Hopp til innhold

Kan miste retten til å drive skule

Den private vidaregåande skulen John Bauer i Oslo bryt privatskulelova på mange punkt. Godkjenninga kan bli trekt tilbake.

John Bauer-gymnasets fasade
Foto: Inger Lise Uhnger / NRK

Fylkesmannen i Oslo og Akershus har granska skulen etter medieoppslag i NRK i oktober i fjor.

Konklusjonane er knusande for skulen. Fylkesmannen meiner skulen bryt ni paragrafar i privatskulelova, og ber Utdanningsdirektoratet vurdere godkjenninga.

Handlar med seg sjølv

Styresmaktene konkluderer no med at elevane sine skulepengar og pengestøtta frå staten i mange tilfelle ikkje har kome elevane til gode.

Det er ikkje styreleiar Sigve Austheim i John Bauer-skulene einig i.

- Alle pengane som er brukt ved skulen meiner vi har kome elevane til gode. Det vil vi dokumentere når vi får satt oss ned saman med våre advokatar, eier han.

Det er ikkje lov å tene pengar på skuledrift i Noreg, og lova stiller strenge krav om at pengane skal brukast på dei som går på skulen.

- Vi reagerer på at John Bauer i Oslo kjøper inn dagleg leiar når dei i tillegg har to rektorar og annan administrasjon ved skulen. Vi reagerer også på at dei kjøper inn rådgjevingstenester, seier Bjørg Ølstad, utdanningsdirektør hos Fylkesmannen.

John Bauer-skulane i Oslo og Bergen handlar nemleg frå selskapet Skolekompaniet i stor stil.

Har ikkje tilsette

Styreleiaren i Skolekompaniet, Kåre A. Syltebø, blir leigd inn som dagleg leiar til skulane både i Oslo og Bergen. Skulen i Oslo betaler 150.000 kroner for dette kvar månad.

Skolekompaniet har fått betalt for rådgjeving i samband med etablering av skulelokale, vidare har selskapet vore konsulent for innkjøp av forsikringstenester, for oppretting av personalklubb, for rekruttering av lærarar og firmaet har også gitt råd når arbeidsforhold skal bli avvikla.

Men det oppsiktsvekkande er at firmaet Skolekompaniet ikkje har nokon tilsette. Og selskapet er eigd av dei same personane som eig John Bauer-skulane. 

Bjørg Ølstad

- Rettstryggleiken til elevane er ikkje godt nok ivareteken, sier Bjørg Ølstad.

Foto: Gunnar Sakshaug / NRK

Dårleg rettstryggleik for elevane

Men sjølv om skulen brukar mykje pengar på å kjøpe inn administrasjonstenester, er det mykje som ikkje fungerer. Det har elevane merka.

- Rettstryggleiken til elevane er ikkje godt nok ivareteken. Skuleleiinga har ikkje dokumentert at skulen følgjer fag- og timefordelinga, seier Ølstad.

Det betyr i realiteten at fleire elevar ikkje får den undervisninga dei har krav på. Vitnemål og karakterutskrifter frå skulen er ikkje slik dei skal vere, og fleire elevar har ikkje fått ta obligatorisk eksamen, syner rapporten.

Styreleiar i John Bauer-skulen avviser også dette punktet i rapporten.

- Dette er feil. Nå må vi på nytt forklare vår dokumentasjon på korleis vi har organisert skuledagen for at tilsynsmaktene skal akseptere at dette er i samsvar med gjeldende fag- og timefordelling, sier Austheim.

Uvanleg konklusjon

Dei alvorlege funna gjer at Fylkesmannen kjem fram til ein svært uvanleg konklusjon:

I staden for å be skulen rette opp det som er gale, går rapporten direkte til Utdanningsdirektoratet. Fylkesmannen ber direktoratet vurdere godkjenninga til skulen.

- Det er ikkje veldig vanleg at vi gjer det slik, det har skjedd nokre få gonger, seier Ølstad.

Utdanningsdirektoratet opplyser til NRK at dei ser alvorleg på funna, og at framtida til skulen blir vurdert i løpet av eit par månader.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger