NRK Meny
Normal

Jusprofessor: – Det måtte bli ein streng dom

– Dette er ein av dei første dommane for deltaking i ein terrororganisasjon, og den strengaste straffa hittil. Men det måtte bli ein streng dom ut frå det retten har funne bevist, seier jusprofessor Erling Husabø.

Ubaydullah Hussain i retten i juli

Ubayullah Hussein saman med forsvarar John Christian Elden i retten i juli i fjor.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

4. april dømde Oslo tingrett Ubaydullah Hussain (31) til ni års fengsel for å vere medlem i terrororganisasjonen IS og for terrorrekruttering. Også ein 20-åring vart dømd til fengsel i to år og ti månader for å ha prøvd å bli medlem i IS.

Erling Husabø, jusprofessor ved Universitetet i Bergen, karakteriserer dommen mot Ubaydullah Hussain som streng, men at omfanget av det straffbare i denne saka måtte medføre ein streng dom.

Tre ulike brotsverk

Erling Johannes Husabø

Erling Johannes Husabø er jusprofessor med terrorisme og strafferett som felt.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

– Det er eitt spørsmål som kan vere gjenstand for vidare diskusjon om saka blir anka, nemleg at han er dømd for tre ulike brotsverk mot same paragrafen. Han er dømd for å vere medlem i ein terrororganisasjon, for å yte materiell støtte og for å rekruttere medlemer til ein terrororganisasjon. Men dette er teknisk jus som ikkje vil få store konsekvensar for straffeutmålinga, seier han.

Husabø trur at dersom det i ei eventuell ankebehandling blir vurdert til at Hussain kan berre dømmast for eitt brotsverk mot same paragrafen, så kan straffa verte litt lågare.

– Men det må også sjåast i samanheng med at han også er dømd for fleire andre forhold, slik som å prøve å påverke rettsprosessen ved å true vitne. Så det vil truleg ikkje få dramatiske utslag for straffeutmålinga, seier jusprofessoren.

Statsadvokaten: – Hussains troverdighet er svekket i retten

Ber om ti års fengsel for Ubaydullah Hussain

– Svært streng dom

Han ser ikkje på dommen som juridisk kontroversiell. Husabø viser til ein tidlegare dom i ei sak som gjaldt IS. Her sette Høgsterett straffa for eit mindre omfattande terror-engasjement til fengsel i fire og eit halvt års fengsel. Det er også vist til denne avgjerda i dommen mot Ubaydullah Hussain.

Ekstremismeforskar Lars Gule fylgde heile straffesaka mot Ubaydullah Hussain. Han meiner dommen er svært streng. Han seier at han ikkje har lese heile dommen, men at han likevel deler forsvarar John Christian Elden si oppfatning av at retten har lagt terskelen for å slå fast at nokon er IS-medlem, for lågt.

- I krig med islam

Forsker og forfatter Lars Gule

Ekstremismeforskaren Lars Gule fryktar at dommen kan gjere det vanskelegare med førebygging og rehabilitering av radikale islamistar.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Gule fryktar at ein så streng dom kan stadfeste dei ekstreme islamistane si ekstreme oppfatning av verda, uavhengig av kven som er dømd.

– Då vil dei få stadfesta at PST forfølgjer islamistar, og at det norske samfunnet, ifølgje deira tolking, er imot islam. At Vesten er i krig mot islam og muslimar, seier Gule. Og han held fram:

– I lys av det som skjer i Syria og Irak, der IS er på defensiven, og vi må rekne med at fleire framandkrigarar, blant dei kvinner med born, kjem tilbake til Noreg. Då er det viktig at det norske samfunnet legg til rette for reintegrering, rehabilitering og resosialisering.

Gule peikar likevel på at dette omsynet ikkje skal vere avgjerande for korleis domstolen handterer desse spørsmåla.

– For samfunnet er det likevel verd å sjå på dei samla konsekvensane av strenge fengselsdommar i desse tilfella, avsluttar han.

Forsvararen til Ubaydullah Hussain, John Christian Elden, har sagt at dei kan kome til å anke dommen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger