Hopp til innhold

Staten ønsker å auke norsk frukt- og grøntproduksjon

Staten ønsker å auke den norske produksjonen av korn, frukt og grønt, og gjere Noreg meir sjølvforsynt. Det er klart etter at landbruksorganisasjonane og staten har blitt einige om eit nytt jordbruksoppgjer.

leder Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag (foran) og leder Kjersti Hoff i Norsk Bonde- og Småbrukarlag på pressekonferanse for det forenklede jordbruksoppgjøret.

EINIGE: Leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag (t.v.) og leiar Kjersti Hoff i Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner dei forenkla jordbruksforhandlingane dei har hatt med staten, var viktige for å gi føreseielegheit for både bønder og forbrukarar i koronakrisa.

Foto: Ole Berg-Rusten

Forhandlingane mellom bondeorganisasjonane og staten starta søndag. Fristen for å bli einige var torsdag, men allereie torsdag morgon hadde partane kome fram til ein avtale.

Det har vore forenkla forhandlingar. Det vil blant anna seie at det ikkje har vore lagt fram krav og tilbod slik det har vore vanleg, og at dei berre har forhandla om ordningar som allereie finst.

– Partane er einige om ein avtale for å gi bøndene større føreseielegheit for bøndene og matproduksjonen, seier landbruks. og matminister Olaug Bollestad (KrF).

Landbruks- og matminster Olaug Bollestad (KrF)

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) sa på pressekonferansen at dei i avtalen hadde prioritert å gjere Noreg meir sjølvforsynte med korn, frukt og grønt og poteter, samtidig som dei ønskte å styrke klimaarbeidet.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Ho sa at landbruksnæringa er relativt lite ramma økonomisk av pandemien, men matproduksjon er ein samfunnskritisk funksjon, og det var difor viktig å få i hamn ein avtale no, sa ho.

– Avtalen prioriterer område som kornproduksjon, frukt og grønt, samtidig som han styrkar klima- og miljøarbeidet, sa Bollestad på pressekonferansen.

Grunnen til at område som korn og frukt og grønt og poteter er prioritert, er for å betre økonomien og auke sjølvforsyningsgraden. som er lågare på desse områda enn i kjøtproduksjonen.

Den nye avtalen gjeld frå 1. juli, og då blir også matvareprisane justerte.

Meir opptekne av norsk mat

Krisa har også gjort at norsk matvareproduksjon har fått stor merksemd dei siste vekene. Og det er leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag glad for.

– Det er stadig fleire som ser verdien av norsk landbruk og behovet for den norske bonden. Med det bakteppet var det viktig for oss å få gjennomført desse forhandlingane denne våren, og ikkje vente til hausten, sa han på pressekonferansen.

I og med at det berre har vore justeringar på eksisterande ordningar som har vore på bordet i dei forenkla jordbruksforhandlingane i år, har dei måtte usette fleire punkt til seinare forhandlingar.

– Landbruket ligg bak andre næringar i inntektsutvikling, men dette oppgjeret var ikkje tida for lønnskamp. Det kjem vi tilbake til i dei ordinære forhandlingane i 2021, sa Bartnes.

Men samtidig som det har vore auka etterspurnad etter norsk mat i butikkane, har stengde hotell og restaurantar ført til vanskar for landbruksnæringa.

– Det har påført verdikjeda vår, industri og produsentar, store utfordringar.

Også Norsk Bonde- og Småbrukarlag er fornøgde med å få i hamn ein avtale no. For dei var det viktig at avtalen ser framover, sa leiar Kjersti Hoff.

– Norsk Bonde- og Småbrukarlag har i lang tid jobba for auke norskdelen i fôret og styrke utmarksbeiting. Vi har i denne avtalen blitt einige om å sette i gang arbeid med nettopp dette, som skal vere ferdig til neste års forhandlingar.

Hoff meiner også at avtalen viser at det er behov for fleire bønder.

– Vi må sjå på korleis vi kan bruke heile landet, og fordele produksjonen betre. Vi må faktisk bli fleire bønder. Og det må vere lønsamt å vere bonde, slik at fleire prioriterer å bli det.

Glad for at poteta blir prioritert

Korn- og potetbonde Ivar Skramstad i Vang på Hedmarken er fornøgd med at det blei ein ny avtale, trass i krisa som har ramma landet.

– Eg er glad for at dei fekk forhandla fram ein avtale, og ikkje berre vidareførte den gamle avtalen. Men no må vi sjå kva detaljar som ligg i avtalen, men signala er positive, seier han til NRK.

Han er særleg glad for at partane seier dei vil prioritere korn, frukt og grønt og poteter.

– Når ein snakkar om frukt og grønt, blir ofte poteta halden utanfor.

Ivar Skramstad

Bonden Ivar Skramstad er glad for at staten vil satse på korn og poteter i det nye, forenkla landbruksoppgjeret.

Foto: Frode Meskau / NRK

Norsk landbruk er svært avhengig av vêret, og Skramstad er difor glad for at det blei ein avtale etter at næringa er ramma av ei krise for tredje året på rad.

– I fjor regna vi bort, året før tørka vi bort. Og i år er koronasituasjonen kritisk for mange bønder, særleg dei frukt- og grønt-bøndene som er avhengige av arbeidskraft.

Auka utgifter

Koronapandemien gir landbruket fleire utfordringar. For å få tak i arbeidskraft til bønder som er avhengige av det, har staten sett inn tiltak som skal gjere det lettare å rekruttere.

Likevel er det mange bønder som har valt å redusere produksjonen fordi dei har er usikre på om dei får sesongarbeidarar, medan andre har klart å gjennomføre såing fordi dei har fått tak i den arbeidskrafta dei treng.

– Det har oppstått ei usikkerheit rundt dette. Det har også ført til ekstraordinære utgifter for grøntprodusentane, som gjer at dei er frustrerte i denne situasjonen, seier Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag til NRK.

Traktor harver åker

Norske bønder er godt i gang med å gjere seg klare til vekstsesongen, etter at koronapandemien gjorde det usikkert om mange bønder kunne få nok arbeidskraft til onnene.

Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix

Krisa og kronekursen også gjeve bonden auka utgifter. Både teknisk utstyr og kunstgjødsel har på kort tid blitt dyrare.

– Vi ser at prisen på teknisk utstyr har auka med 20–30 prosent sidan midten av mars. Og eg reknar med at gjødselprisane vil gå opp tilsvarande. Då burde kanskje kornprisane også opp minst 20 prosent, men det ser eg på som utopi, seier Skramstad.

Men ein kompensasjon for meirutgifter knytt til koronakrisa har ikkje vore eit tema i dei forhandlingane som no er avslutta.

– Vi veit at grøntnæringa vil slite med dei auka kostnadane, og det må vi jobbe vidare med, seier Bartnes.

AKTUELT NÅ