NRK Meny
Normal

Kor lenge må han vente?

Joseph Rwanfizi (35) frå Kongo har fått asyl i Noreg. Men det er mangel på bustader i kommunane. Kor lenge må han vente på ein stad å bu?

Joseph Rwanfizi

Joseph Rwanfizi.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Joseph lever på knappe 15 kvadratmeter på asylmottaket i Vestby. Ikkje åleine. Ein mann frå Nigeria og ein afghanar bur også på rommet.

- Privatliv er viktig, innrømmer Joseph, som ser fram til å få eiga leilegheit. Han har vore på asylmottaket i to år. Og det kan fortsatt bli lenge å vente.

Bustadmangel

Norske kommunar har nemleg problem med å finne eigna husvære. Neste år vil det bli behov for å busetje fleire flyktningar. Fleire asylsøkarar har kome til landet i år, og fleire får opphald.

Men i ei undersøking NRK har sendt ut til ordførarane, kjem det fram at berre 10 prosent er sikre på at dei kan ta imot så mange i kommunane som staten ber dei om neste år.

- Det er eit misforhold mellom ønsket og det vi klarer å få til, seier Tom Bjurholt som er ansvarleg for flyktningar i Bamble kommune.

Telemarkskommunen har busett 35 flyktningar årleg i det siste, neste år har staten bede dei ta imot 40. Det står ikkje på viljen, men det kan likevel bli vanskeleg.

- For oss er årsaka at vi ikkje får tak i flyktningar som vi har aktuell bustad til. Vi har mange einebustader i kommunen, og har dermed ledige bustader til flyktning-familiar, men dei er det få av.

Vil vente

Dei fleste som treng ein plass å bu er nemleg unge einslege menn som Joseph. Han har søkt om bustad i Ås, Ski og Oppegård kommunar.

Andre på mottaket har venta på bustad meir enn eit halvt år etter at dei har fått opphald. Kor lenge det blir å vente for Joseph, anar han ikkje.

- Eg vil vente. Når ein forstår at ein ikkje har noko anna val, er det berre å vente, seier Rwanfizi til NRK.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger