Hopp til innhold

Jobbsøkjartips i krisetider

Nav og bemanningsbransjen ber folk om å ikkje gøyme seg under dyna trass dystre spådomar om rekordhøg arbeidsløyse.

Illustrasjonsbilete
Foto: Scanpix / SCANPIX

Statsministaren varslar endå høgare arbeidsløyse, Nav trur at så mange som 300.000 nordmenn kan bli arbeidslause i kortare eller lengre periodar i år og Norsk Industri ventar at 100.000 arbeidsplassar i industrien blir råka av den økonomiske krisa dette året.

Les også: Desse jobbane ryk.

- Må vere aktiv sjølv

Men sjølv om jobbmarknaden ser heller dyster ut for mange, ber Nav dei arbeidsledige om å vere positive og aktive.

- Mange verksemder annonserer ikkje ledige stillingar. Derfor må ein sjølv vere oppsøkjande og bruke kontaktnettet sitt, seier Erik Oftedal, direktør for arbeid og aktivitet i Nav.

Han ber arbeidsledige registrere seg på Nav sine nettsider og opprette ein skikkeleg jobbsøkjarprofil.

Nav direktør for arbeid og aktivitet Erik Oftedal.

NAV-direktør for arbeid og aktivitet, Erik Oftedal.

Foto: Apeland Informasjon

- Sjølv om fleire går ledige, er det framleis mange som får jobb. Men ein må ikkje vere flau over å stå fram som jobbsøkjar, seier direktøren.

Les også: Auka arbeidsløyse kan gi Nav-krise.

- Sjekk bakgrunnen til verksemda

Også bemanningsbransjen ber folk om å halde motet oppe.

- Ein må løfte blikket og sjå framover. Kvardagen for mange, særleg nyutdanna, er annleis enn før. Likevel bør ein prøve å finne arbeid i den bransjen ein ønskjer å vere i, seier direktør Guri Larsen i Adecco Select.

Ho åtvarar også folk mot å falle for freistinga til å takke ja til ein arbeidsgjevar som berre lovar ”gull og grøne skogar”.

- I desse finanskrisetider er det viktig å sjekke bakgrunnen og soliditeten til bedrifta ein søkjer jobb i. Mange verksemder kan nok vere nøydde til å nedbemanne, sjølv om dei ikkje vil seie det sjølv.

- Kan ikkje vere like kresen som før

Manpower legg vekt på dei enkle råda.

- Det handlar om banale ting som å te og kle seg skikkeleg, og å vere godt førebudd. Mange tek kontakt med potensielle arbeidsgivarar utan å ha lese seg opp på verksemda på førehand, seier divisjonsdirektør Knut Hauge.

Elles handlar det om å jenke på jobbkrava, ifølge divisjonsdirektøren.

- Ein kan ikkje vere like kresen som før. At jobben du søkjer stemmer 80 prosent og ikkje hundre, bør kanskje vere godt nok.

- Men kva om det ikkje eingong finst alternativ som stemmer 80 prosent?

- Arbeidsmarknaden er ikkje så svart. Det er mogleg å få arbeid – også i 2009. Ein må ikkje gjere det verre enn det faktisk er. Og så må ein ikkje gløyme å bruke venner og kjente. Å vere arbeidssøkjande er normalt for dei flest i løpet av livet.

AKTUELT NÅ