Hopp til innhold

Joshua French er ute av sjukehus

Joshua French er skriven ut av sjukehus, tre og ein halv månad etter at han blei sett fri frå fengsel i Kongo.

Joshua French sammen med Kari Hilde French under domsavsigelsen

Joshua French sat fengsla i åtte år i Kongo, dømt for drap. I mai blei han sett fri, og sendt til Norge.

Foto: Marit Kolberg / NRK

Etter åtte år i fengsel i Kongo, blei Joshua French sett fri i mai. Han reiste straks til Norge, og

Joshua French ute av sjukehus

Det første biletet av Joshua French etter at han blei skriven ut av sjukehus for tre veker sidan.

Foto: Marie Kvamme-Madsen

blei lagt inn på sjukehus. INo er han skriven ut, skriv søstera Hannah på nettsida Free Joshua French.

– Joshua French blei utskriven for drygt tre veker sidan, og det er ingen tegn til at han skal tilbake til sjukehus, seier advokaten til French, Marius Graasvold til NRK.

French har vore til behandling på sjukehus sidan han kom heim frå Kongo 17. mai i år.

– Han har nok å fylle dagane med, og no skal han prøve å få etabert eit normalt liv heime igjen, seier Graasvold.

Dømt i Kongo

Joshua French blei arrestert saman med kameraten Tjostolv Moland i 2009 etter at sjåføren deira blei funnen drepen. Året etter blei dei dømt til døden for mellom anna spionasje, drapsforsøk og væpna ran. Moland og French anka ikkje dommen fordi dei håpte på ei rask overføring til Norge.

I 2013 blei Moland funnen død på cella han delte med Moland i Kinshasa. Eit etterforskingsteam frå Kripos var med å hjelpe til i etterforskinga og obduksjonen av Moland. Etter kvart blei det klart at det ikkje låg noko kriminelt bak dødsfallet. Likevel blei French dømd til livstid for drap.

17. mai stadfesta regjeringa at French var overført til Norge, og sa at overføringa blei gjort på humanitært grunnlag.

AKTUELT NÅ