Justisministeren vil granske inkassobransjen

Gebyra for å drive inkasso må ned, meiner justisminister. Han varslar ein full gjennomgang av inkassobransjen.

Justisminister Tor Mikkel Wara

Justisminister Tor Mikkel Wara vil granske inkassobransjen.

Foto: NRK

– Vi er bekyrma for utviklinga, seier justisminister Tor Mikkel Wara (Frp).

Torsdag fortalde NRK om Monica S. Andresen som var litt treig med å betale for ei bompengepassering.

Då ho endeleg betalte, var eit rentekrav på 22 øre på veg i posten, pluss inkassokrav og gebyr på tilsaman over 4000 kroner.

– Generelt synest eg det høyrast alt for høgt ut, seier Wara.

Justisministeren varsla torsdag ei full gransking av inkassobransjen, både når det gjeld storleiken på gebyra og den hyppige bruken av namsfodgen for å få gjennom små pengekrav.

Statsråden meiner at bransjen er blitt så automatisert at mykje tyder på at gebyra må ned.

– Det første du gjer er ikkje å gå rett til namnsmannen med ei sak, men å bli samd med skuldnaren i å betale tilbake, understrekar Wara.

– Kan gå ut over rettskjensla

Også Namsfogden i Oslo er oppgitt over slike småkrav, som dei meiner går ut over særleg låginntektsfamiliar.

– Det er rekningar som skal bli dekka og aktivitetar barna ikkje får gått på fordi mamma var litt sløv med ei rekning eller pappa var litt sløv med ein parkeringsbot, seier namsfogd Alexander Dey.

Namsfogd Alexander Dey

Namsfogd Alexander Dey meiner gebyra for småkrav bør bli lågare.

Foto: NRK

Han meiner småkrav kan gå ut over rettskjensla til folk.

– Eg er oppteken av at folk skal betale både små og store rekningar, men det blir absurd når eit krav kan vekse med 21.000 prosent på få månader. Dette blir berre drygt, seier Dey.

Håper på meir fornuftige satsar

Namdsfogden understrekar at folk må skjøne at det er frykteleg dyrt ikkje å betale smårekningar.

– Men her må ein gå inn og sjå på kva inkassobyrå tener på dette.

Det er namsfogden som har maktmiddel til å drive inn inkassokrav. Inkassobyrå kan berre overtale folk til å betale for seg. Og det å betale for seg før det kjem til namsfogden er veldig lurt, påpeikar Dey.

– Eg vonar det blir meir fornuftige satsar for småkrav og at det ikkje blir ein business i seg sjølv å kreve inn slike krav, seier Dey.

SISTE NYTT

Siste meldinger