Hopp til innhold

Jobbane forsvinn: 34.000 færre ledige stillingar i år

Første halvår i 2020 vart det lyst ut 110.000 stillingar på Finn.no. Same tid i fjor kunne ein velje mellom 144.000 stillingar. Også tal frå Nav syner ein nedgang i ledige stillingar.

Tre bord langs Akerselva i Oslo der personene sitter med to meters avstand.

FÆRRE JOBBAR: Koronakrisa har ført til at mange har vorte permittert eller arbeidsledige. Færre stillingsutlysingar gjer det enda vanskelegare å få jobb.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Det er ein nedgang som følgje av koronakrisa, der bransjar som reiseliv, transport og serviceyrke vart hardt råka, seier Linda Glomlien, kommunikasjonsrådgjevar i Finn.no.

Dei mest populære bransjane på nettsida held seg stabile.

I år fekk IT ein plass på topp fem lista over bransjar og dytta ut transport og logistikk frå juli i fjor.

Dei fleste bransjar er råka

Tal frå Nav syner ein nedgang i ledige stillingar frå i fjor i dei fleste bransjar. Berre jordbruk, skogbruk og fiske hadde ein auke i tilgang på ledige stillingar per vyrkedag frå fjoråret i juni.

Estimert endring på ledige stillingar per vyrkedag frå i fjor i prosent.

Mai 2020

Juni 2020

Juli 2020

I alt

-27

-23

-4

Leiarar

-18

-9

-16

Ingeniør- og ikt-fag

-41

-41

-21

Undervisning

-17

-10

-12

Akademiske yrkar

-9

-4

-10

Helse, pleie og omsorg

5

-4

4

Barne- og ungdomsarbeid

-22

-43

-14

Meklarar og konsulentar

-50

-39

-7

Kontorarbeid

-55

-44

-30

Butikk- og salgsarbeid

-43

-20

17

Jordbruk, skogbruk og fiske

13

38

60

Bygg og anlegg

-38

-22

-9

Industriarbeid

-44

-41

-29

Reiseliv og transport

-48

-17

17

Serviceyrkar og anna arbeid

-4

-19

38

Ingen yrkesbakgrunn eller uoppgitt

-8

-49

-46

Ekspander/minimer faktaboks

– Det er liten tvil om at arbeidsmarknaden for mange grupper er krevjande akkurat no. Ingeniørar og teknologar er dessverre inkje unntak, sjølv om det er yrkesgrupper som er hardare råka, seier Kjetil E. Lein, visepresident i Noregs Ingeniør- og Teknologiorganisasjon.

Ingeniør var i juli i fjor blant dei mest populære stillingane på Finn.no. I juli i år var det 1767 ledige ingeniørstillingar ifølge Nav.

Treff nyutdanna

Visepresident i Norges Ingeniør- og Teknologiorganisasjon Kjetil E. Lein

Visepresident i NITO, Kjetil E. Lein, håpar nyutdanna som har inngått avtale med ein arbeidsgivar allereie får starte i jobben som avtalt.

Foto: NITO

Lein understrekar at fleire bedrifter har slite under pandemien. Det er fordi førespurnaden har vore låg og det har vore eit betydeleg fall i oljeprisen.

– Generelt kan ein seie at det ikkje er nytt at arbeidsmarknaden svingar, men jobbar innanfor ingeniørfag, IKT og teknologi er som regel sikre jobbar. Normalt er det svært få arbeidslause i disse gruppene og dei aller fleste nyutdanna får raskt jobb, seier han.

I vår leverte Fredrik Nesse mastergraden sin i kjemi, men trua på at han kan gå rett ut i arbeidslivet var liten.

Ludvig Pedersen vart ferdig utdanna sivilingeniør i vår og skulle starte i ny jobb til hausten. Kontrakten hans vart utsett med over to månader.

NITO råder nyutdanna og andre som slit med å finne jobb til å vere villig til å flytte på seg og søkje jobbar i offentleg sektor.

Får jobb i landbruket

Leiar i Noregs Bondelag Lars Petter Bartnes fortel at jordbruket har ein kompleks arbeidsmarknad. Mange er sjølvstendig næringsdrivande, utanlandsk arbeidskraft brukast ofte og fleire tilsette vert rekrutterte utanfor Nav, som kan påverke tala, meiner Bartnes.

Leder i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes

Leiar i Noregs Bondelag, Lars Petter Bartnes, meiner det vil vere eit stort behov for folk med grøn kompetanse i framtida.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Vi antar likevel at det har vore ein viss auke i mengd stillingar i jordbruket. Det er først og fremst grunna koronasituasjonen, og lågare tilgang på utanlandsk arbeidskraft, seier han.

Fleire bønder tok i bruk norsk arbeidskraft i jordbæråkrane i sommar. Sekstenåringane Maja og Laila fekk skryt av jordbærbonden.

Ole Morten Ertzeid Opsahl fekk 400 telefonar og 150 søknadar da han la ut ei annonse på Facebook. Slik vart fleire permitterte og arbeidslause skogplantarar i Agder.

– Koronapandemien synleggjer kor viktig norsk landbruk er, ikkje berre i Noreg, men at alle land i verda prioriterer produksjon av mat til eiga befolkning på eigne ressursar så langt det er mogleg. Å nytte lokale ressursar handlar om beredskap i krisesituasjonar, seier Barnes

AKTUELT NÅ