NRK Meny
Normal

Jensen vil ha forslaga ut på høyring

– Forslaga vert sende ut på høyring, seier Siv Jensen som i dag tok imot forslag frå Finanstilsynet om kva tiltak som kan få ned bustadprisane.

Siv Jensen kommenterte i dag Finanstilsynets forslag om innstramninger for å begrense folks gjeld og høye boligpriser.

Finansminister Siv Jensen vil ha forslaga frå Finanstilsynet ut på høyring og ha innspel frå fleire departement.

Det var finansminister Siv Jensen (Frp) som sjølv bad Finanstilsynet om å kome med forslag til korleis ein kan bremse veksten i bustadprisane. Ho gav tilsynet ti dagar på å kome opp med forslag, noko dei også kom med i dag.

LES MEIR OM FORSLAGA PÅ FINANSTILSYNET SINE SIDER

No sender finansministeren forslaget ut på seks veker høyring, for å få innspel og meir informasjon om kva utslag forslaga kan gi.

Grunn til uro for gjeldsbyrde

Jensen og statsminister Erna Solberg har begge vore urolege for den store gjeldsbyrda blant nordmenn, og kva følger det kan få om bustadprisane held fram med å vekse.

– Det er grunn til å vere uroa for den gjeldsutviklinga som har vore i hushaldningane. Det er først og fremst ei utfordring for dei som er mest sårbare, og som kan bli råka når det skjer uventa ting, seier Jensen.

Finansministeren seier det no skal samarbeidast mellom fleire departement for å sjå på fleire tiltak som kan bidra til ein meir stabil situasjon i bustadmarknaden.

– Vil ikkje hindre fleksibiliteten

Eit av Finanstilsynet sine forslag var å stramme inn på bruken av skjønn når bankane gir ut lån, og stille strengare krav til eigenkapital.

Siv Jensen legg vekt på at regjeringa er opptekne av å ta vare på fleksibiliteten for lånetakarar.

– Me er overhovudet ikkje interesserte i tiltak og verkemiddel som hindrar fleksibiliteten for unge som vil inn i bustadmarknaden. Det er ikkje slik at me berre kan stenge døra att bak oss, alle me som er i bustadmarknaden, seier Jensen.

Finansministeren meiner det finst mange svar på korleis bustadprisane kan gå ned.

– Me må klare å gjere fleire ting samstundes. Råda frå Finanstilsynet er først og fremst knytt til finansielle verkemiddel. Men det er like viktig å jobbe med tilbodssida på bustadmarknaden, seier Jensen.

Hans Olav Syversen

Krfs finanspolitiske talsmann, Hans Olav Syversen, er langt på veg einig med finansministeren.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

KrF langt på veg einige med Jensen

Krfs Hans Olav Syversen synest det er bra at finansministeren no sender forslaga ut på høyring.

Også han meiner at forslaget om bruk av mindre skjønn og strengare krav til eigenkapital er ei dårleg løysing.

– Det vil kunne ramme særleg dei som ikkje får lån, sjølv om dei har to jobbar. Ein bør få kunne utvise eit skjønn, slik at folk med ein avgrensa eigenkapital kan få moglegheita til å betene eit lån, seier Syversen.

Terje Breivik

Venstres finanspolitiske talsmann meiner forslaga er usosiale.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Forslaget er direkte usosialt

Terje Breivik i Venstre meiner forslaga som er lagt fram favoriserer dei som har mykje pengar eller rike foreldre.

– Dette vil ikkje løyse problemet om at bustadprisane aukar. Det vil ikkje føre til at det vert bygd fleire bustader, og det vil gjere det langt verre for unge i etableringsfasen å kome inn i bustadmarknaden. Dette vil vere direkte usosialt, seier Breivik.

Han meiner ein må starte i andre enden ved å bygge fleire bustader, men også syte for at bankane er ansvarlege og gjer gode individuelle vurderingar av kvar låntakar.

Marianne Marthinsen

Marianne Marthinsen i Ap vil ha slutt på ulik praksis i ulike bankar.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Ap vil ha likare lånepraksis i alle bankar

Også hos Ap meiner dei løysinga er meir bustadbygging, men dei ønskjer tid til å sjå nærare på forslaget frå Finanstilsynet.

– Hovudpoenget er å avgrense den ulike praksisen som er i ulike bankar i dag, seier finanspolitisk talskvinne Marianne Marthinsen.

Ho seier at ein må sjå nærare på kor mykje fleksibilitet som bankane kan få lov til å gi.

– Altfor lemplig praktisering av dette gjer til at bustadprisane aukar, og det er gjerne det største hinderet for at unge klarer å etablere seg i bustadmarknaden, og prisane veks veldig raskt, seier Marthinsen.

Mudassar Kapur

Mudassar Kapur i Høgre vil heller ha fleire bustader, framfor å avgrense bankane sin fleksibilitet.

Foto: Oslo Høyre

Høgre: Fleire bustader er løysinga

Bustadpolitisk talsmann og stortingsrepresentant for Høgre, Mudassar Kapur, meiner forslaga er interessante, men at ein ikkje må lage krav som gjer det endå vanskelegare å kome inn på bustadmarknaden.

– Bankane bør få vise fleksibilitet å kunne gjere gode individuelle avtaler, seier Kapur.

Han meiner det er viktig å fokusere på folks evne til å betale ned lån, og ikkje berre evna til å skaffe eigenkapital.

Løysinga på korleis ein kan få ned bustadprisane meiner han ligg i å få fleire nye bustader. Byggetakta må difor opp, og kostnadane ved bygging må ned, meiner Høgre-politikaren.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger