Hopp til innhold

Slik blir studiestart – kan bli undervisning utan einmetersregelen

Einmetersregelen kan vera borte frå undervisinga om me er komne til trinn fire i gjenopningsplanen til studiestart.

Velkomstsending første skoledag UiO

Frå opningsdagen på UiO i fjor.

Foto: Jarli&Jordan / UiO

Måndag denne veka sa regjeringa at trinn fire i gjenopningsplanen blir utsett.

Dei ser for seg at trinn fire kan koma i slutten av juli eller starten av august. Det kan vera gode nyheiter for studentane om det skjer.

Over heile Noreg førebur universitet og høgskular seg for studiestart, som altså kan bli utan einmetersregelen om gjenopninga tillèt det.

Ein god start på studiet

– Me ynskjer at studentane skal få ein så normal studiekvardag som mogeleg til hausten, seier statssekretær Aase Marthe Horrigmo i Kunnskapsdepartementet.

Det vil berre vera i undervisningssamanheng at einmeterskravet forsvinn. Regelen vil framleis gjelda elles på campus.

Aase Marthe Horrigmo

Statssekretær Aase Marthe Horrigmo ynskjer å gje studentane ein så god start på studieåret som mogeleg.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Horrigmo seier at dei også har oppfordra studiestadane til å inkludera dei som begynte på studiet i fjor i faddervekene.

– Me ynskjer at også dei skal inkluderast, og få moglegheita til å bli kjend med andre, noko dei kanskje gjekk glipp av i fjor, seier ho.

Dei har difor gitt 40 millionar kroner til studentsamskipnadane for at dei skal kunna leggja til rette for sosiale aktivitetar og tilbod til studentane ved studiestart.

Varierande kvalitet

– Me er veldig glade for at dei opnar opp for meir fysisk undervisning, seier Tuva Todnem Lund, leiar i Norsk studentorganisasjon.

Ho seier at mange studentar har opplevd det siste året som tøft og at den digitale undervisninga har hatt varierande kvalitet.

Nyvalgt leder av Norsk studentorganisasjon (NSO) Tuva Todnem Lund

Tuva Todnem Lund, leiar i Norsk studentorganisasjon, håpar det blir fysisk undervisning til hausten.

Foto: Ruben Rygh

– Ein god studiestart er svært viktig for studentane. Det er då ein får nye venner og blir kjend med studentbyen sin, seier ho.

Todnem Lund håpar alle høgskular og universitet er bevisste på ansvaret sitt, og at dei tilbyr så mykje fysisk undervisning som mogeleg når samfunnet no opnar meir opp.

Håpar dei kan møtast fysisk

Josefine Lundahl (21) har søkt på sosialt arbeid på OsloMet, og håpar ho kjem inn til hausten.

Josefine Lundahl.

Josefine Lundahl skal byrja å studera til hausten.

Foto: Ingrid Heier Jorstad / NRK

– Eg forventar at studiestadene legg til rett litt betre no når dei slepp meir opp med restriksjonane. At det blir litt meir ope for å gjera ting saman, seier ho.

Ho tykkjer det er viktig for det sosiale at dei kan få møtast fysisk.

– Det hjelper på motivasjonen, livsgleda og alt eigentleg, seier Lundahl.

Anna Skaugrud (23) og Mads Thommesen (23) har søkt på journalistikk og lærarstudiet til hausten.

Anna Skaugrud og Mads Thommesen.

Anna Skaugrud og Mads Thommesen ynskjer å kunna møta fysisk på studiestadene.

Foto: Privat

– Eg treng helst å vera på skulen for å føla for å jobba, seier Thommesen.

Skaugrud seier ho er litt stressa i samband med byrjinga av skuleåret.

– Så for min del håpar eg at det blir normalt fortast mogleg, seier ho.

Ulik studiestart

NRK har vore i kontakt med dei største høgskulane og universiteta i Noreg, og planane for studiestart varierer.

Slik planlegg dei studiestarten:

Universitetet i Agder

Fysisk undervisning:

  • Ynskjer å få til mest mogeleg fysisk undervisning, men startar med same tal studentar i klasseromma som i vår.
  • Har leigd eksterne lokale for å ha større plass og vil fortløpande vurdera kor mykje dei kan sleppa opp.

Digital undervisning:

  • Digital undervisning er planlagt i nokre emne og dei legg opp til ein del streaming.
  • Studentar med særskilde behov kan få tilrettelagt digital undervisning i emne som i utgangspunktet er fysiske.

Fadderveke/ sosiale arrangement for 2.-årsstudentar:

  • Digital oppstart av fadderveke, men alle nye studentar får fadder og faddergruppe.
  • Dei har inga sentral ordning for 2.-årsstudentane, men linjeforeiningane er i gang med å planleggja arrangement for dei.

Utveksling:

  • Tilbyr utveksling både i og utanfor Europa.

Høgskulen i Innlandet

Fysisk undervisning:

  • Planlegg for meir fysisk undervisning.
  • Dei vil prioritera studiar som er avhengige av fysisk deltaking for framdrift i studia.

Digital undervisning:

  • Dei har fleire studiar som er fleksible der dei kan tilby digital undervisning for dei som ynskjer

Fadderveke/ sosiale arrangement for 2.-årsstudentar:

  • Dei planlegg fysisk oppmøte til fadderveka.
  • Enkelte av arrangementa vil vera opne for 2.-årsstudentar, men det er framleis usikkert kor mange som kan delta ut ifrå smittesituasjonen.

Utveksling:

  • Dei tilbyr utveksling til Europa, men dei har valt å avlysa utveksling utanfor Europa til hausten.
  • Alle studentar som skulle på utveksling utanfor Europa har fått tilbod om å endra utvekslingsdestinasjonen sin så lenge det er mogeleg.

Universitetet i Oslo

Fysisk undervisning:

  • Førebur seg på mest mogeleg fysisk undervisning.

Digital undervisning:

  • Nokre emne og studie vil framleis ha digital undervisning til hausten.
  • Vil der det er mogleg laga digitale alternativ til studentar som treng tid på å komma seg til Oslo.

Fadderveke/ sosiale arrangement for 2.-årsstudentar:

  • Planlegg fysisk oppmøte til fadderveka
  • Dei vil òg leggja til rette for at 2.-årsstudentane får tilbod om aktivitetar.

Utveksling:

  • Tilbyr utveksling både i og utanfor Europa.

OsloMet

Fysisk undervisning:

  • Planlegg å gje studentane så mykje fysisk undervisning som mogeleg.

Digital undervisning:

  • Dei vil framleis ha noko digital undervisning ved studiestart.
  • Studentar kan få tilrettelegging om dei ynskjer digital undervisning

Fadderveke/ sosiale arrangement for 2.-årsstudentar:

  • Planlegg fysisk oppmøte til fadderveka.
  • Dei vil ha fleire arrangement og aktivitetar som vil vera opne for alle studentar, både nye og erfarne.

Utveksling:

  • Tilbyr utveksling både i og utanfor Europa.
  • Utveksling til Australia og New Zealand er avlyst grunna strenge innreiserestriksjonar.

Høgskulen på Vestlandet

Fysisk undervisning:

  • Planlegg aukande fysisk undervisning.

Digital undervisning:

  • Planlegg for ein lik situasjon som fjoråret med avstandskrav og noko digital undervisning.

Fadderveke/ sosiale arrangement for 2.-årsstudentar:

  • Det blir fysisk oppstart av fadderveka.
  • Det er ikkje planlagt eigne arrangement for 2.-årsstudentar.

Utveksling:

  • Tilbyr utveksling både i og utanfor Europa, men det er ikkje høve å reisa til land som Australia og New Zealand grunna korona.

Universitetet i Bergen

Fysisk undervisning:

  • Planlegg for mest mogeleg fysisk undervisning

Digital undervisning:

  • Om det ikkje er mogeleg med fysisk undervisning vil dei tilby digital eller hybridundervisning.

Fadderveke/sosiale arrangement for 2.-årsstudentar:

  • Planlegg for fysisk fadderveke i mindre grupper.
  • Dei ser på løysingar for at 2.-årsstudentar skal få ein betre start på studieåret i år enn dei gjorde i fjor.

Utveksling:

  • Dei tilbyr utveksling både i og utanfor Europa.

NTNU

Fysisk undervisning:

  • Planlegg for fysisk undervisning etter gjenopningsplanen.

Digital undervisning:

  • Nokre emne blir digitale.
  • Ein kan ikkje krevja å få digital undervisning i emne som berre blir undervist fysisk.

Fadderveke/ sosiale arrangement for 2.-årsstudentar:

  • Planlegg fysisk fadderveke. Om det blir nedstengingar i ein by, vil det gå som normalt i dei andre.
  • Alle studieprogram er blitt bedne om å leggja til rette for sosiale aktivitetar for 2.-årsstudentane.

Utveksling:

  • Tilbyr utveksling både i og utanfor Europa. Nokre utvekslingsdestinasjonar er endra grunna korona.

UiT Noregs arktiske universitet

Fysisk undervisning:

  • Planlegg for mest mogeleg fysisk undervisning.

Digital undervisning:

  • Dei følger timeplanen som er planlagt for 2021, og vil ha noko digital undervisning.
  • Det vil også vera mogeleg å følgja undervisninga i oppsett undervisningsrom (hybrid undervisning).
  • Studentar som av ulike grunnar ynskjer digital undervisning vil få tilbod om dette.

Fadderveke/ sosiale arrangement for 2.-årsstudentar:

  • Det er planlagt for fysisk fadderveke.
  • Dei skal òg forsøka å inkludera 2.-årsstudentar i fadderveka.

Utveksling:

  • Dei tilbyr utveksling både i og utanfor Europa.

AKTUELT NÅ