Hopp til innhold

Dobbelt så mange jenter som gutar får behandling

Sjølv om like mange gutar som jenter på norske barnevernsinstitusjonar har psykiske lidingar, får dobbelt så mange jenter behandling for dei.

Tal på jenter/gutar som får hjelp

7 av 10 ungdommar på barnevernsinstitusjonar har ei eller fleire psykisk lidingar. Dobbelt så mange jenter som gutar får behandling for lidingane.

Foto: Grafikk: Mari Grafsrønningen / NRK

Ein ny rapport som kom i dag viser at 7 av 10 ungdommar på barnevernsinstitusjonar har ei psykisk liding . Berre ein tredjedel av desse har fått behandling for lidingane dei siste tre månadane.

Blant dei som har motteke psykisk helsehjelp på barnevernsinstitusjonane er det dobbelt så mange jenter som gutar - sjølv om gutane har like høg førekomst av psykiske lidingar som jentene.

– Jenter kan vere flinkare til å snakke om følelsar og vanskar, og dermed blir personalet merksame på problema. Gutar sine vanskar kan bli tolka som noko anna, som opprøyr og bekymring, seier Lars Wichstrøm, ein av forskarane bak rapporten.

Ifølge forskinga skuldast ikkje skilnaden at jenter har større behov for helsehjelp enn gutar, eller at dei har andre vanskar enn det gutane har. Wichstrøm skriv i rapporten at resultata viser at systemet rundt ungdommane må vere spesielt merksame på dei psykiske vanskane hjå gutar.

– Lukkast ikkje med å nå gutane

Seniorrådgjevar i Norsk psykologforening, Anders Skuterud, seier det er lang tradisjon i psykisk helsevern for behandling retta mot lidingar som depresjon, angst og spisevegringar. Når gutane ofte viser meir teikn til atferdsforstyrringar er det ikkje alltid like lett å tilby hjelp.

Anders Skuterud

Anders Skuterud i Norsk psykologforening meiner gutar ikkje alltid er like motiverte til å ta i mot hjelp.

Foto: Helge Carlsen / NRK

– Psykisk helsevern for barn og unge har vore oppteken av å nå gutar med behandlingstilbod, men har ikkje lukkast godt nok. Det må takast med at gutar kan vere mindre motivert for å ta i mot hjelp, og det vil då krevje meir av tenesta viss den skal lukkast i å få gutane til å ta i mot hjelpetilbodet. I denne samanhengen har det også vore ei ulempe at svært mange av behandlarane har vore kvinner, seier Skuterud.

AKTUELT NÅ