Hopp til innhold

John-Ragnar Aarset beklagar at han ikkje informerte Erna Solberg

Generalsekretær i Høgre, John-Ragnar Aarset, tek sjølvkritikk på at han ikkje informerte partileiar Erna Solberg tidlegare om varsla mot tidlegare leiar i Unge Høgre, Kristian Tonning Riise.

Høyres generalsekretær John-Ragnar Aarset

Generalsekretær John-Ragnar Aarset i Høgre vedgår at han burde ha informert partileiar Erna Solberg om samtalane han hadde med tidlegare Unge Høgre-leiar Kristian Tonning Risse på eit tidlegare tidspunkt.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Då Kristian Tonning Riise trekte seg som leiar for Unge Høgre onsdag i førre veke, hadde generalsekretær i Høgre, John-Ragnar Aarset, vore inne i saka i to månader. Unge Høgre hadde kopla på moderpartiet, etter at dei hadde fått fleire meldingar om oppførselen til Riise.

Men partileiar Erna Solberg blei først informert om saka same dag som Riise trekte seg frå leiarvervet. Det beklagar Aarset. I ein e-post til NRK skriv han at han tek sjølvkritikk.

«Eg erkjenner at partileiar Erna Solberg skulle vore informert om den uakseptable oppførselen til Tonning Riise, etter at Maria Barstad Sanner tok dette opp med meg første gong i november 2017, etter at eg blei involvert i samtalar med Tonning Riise i desember, og inntil eg kom til at han måtte gå av onsdag sist veke.»

Ville sagt det annleis

Solberg var onsdag kritisk til at ho ikkje blei informert om uroa knytt til den tidlegare Unge Høgre-leiaren tidlegare. Ho sa blant anna at ho ville ha ordlagt seg annleis om ho hadde kjent til omfanget tidlegare.

– Eg visste ikkje om denne saka før den onsdagen han trekte seg. Eg har gjeve beskjed om at eg ikkje synest det er tilfredsstillande. Som leiar burde eg ha vore informert om det føregjekk slike samtalar, sa Solberg.

Erna Solberg

Erna Solberg er kritisk til at ho ikkje blei informert tidlegare om Kristian Tonning Riise-saka, trass i at generalsekretæren hadde oppmoda han til å trekke seg.

Då ho kommenterte avgangen første gong, sa ho det var «ei lei sak for Kristian og Høgre».

– Eg har sagt ting eg skulle ønske var usagt om kven denne saka var mest lei for.

Fleire varsel etter avgangen

Etter at Kristian Tonning Riise gjekk av som leiar i ungdomspartiet sist veke, kom det fram fleire meldingar og varsel om oppførselen til Riise overfor unge kvinner.

Sakene skal ifølge generalsekretær John Ragnar Aarset ha dreidd seg om «upassande oppførsel, for mykje alkohol, pågåande og upassande flørting og relasjonar til jenter der alder og maktforhold var skeivt».

– Vi har teke imot 15 varsel, der ti gjeld Risse, sa Aarset.

Erna Solberg meiner oppførselen til Riise ikkje er akseptabel.

– Som leiar er eg oppteken av å følgje opp arbeidet for å sikre naudsynt kulturendring i partiet. Det er mitt ansvar at vi ikkje har gode nok reglar og praksis på plass. Unge Høgre og Høgre skal vere ein trygg stad for unge menneske, der dei ikkje skal oppleve totalt uakseptabel oppførsel frå leiarar i partiet vårt.

Kristian Tonning Riise er for tida sjukmeld, og har difor ikkje kommentert saka etter at han gjekk av.

AKTUELT NÅ