Krigen i Gaza mellom Hamas og Israel har vart i over ein månad. Ifølge palestinske helsestyresmakter er nesten 11.000 palestinarar drepne i kampane. Over 4000 av desse skal vere barn.
Det israelske forsvaret gjekk inn på Gazastripa etter at Hamas 7. oktober gjennomførte eit terrorangrep mot Israel som tok livet av 1400 personar.
I eit intervju med NRK seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at han synest det er vanskeleg å sjå at kampane vi ser no kan føre fram til ei varig løysing i Midtausten.
– Dei barna som ikkje blir drepne, men overlever i det helvetet som er i Gaza no, vil ikkje vere forsonleg innstilte til framtida. Det er difor eg meiner den politiske horisonten for kva denne militæroperasjonen skal vere, er nedslåande, og blir verre for kvar dag som går.
Rett til å forsvare seg
Støre er forferda over bileta som kjem frå Gaza som viser kva lidingar og øydeleggingar bombinga har ført med seg.
– Det er enorme øydeleggingar med tapte menneskeliv og mange såra. Det betyr at lidingane vil halde fram framover. I tillegg gjer blokaden at dei ikkje får tilgang på medisinar, mat og vatn. Vi meiner dette er brot på krigens folkerett.
– Har palestinarane rett til å forsvare seg?
– Ja, heilt openbert. Palestinarane har motsett okkupasjon gjennom mange år. Det er 30 år sidan Oslo-avtalen fekk tankane over frå valdeleg kamp over på samarbeid som skulle gi ei tostatsløysing. På palestinsk side er det frustrasjon og resignasjon over det ser ut til å bli mindre og mindre mogeleg.
– Kva er den rette måten for palestinarane å forsvare seg på?
– Det skal eg vere forsiktig med å gå inn på, men det er naivt tru at ein ikkje blir møtt med motstand når ein rykker inn med stridsvogner. Så vil eg også seie at Hamas kynisk bruker sivile som skjold. Det er også eit brot på krigens folkerett.
Skulda for doble standardar
Då Russland invaderte Ukraina i februar i fjor, var vestlege land raskt ute og fordømde. I tillegg blei det innført økonomiske sanksjonar mot Russland og russiske statsborgarar. Men Vesten har ikkje gått like langt overfor Israel i denne konflikten.
– Mange i den muslimske verda meiner Vesten opererer med doble standardar, og spør om palestinske liv ikkje er like mykje verdt som ukrainske?
– Eg forstår spørsmålet blir reist. Men vi er opptekne av å vere tydelege på det som skjer. Vi fordømmer brot på folkeretten. Og så er det ulike konfliktar. Men vi søker mot at vi ikkje skal operere med doble standardar.
– Er du redd for å kritisere Israel?
– Eg er oppteken av å snakke sant og tydeleg. Vi har eit langvarig forhold til Israel. Eg snakkar direkte med israelske leiarar. Eg trur ikkje det etterlatne inntrykket har vore at Noreg er redde for å seie ifrå.
– Har du vore like klar overfor Israel som vi var overfor Russland?
– Det er to ulike situasjonar. Eg meiner vi har vore klare overfor Israel. Utgangspunktet her er at Israel blei utsette for eit terrorangrep. Då har vi vore klare på at dei skal kunne forsvare seg sjølve. Eg har aldri sagt at Russland har hatt rett til å gå inn i Ukraina. det er samansett på ulikt vis. Men når det gjeld sivile og den kostnaden dei tek, meiner eg vi er tydelege og klare i begge tilfelle.
– Okkupasjonen er ein tragedie
Sjølv om det var eit terrorangrep som utløyste krigen i Gaza, er det Israels okkupasjon av palestinske område som har gjort at denne striden har gått føre seg i mange tiår.
– Ifølge FN er det Israels okkupasjon og ikkje Hamas angrep som er kimen til konflikten. Er du einig i det?
– Okkupasjonen er ein djup tragedie, både fordi han ikkje gir Israel tryggleik på sikt, og fordi han har fordrive palestinarar.
– Korleis kan vi få slutt på okkupasjonen?
– Ei tostatsløysing.
– Er det realistisk?
– Ho er ekstremt utsett. Men det er ikkje min rett å seie at vi avlivar krava til palestinarane og deira rett på eigen stat. Eg skal vere den første til å innrømme at det vil ta tid før vi kan få ein palestinsk stat som kan fungere. Det må Israel ta eit stort ansvar for. Men også splittingar på palestinsk side mellom Hamas og andre grupperingar.
– Men er det ikkje naivt å framleis tru på ei tostatsløysing?
– Det er naivt å tru at ho kan kome rundt neste sving. Met etter det forferdelege som skjer i Gaza no, kjem det ein dag etter. Då er vi opptekne av at tostatsløysinga må komme på bordet igjen. Det må vi jobbe for om vi skal ha håp om noko som kan minne om ei fredeleg utvikling.