Hopp til innhold

Jonas Gahr Støre meiner koronatiltaka rammar skeivt

Smitteverntiltaka rammar skeivt og urettferdig, sa Jonas Gahr Støre (Ap) då statsministeren gjorde greie for koronasituasjonen i Stortinget måndag.

Jonas Gahr Støre og Siv Jensen

Opposisjonen på Stortinget er ikkje nøgde med alle smitteverntiltaka og ordningane regjeringa har sett i verk. Partia skal difor møtast for å sjå kva ekstra tiltak dei kan bli samde om. Her er Jonas Gahr Støre (Ap) i samtale med Siv Jensen (Frp) på Stortinget.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Regjeringa vidarefører dei fleste nasjonale tiltaka for å hindre spreiing av covid-19, men mjuknar opp på enkelte område, som blant anna skal gi barn ein meir normal kvardag igjen.

– Målet er blant anna å gjere livet for barn og unge litt meir føreseieleg. Vi har valt å prioritere barn og unge. det har vore ei av våre viktigaste prioriteringar under heile pandemien, sa statsminister Erna Solberg (H) då ho gjorde greie for koronasituasjonen i Noreg for Stortinget måndag.

Solberg og Høie redegjør for koronahåndteringen i Stortinget

Statsminister Erna Solberg (H) gjorde greie for koronasituasjonen i Noreg for Stortinget måndag.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Samtidig sa ho at regjeringa ville forsterke omstillingsordninga for reiselivet, forlenge permitteringsreglane fram mot sommaren, og sjå på moglege økonomiske tiltak for studentar med tapt inntekt.

Fryktar konkursras

Men opposisjonen er ikkje nøgde med framdrifta til regjeringa. Jonas Gahr Støre (Ap) meiner dei gjer for lite for seint. Og viste til at tiltaka som har vore sette inn i krisa har ramma skeivt og urettferdig.

– Eg synest ikkje tiltaka står i samsvar til kor strengt det er. Vi vil jobbe her i Stortinget for tiltak som sikrar dei som er ledige eller permitterte, og for tiltak som gjer at sårbare barn og dei som er spesielt utsette skal få hjelp og oppfølging i kommunane.

Solberg sa også i Stortinget i dag at det har vore få konkursar i Noreg, trass i krisa. Ho meinte det viste at tiltaka hadde treft næringslivet godt. Det er Støre ikkje samd i.

– Grunnen til at det er færre konkursar i 2020 er at ein har utsett betalinga av skattar og avgifter. Dei skal betalast, og difor seier arbeidslivsorganisasjonane at vi kan vente oss eit konkursras.

Møte i opposisjonen

Opposisjonspartia på Stortinget har samarbeidd for å finne kva tiltak og ordningar dei er samde om, og som kan plussast på dei tiltaka som regjeringa vil gjennomføre.

Partia skal møtast i måndag ettermiddag. Audun Lysbakken (SV) meiner innlegget til statsministeren på Stortinget i dag viser at det er behov for eit slikt samarbeid.

– Vi må forlenge permitteringsordninga for å gjere folk trygge, og ho må forlengast så lenge krisa krev det. Utgreiinga viser at statsministeren ikkje har meir å kome med. Difor bil SV kome med forslag om påplussingar, anten aleine eller saman med andre parti.

Sosialistisk Venstreparti med alternativt budsjett 2021

Audun Lysbakken (SV) ønsker å forlenge permitteringsperioden for arbeidstakarar. Samtidig vil han stille krav til selskapa som no får stønad under krisa om at dei skal permittere tilsette i staden for å seie dei opp.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Opposisjonen er langt frå samstemte i alt, men Siv Jensen (Frp) seier dei er klare til å støtte alle forslag, som forlenging av permitteringsordninga, som partiet er for.

– Vi kjem til å stemme for alle saker vi er for, men mot det som vi er i mot, seier ho til NRK.

Han seier dei vil jobbe saman med opposisjonen for å skape føreseielege ordningar for folk så lenge krisa står på, og skal ha møte med dei andre partia måndag ettermiddag og kveld.

AKTUELT NÅ