Hopp til innhold

Kina kallar skuldingar om hacking for ein klisjé

Ambassaden til Kina avviser at dei har vore involvert i hackinga av det norske dataselskapet Visma.

Visma utsatt for datainnbrudd

Lokala til Visma i Bjørvika i Oslo.

Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

– Kinesiske styresmakter har aldri delteke i eller støtta andre i å stele nokon formar for kommersielle løyndomar, skriv ambassaden til Kina i ein e-post til NRK.

Onsdag uttala det amerikanske tryggingsselskapet Recorded Future at Visma har blitt usett for åtak frå hackarar som jobbar for kinesiske styresmakter.

Det avviser ambassaden til Kina slik:

– Denne typen vilkårleg skulding mot Kina er ein klisjé og ikkje verd å imøtegå.

Ambassaden skriv at Kina imidlertid er eit av dei største offera når det kjem til hacking.

– Kina motarbeider nettspionasje

Kinas ambassade viser til at nettsikkerheit er ei global utfordring, og at landet har motarbeida og slått ned på alle formar for nettspionasje.

– Vi fastheld at det internasjonale samfunnet burde ta på seg å inngå dialog og samarbeid for å ta tak i truslar mot nettsikkerheita og for å halde fram våre felles interesser, med utgangspunkt i likskap og gjensidig nytte og respekt, skriv ambassaden i e-posten til NRK.

AKTUELT NÅ