Hopp til innhold

Jurist: Kravet om sterilisering for å endre juridisk kjønn kan ikkje forsvarast

Staten har ikkje hatt rett til å krevje at personar som ønskte å endre juridisk kjønn skulle fjerne reproduktive organ, seier jurist Anniken Sørlie. Praksisen varte i fleire tiår utan heimel i lov.

Anniken Sørlie

KRITISK: Jurist Anniken Sørlie meiner staten må ta ansvar for å ha krevd at transpersonar skal sterilisere seg, utan heimel i lov.

Foto: Høgskulen i Østfold

– Vilkåret om fjerning av reproduktive organ fulgte verken av forskrift eller lov, men av forvaltningspraksis. På grunn av alvoret i vilkåret burde det hatt heimel i lov, seier Anniken Sørlie. Ho er jurist og førsteamanuensis ved Høgskolen i Østfold.

Ho har kompetanse innan likestillings- og diskrimineringsrett og LHBTI-personar sine rettar.

Tidlegare har NRK skrive om personar som krev erstatting frå staten etter å ha blitt sterilisert mot si vilje.

Fram til 2016 krevde staten fjerning av livmor, eggstokkar og livmorhals for transmenn, og testiklar for transkvinner, for at ein kunne endre juridisk kjønn.

Ifølgje Sørlie burde ein stille spørsmål om staten, på dei om lag seksti åra dette var praksis, hadde tilstrekkeleg rettsleg grunnlag til å krevje dette.

Vilkåret om fjerning av reproduktive organ har aldri fulgt av lov. Høvet til å endre juridisk kjønn har gått fram av forskrift om folkeregistrering. I forskriften er det berre nevnt ved ei setning:

«Fødselsnummeret kan endres når fødselsdato eller kjønnsstatus endres.»

– Kva det vil seie å endre kjønnsstatus var derimot ikkje klargjort nokon stad, seier Sørlie.

Ho meiner dette er svært rettsleg problematisk, og at praksisen derfor ikkje kan forsvarast.

– Eit svik frå staten

Aleksander Sørlie, PKI

SVIK: Aleksander Sørlie, nestleiar i PKI, meiner staten har svikta transpersonar og deira rettar.

Foto: Privat

Før 2016 skifta rundt 500 personar juridisk kjønn i Noreg. Mange av desse var fornøgd med behandlinga dei fekk i helsevesenet, og ville gjennomføre steriliseringa.

Samtidig var det fleire som følte seg pressa til det, fordi alternativet, å leve med feil juridisk kjønn, ikkje var mogleg.

– Andre har levd med grov diskriminering og vald i fleire tiår fordi dei ikkje kastrerte seg, seier Aleksander Sørlie, styremedlem i Pasientorganisasjonen for kjønnsinkongruens

– Staten sviktar transpersonar grovt, også i dag. Det er vanskeleg å seie kor vondt det er at den norske stat framleis ikkje ønsker å unnskylde for smerta ein har påført medlemmane våre, held han fram.

Krev kompensasjon

Likestillings- og diskrimineringsombodet er einig i at praksisen ikkje var rettsleg forsvarleg.

I 2014 kom dei fram til at praksisen var diskriminerande, ut i frå forbodet mot diskriminering på grunn av kjønnsidentitet.

Hanne Inger Bjurstrøm

KREV ERSTATTING: Likestillings- og distrimineringsombodet, Hanne Bjurstrøm, meiner staten må ta ansvar for måten ein har behandla transpersonar på.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Det var alvorleg at ein så inngripande praksis ikkje hadde heimel i lov, og det at Helse- og omsorgsdepartementet ikkje kunne grunngje praksisen uroa oss, seier Hanne Bjurstrøm.

Dei har bedt styresmaktene om å innføre ein særskild økonomisk kompensasjonsordning for personane som blei ramma av praksisen, uavhengig om staten har eit rettsleg erstatningsansvar.

– Dette vil vere ei erkjenning av at Noreg i mange år hadde ein praksis som førte til at mange mista retten til å leve fullverdige liv og til å stifte familie, seier Bjurstrøm.

Forstår problemstillinga

Vi har framstilt påstandane om mangelen på rettsleg grunnlag til Helse- og Omsorgsdepartementet.

Dei viser til kommentaren dei gav i den forrige saken NRK hadde om dette, der statssekretær Inger Klippen svarte oss på epost.

«Jeg har forståelse for at dette er en vanskelig situasjon for dem det gjelder. Regjeringen arbeider for å styrke rettighetene til LHBTIQ-personer. Når det gjelder spørsmålet om en egen erstatningsordning for denne gruppen mener vi det er naturlig at domstolen og rettsapparatet først avgjør de konkrete erstatningssakene som nå går for retten.»

AKTUELT NÅ