Hopp til innhold

Kan ikkje sende elevar på gangen

Lærarane kan ikkje lenger sende elevar som bråkar eller kjem for seint på gangen. Prinsippsak i vinter får følgjer for heile skule-Noreg.

Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Foto: Laurence Mouton / 6PA/MAXPPP

Det er ei sak ved Gausdal videregående skole i Oppland som no er i ferd med å få vidtrekkande konsekvensar.

Skulen hadde ein praksis med at elevar som kom for seint ikkje fekk kome inn til undervisningstimen. Dei vart heller vist til biblioteket for resten av timen.

Elevorganisasjonen klaga på praksisen og vann fram. Utdanningsdirektoratet slo fast at slike bortvisningsvedtak var i strid med Opplæringslova.

Kan ikkje vise bort

I konklusjonen frå direktoratet står mellom anna følgande:

”Faglærer kan ikke bortvise en elev for resten av en time.”

Direktoratet viser vidare til at bortvising frå undervisninga er ein sanksjon som berre skal bli brukt ved alvorlege disiplinproblem:

"Eksempler på alvorlige brudd på ordensreglementet er vold mot medelever, bruk av narkotiske stoffer på skolens område og forhold som er straffbare utenfor skolen.”

Lov-paragrafane som direktoratet viser til er ikkje nye. Likevel meiner fleire kjelder NRK har vore i kontakt med at praksisen med dette blir stramma inn for skulane.

- Innskjerping

Jørgen Skaug er fylkesopplæringssjef i Oppland, og dermed skule-eigar i fylket. Han mislikar sterkt at Utdanningsdirektoratet overkøyrde synspunkta til både skulen, fylket og statens lokale tilsynsapparat hos Fylkesmannen. For dei meinte alle at praksisen med bortvising til biblioteket var grei.


- Dette er ei klar innskjerping av regelverket, seier Skaug til NRK. Han meiner saka vil ha store konsekvensar for norsk skule.

I Oslo kommune samlar Utdanningsetaten no inn ordensreglement frå dei ulike vidaregåande skulane for å gå gjennom desse.Gausdal-saka er den direkte årsaka til at dette blir gjort. Fleire Oslo-skular har ordens-reglement der bortvising frå timen inngår.

Må jobbe på gangen

Ullern vgs er ein skule som har vore eksempel for mange andre. Skulen har snudd bråk og uro til trivsel og disiplin. Mellom anna ved hjelp av eit ordensreglement dei tok i bruk for fem år sidan.

Elevane kan kome for seint til skuletimane tre gonger kvart semester utan konsekvensar. Kjem dei for seint etter dette, får dei ikkje vere med i undervisningstimen, men må site på gangen og jobbe.

No er rektor Pål Riis usikker på framtida.

- Eg fryktar at ein konsekvens av Gausdal-saka er at vi ikkje lenger kan bruke slike sanksjonar. At vi ikkje lenger kan legge opp til at elevane må møte presis, og at vi kan gjere noko med det når dei ikkje er presise, seier han til NRK.

- Det å kunne vise bort elevar som gjentekne gonger bråkar og øydelegger for andre, meiner eg kvar enkelt lærar bør ha høve til å gjere.

- Regelrytteri

I det synspunktet får han støtte av stortingsrepresentant Inger Enger (Sp). Gausdølen Enger er utdanningspolitisk talskvinne for regjeringspartiet Sp på Stortinget, og ho meiner lærarar må ha høve til å vise bort elevar som bråkar eller kjem for seint.

- Lærarar må ha handlingsrom rundt yrket sitt, også når det gjeld å gje sanksjonar til elevar, seier ho til NRK.

Ho reagerer sterkt på vedtaket frå Utdanningsdirektoratet.

- Dei har lite forståing for korleis skulekvardagen er på den enkelte skule. Dette er regelrytteri.

- Ministeren må ta tak

Kunnskapsdepartementet har ikkje gjort noko med denne saka, men har bede Utdanningsdirektoratet ta hand om henne. Det er ikkje nok, meiner Enger, som oppmodar regjerings-partnarane i departementet til å ta grep.

- Eg meiner kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell (SV) må ta tak i saka. Vi må sjå om det er naudsynt med ei endring i Opplæringslova på dette punktet, slik at lærarar har høve til å gjere jobben sin på ein god måte.

Kva synest du om regelendringa?

AKTUELT NÅ