Åkesson møtte Moderaternas leiar: – No er han inne i den politiske varmen

– Møtet mellom Jimmie Åkesson og leiaren for Moderaterna, Ulf Kristersson, i dag kan opne for ei regjering der Sverigedemokraterna er med, meiner politisk kommentator i SVT, Mats Knutson.

Leiar i Sverigedemokraterna, Jimmie Åkesson.

Leiar i Sverigedemokraterna, Jimmie Åkesson, har kome inn i den politiske varmen i Sverige, meiner SVT-kommentator Mats Knutson.

Foto: Fredrik Sandberg/tt / NTB scanpix

Det innvandringskritiske partiet Sverigedemokraterna, der Jimmie Åkesson er partileiar, sitt forhold til dei andre politiske partia har prega svensk politikk dei siste åra. Dei andre partia har hittil nekta å samarbeide med Åkesson og partiet hans.

I dag var det for første gong eit offisielt møte mellom Ulf Kristersson og Jimmie Åkesson. I sommar var det eit møte mellom leiaren for Kristdemokraterna, Ebba Busch Thor, og Jimmie Åkesson.

– Døra er vidopen

Ulf Kristersson er partileiar i Moderaterna.

Ulf Kristersson, partileiar i Moderaterna, er klar til å samarbeide med Sverigedemokraterna.

Foto: Linn Malmén/tt / NTB scanpix

– Møtet med Busch Thor opna døra på gløtt for eit samarbeid med Sverigedemokraterna. Etter møtet i dag er døra vidopen, seier Mats Knutson. Han meiner at det skjedde ei endring etter at Stefan Löfven frå Socialdemokraterna danna ny regjering i januar i fjor. Ved valet i fjor haust gjorde Sverigedemokraterna det godt.

– Tidlegare fråsegner om aldri å samarbeide med Sverigedemokraterna er diskret plukka bort frå retorikken, skriv Knutson i ein analyse på SVT.se . Han ser på møtet i dag som eit definitivt brot på isoleringa av Sverigedemokraterna.

– Det handlar ikkje berre om den symbolske betydninga av leiarane av dei to største opposisjonspartia i Riksdagen no ser ut til å vere klare til å samarbeide. Det handlar også om at det som skjer kan vere starten på ei ny politisk blokk, og dermed starten på ei forandring av det politiske landskapet i Sverige, meiner Mats Knutson.

Maner til kamp for barnas beste i Malmö

– Som ein makk på fiskekroken

Han held fram: – Lenge vrei Ulf Kristersson seg som ein makk på fiskekroken når han fekk spørsmål om kva han synest om Sverigedemokraterna. Han gjorde alt han kunne for å unngå å svare på spørsmåla. Han var redd for å skape splitting internt i partiet, men det ser ut til å vere historie. Dei fleste medlemer av Moderaterna ser ut til å vere klare til å akseptere Sverigedemokraterna som samarbeidspartnar.

Politisk kommentator Mats Knutson viser til at Ulf Kristersson etter møtet med Åkesson i dag sa at dei to partia skal samarbeide om ein politikk som kan sikre seg fleirtal i Riksdagen. Knutson ser på eit slikt samarbeid som den einaste måten Moderaterna igjen kan bli eit regjeringsparti.

Konservativ blokk

Jimmie Åkesson sa etter møtet med Kristersson onsdag at han har tru på at dei to partia kan samarbeide om kriminalpolitikken, innvandringspolitikken og energipolitikken. Han meiner det er størst sjanse til å skape fleirtal i Riksdagen for kriminal- og energipolitikken til dei to partia.

Jimmie Åkesson har lenge snakka om å skape ei konservativ blokk i Riksdagen der Sverigedemokraterna er med. Han meiner det er ei naturleg utvikling å samle opposisjonen, men at det enno er eit stykke igjen til ei formell blokk.

SISTE NYTT

Siste meldinger