Kallmyr og Huitfeldt i sosialisme-klinsj: – Du har lyst til å misforstå

Anniken Huitfeldt (Ap) kallar det utidig at Jøran Kallmyr (Frp) snakka om «fridom mot sosialisme» under ein tale på frigjeringsdagen. Han avviser at det var meint som eit angrep på Arbeidarpartiet og SV.

Debatt mellom Jøran Kallmyr og Anniken Whitfeldt i Dagsnytt 18. Tema: Kallmyrs tale til veteranane 8. mai.

Debatt mellom Jøran Kallmyr og Anniken Huitfeldt i Dagsnytt 18. Tema: Kallmyrs tale til veteranane 8. mai.

Det var i ein tale for norske veteranar på Jørstadmoen utanfor Lillehammer at justisminister Jøran Kallmyr (Frp) snakka om den kalde krigen. I talen sa han blant anna at det gjekk føre seg ein ideologisk kamp der vestleg fridom stod imot sosialisme og kommunisme.

Leiar i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, Anniken Huitfeldt (Ap), reagerer sterkt på at Kallmyr snakkar om ein kamp mellom fridom og sosialisme.

I Dagsnytt 18 i kveld skulda ho Kallmyr for å bevisst å ha brukt dette uttrykket for å sverte Arbeidarpartiet og andre parti som kan reknast som sosialistiske.

– Ut av samanhengen

Ho ser på talen til Kallmyr som ei vidareføring av det Frp-leiar Siv Jensen starta seint på kvelden under landsmøtet sist helg, då ho i ein takketale under landsmøtemiddagen sa at dei skulle «brette opp ermene og knuse dei jævla sosialistane». Sjå video frå landsmøte-talen her:

Jøran Kallmyr avvisar dette bestemd.

– Det har blitt veldig norsk å ta ut enkeltsetningar frå samanhengen for å skape ein polariserande debatt. Eg snakka om motsetningane mellom dei frie vestlege ideane og dei kommunistiske og sosialistiske ideane til Sovjetunionen. Eg burde kanskje ha presisert i talen at det var Sovjetunionen sine idear eg snakka om, sa Kallmyr blant anna.

Huitfeldt på si side meinte at Kallmyr burde ha brukt heilt andre ord på ein dag som 8. mai, ord som kan vere samlande. Ho minte om at fleire land som rekna seg som sosialistiske, var med på å etablere forsvarsalliansen Nato i 1948.

– Då blir det feil å slå sosialisme og kommunisme i hartkorn i ein tale på fridomsdagen, der mange både kommunistar og sosialistar også skal heidrast for innsatsen sin, sa Anniken Huitfeldt.

– Snakka om Sovjetunionen

Jøran Kallmyr presiserte at han snakka om Sovjetunionen, og viser til at han i den 12 minutt lange talen kom inn på blant anna krigssiglarane sin innsats og bøkene Jon Michelet skreiv om nettopp denne gruppa.

– Eg snakka om Sovjetunionen og ikkje SV eller andre parti i Noreg. Dessverre har lysta til i misforstå blitt ein del av politikken, og det er ei trist samfunnsutvikling, sa justisministeren i debatten.

SISTE NYTT

Siste meldinger