Kan stemme mot eiga regjering i pelsdyrsaka

Torsdag vedtek Stortinget å leggje ned pelsdyrnæringa, men fleire utbrytarar frå regjeringspartia kan sørgje for at pelsdyrbøndene får meir pengar enn det regjeringa eigentleg vil gje dei.

Mink
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Det er eit solid fleirtal på Stortinget for å leggje ned pelsdyrnæringa her i landet, og torsdag ligg det an til at det blir vedteke. Det er likevel ikkje klart kva Stortinget kjem til å vedta for å kompensere dei bøndene som må finne noko anna å gjere på.

Regjeringa vil at bøndene skal få eit pengebeløp basert på kva den bokførte verdien til garden deira er, men denne verdien kan ofte liggje langt under den faktiske verdien.

Fleire utbrytarar frå regjeringspartia kjem truleg ikkje til å gje si støtte til dette.

Carl I. Hagen og Roy Steffensen frå Framstegspartiet er klare på at dette er for dårleg til at dei kan støtte det, og Kristian Tonning Riise i Høgre seier det same.

NRK kjenner også til at i alle fall ein annan stortingsrepresentant frå regjeringspartia har landa på same standpunkt, medan fleire andre også vurderer å bryte med regjeringa.

Regjeringa har mista fleirtalet

Dermed har regjeringa mista sitt fleirtal i Stortinget, og ei meir sjenerøs kompensasjonsordning kan bli vedteken.

Men då må opposisjonen og utbrytarane frå regjeringspartia bli samde om kva dei skal røyste for.

Når NRK møter Frps parlamentariske leiar Hans Andreas Limi etter partiets gruppemøte onsdag kveld, er han optimistisk.

– Vi har sett på moglege forbetringar i kompensasjonsordninga som er forhandla fram på Stortinget. Eg reknar med at vi klarar å lande det innan behandlinga i Stortinget torsdag, seier Limi, og tilføyer:

– Eg har all grunn til å tru at heile gruppa kjem til å stille seg bak forslaget.

Av forbetringar nemnar Lima blant anna full dekning av rivnings- og saneringskostnader, og pensjonsordningar for eldre bønder.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet har fremja eit forslag om at pelsdyrbøndene skal bli kompensert som dei ville ha blitt dersom staten hadde ekspropriert eigedomane deira.

Dette er også det Carl I. Hagen meiner.

– Prinsippet er jo at når staten tek noko frå deg, så må du bli kompensert den faktisk verdien, og ikkje berre ein likningsverdi. Det står i paragraf 105 i Grunnlova, og det er det eg kjem til å leggje til grunn når eg røystar i morgon, seier Hagen.

For SV er det derimot uaktuelt å støtte dette forslaget. Dei fremjar sitt eige forslag, som går på at ein skal finne den reelle verdien til pelsdyreigedomane, og kompensere bøndene basert på det.

SV sitt forslag:

«Gi pelsdyrbøndene kompensasjon for realverdien av anleggene, ved at man legger estimert restverdi av realkapitalen til grunn i staden for bokført verdi.»

Carl I. Hagen i Høyesterett

LEGG GRUNNLOVA TIL GRUNN:

Foto: Trude Bakke

SV og MDG vil ikkje godta utsetjing

SV håpar at Senterpartiet, Arbeidarpartiet og utbrytarane kan røyste for deira forslag. Dersom dei ikkje gjer det, vil dei støtte regjeringa sitt forslag, for å hindre at vedtaket om forbod mot pelsdyr blir utsett.

Også MDG er mest oppteken av at forbodet ikkje skal bli utsett. Dei er samde med resten av opposisjonen i at kompensasjonsordninga regjeringa foreslår er for dårleg, men seier til NRK at stortingsrepresentant Une Aina Bastholm ikkje kjem til å støtte noko forslag som kan gjere at iverksettinga av forbodet tek lenger tid.

NRK er kjent med at fleire opposisjonspartia no jobbar med nye forslag for å prøve å samle opposisjonspartia og utbrytarane frå regjeringspartia. Og utbrytarane håpar på si side at regjeringa i siste liten skal kome med eit forslag som er meir sjenerøst, slik at dei skal sleppe å stemme mot si eiga regjering torsdag.

Truleg ligg det an til at pelsdyrbøndene kjem til å få meir pengar enn det regjeringa i utgangspunktet vil gje dei. Pelsdyrbonde Sigbjørn Kirkebøen tykkjer forslaget frå regjeringa er svært dårleg.

– Med framlegget til kompensasjon vil eg få ein erstatning på 270 000 kroner, men garden min har ein takst er på 2,3 millionar. Det er klart at dersom regjeringa berre skal kompensere den bokførte verdien, så går vi på enorme tap, seier pelsdyrbonden.

SISTE NYTT

Siste meldinger