Hopp til innhold

John-Erik og Kjell kan bli første homo-par som blir vigde i kyrkja

Sambuarparet John-Erik Vika og Kjell Jostein Andersson satsar på å bli det første likekjønna paret som blir vigde i ei norsk kyrkje. Den historiske hendinga skjer i Eidsvold kyrkje 18. februar.

John-Erik Vika og Kjell Jostein Andersson framfor Eidsvold kyrkje.

John-Erik Lia og Kjell Jostein Andersson skal gifte seg i Eidsvold kyrkje 18. februar.

Foto: John Granly

Kyrkjemøtet skal diskutere den nye liturgien truleg tidleg i komande veke, etter at eit fleirtal på Kyrkjemøtet i fjor gjekk inn for at likekjønna ektepar skal kunne vigslast på lik line med heterofile i Den norske kyrkja.

Om den nye liturgien for likekjønna blir vedteken på Kyrkjemøtet, skal paret vigslast av biskop i Borg, Atle Sommerfeldt, som har vore ein av forkjemparane for å opne kyrkja også for vigsel av homofile. Han får hjelp av prost i Ofoten, Marta Botne, som kjenner Vika og Andersson frå tida då ho var sokneprest i Eidsvold.

John-Erik Vika er ordførar i Eidsvoll kommune.

Vedtak på Kyrkjemøtet

Biskop Atle Sommerfeldt holder nyttårstale

Biskop Atle Sommerfeldt skal vigsle eit homofilt par i Eidsvold kyrkje i februar.

Foto: Karianne Hjørnevik Nes

Forslaget om at homofile kan vigslast i kyrkja fekk fleirtal på Kyrkjemøtet i fjor. Det er utarbeidd ein ny liturgi for likekjønna par, og denne skal altså diskuterast på Kyrkjemøtet i Trondheim. Det er venta ei avrøysting om saka først over helga, men det er venta at forslaget vil få fleirtal.

Biskop Atle Sommerfeldt seier til NRK at ser fram til å vigsle Vika og Andersson, dersom det blir fleirtal for den nye liturgien.

Då blir det to jamstilte liturgiar i samband med bryllaup i kyrkja, den eksisterande liturgien og ein liturgi som er tilpassa eit homofilt samliv.

Sommerfeldt reknar med at det blir fleirtal for den nye liturgien, men han er spent på om motstandarar av nyordninga vil melde seg ut av kyrkja i protest.

Biskopene sier ja til homofile ekteskap i kirken

– Homo-debatten har tappet kirken for energi

Første likekjønna vigsel

– Dette er veldig spennande. Ikkje berre blir dette den første likekjønna vigselen i ei norsk kyrkje, men det skjer også på historisk grunn. Olav den Heilage gjekk til messe her i 1017, for 1000 år sidan, seier John Granly, som er talsmann for det komande ekteparet.

Han viser til kongesagaene til Snorre der det blir fortalt at Olav og hans menn deltok då Eidsivatinget vart halde her i 1017. Då var enno ikkje den noverande korskyrkja i Eidsvold bygd enno, men det var ei form for kyrkjebygg der, seier han.

Eidsvold kyrkje vart bygd ein gong på 1100-talet.

– Dette er spennande. Brudeparet har vore sambuarar i mange år, og dei har venta på eit fint høve til å gifte seg og med ei flott ramme rundt. Og no skjer det altså. seier Granly.

Han fortel at det komande ekteparet ikkje vil uttale seg før etter at vedtaket om liturgien er gjort på Kyrkjemøtet.

Pave Frans: – Jeg ber de homofile… kan dere tilgi oss?

Vigsel med nattverd

– Namnet på vigselen er bryllaupsmesse. Her blir det forbønn, nattverd og mykje song og musikk. Gudstenesta startar med at paret går i prosesjon saman med biskopen opp til alteret, seier John Granly til NRK.

– Eg håpar at dette kan opne for at mange kan kome ut av skapet og tenkje på dette med ordna samliv. Eg håpar også at det kan få mange heterofile sambuarar på tanken om å gifte seg i kyrkja, seier Granly.

AKTUELT NÅ