blir reddet opp skredet

Hunden Zajka blir redda frå rasområdet i Gjerdrum

Store kontrastar

– Tankane våre har vore hos dei som saknar sine aller næraste. Her er det over 1000 menneske som er evakuerte, fleire som har mista alt dei har. Dette er så sterkt at vegen vidare, den må vi leggje saman, seier Bergsrud.

Samtidig var saknet etter Sonny stort før katten kom til rette. Og når paret fekk beskjed om at katten var berga ut av huset deira og kunne hentast på Gjerdrum ungdomsskule, vart dei rørte til tårene.

– Snørr og tårer. Det er det ikkje nokon tvil om, seier Bergsrud.

– Ei herleg oppleving oppi alt det elendige.

No er Sonny saman med Bergsrud og kona på Olavsgaard. Han synest kontrastane rundt raset er vanskelege. Sju personar er funne omkomne og tre er sakna etter skredet.

– Når det finst desse små lysglimta, så må vi samle dei òg. Dei av oss som er så heldige og sjå dei, seier Bergsrud.

Over 110.000 nordmenn bor i det som kalles «kvikkleiresoner». Det er ikke farlig i seg selv, om leira får ligge i ro.

Over 110.000 nordmenn bur i det som kallast «kvikkleiresonar». Det er ikkje farleg i seg sjølv, om leira får liggje i ro.

AKTUELT NÅ