Heile verda har latt seg forbløffa av det økonomiske mirakelet Kina. No er det skuleungdommen i finansgiganten Shanghai som tek pusten frå omverda.
15-åringane i Kinas største by utklasserer nemleg sine jamnaldrande i resten av verda i leseferdigheiter og matematikk såvel som i naturfag, viser PISA-undersøkinga frå 2009.
- SJÅ OGSÅ: PISA-undersøkinga 2009.
Reint bord i PISA-debut
PISA-undersøkinga (Programme for International Student Assessment) er internasjonal og vert gjennomført kvart tredje år i regi av OECD.
Målet for undersøkinga er å samanlikna kompetanse og ferdigheiter blant 15-åringar innanfor fagområda lesing, matematikk og naturfag.
Medan Noreg har delteke sidan oppstarten, var Kina med i undersøkinga for første gong våren 2009.
Og i sin PISA-debut, tok dei like greit reint bord. Shanghai er best over heile fjøla, og ligg langt over gjennomsnittet for OECD-landa.
- LES OGSÅ:
Ifølgje OECD er meir enn ein fjerdedel av 15-åringane i Shanghai i stand til å løysa komplekse problem ved hjelp av avanserte matematiske metodar. Det same gjeld for tre prosent av 15-åringane i OECD-landa.
Tre klassetrinn over norske
Norske elevar gjorde det denne gongen svært mykje betre enn i 2006, og ligg no rundt OECD-snittet på alle dei tre test-områda.
Skuleungdommen her til lands må likevel hengja i om dei skal prestera i nærleiken så godt som kinesarane.
- LES OGSÅ:
Dei 15 år gamle Shanghai-elevane ligg tre klassetrinn over sine norske jamnaldrande i matte, og to trinn over i naturfag og lesing.
– Målbevisste kinesarar
Utdanningsekspertar i heile verda lar seg imponera av at skuleflinke kinesarar kuppar PISA-listene, og ser dette som nok eit bevis på den enorme moderniseringa som går føre seg i landet.
- LES OGSÅ:
– Eg har sett kor ubøyeleg Kina er når det gjeld måloppnåing. Når Shanghai markerer seg så godt i 2009, kan ti kinesiske byar gjera det same i 2019, og 50 innan 2029, seier den amerikanske utdanningsprofessoren Chester E. Finn Jr. til avisa The New York Times.
Hakk i hæl
I matematikk er kinesarane allereie godt representerte med fire provinsar blant dei 10 beste på PISA-lista.
Den test-deltakaren som pustar Shanghai i nakken, er den kinesiske erkerivalen Hong Kong.
I mellomkrigstida var Hong Kong filmby nummer to i Kina - berre slått av Shanghai. Shanghai er no også i ferd med å overta statusen som det kommersielle senteret i Kina.
Og på PISA-listene for 2009 må Hong Kong nok ein gong sjå seg slått av Shanghai.