Hopp til innhold

Jensen var førebudd på å ta Frp ut av regjeringa

Før bomavtalen kom på plass, vurderte partileiar Siv Jensen å droppe heile regjeringsprosjektet.

Siv Jensen i Drammen.

STILLE ETTER STORMEN: Framstegspartiet sin leiar Siv Jensen på valkamp i Drammen laurdag.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Det kan ha konsekvensar for regjeringsprosjektet, sa statsminister Erna Solberg (H) då ho la fram si endelege skisse for bomavtale fredag.

Det har i vekesvis vore spekulert i om Venstre eller Framstegspartiet ville ta steget ut av regjeringa dersom dei ikkje fekk viljen sin gjennom i bompengeforhandlingane.

Frp-leiar Siv Jensen var fredag kjapt ute med å godta skissa til statsministeren. Venstre gjorde det same seint same kveld.

Laurdag møter NRK Jensen på valkamp i Drammen.

– Var du klar til å ta Frp ut av regjering?

– Eg var klar til å ta konsekvensane av det vi stod i. Samtidig har eg heile tida sagt at vi har jobba med eitt mål for auge: Å bidra til at bilistane skulle få lågare bompengeutgifter, seier Jensen.

– Hard kamp

Ho seier det er avmålt begeistring for bomavtalen i Frp.

– Sjølv om vi fekk på plass ein avtale med betydelege reduksjonar i bompengar, så vil jo Frp meir enn det. Men eg trur kampen vi har ført gjennom mange veker og eigentleg mange år, har gjort det synleg for veljarane kor hard den kampen er, når vi er det einaste partiet som jobbar mot bompengar, seier Jensen.

Ho meiner dei har fått gjennomslag for «så og seie alle krava landsstyret sendte av garde».

No håper Jensen at valkampen kan dreie seg om andre politiske saker, og ikkje minst at veljarane kjem tilbake til Framstegspartiet på valdagen.

– Om folk vil ha eit parti som står støtt mot bompengar, må dei stemme på Frp. Det er berre vi som kan få resultat for folk flest. Vi slåst for det vi seier at vi er opptekne av, seier ho.

Kamp om veljarane

Frode Myrhol i Folkeaksjonen nei til meir bompengar i Stavanger er glad for at valkampen har vore så prega av deira fanesak.

Samtidig er han ikkje imponert over bomavtalen, og kallar den ei dråpe i havet.

– Eg trur ikkje veljarane hoppar av frå oss no og går tilbake til regjeringspartia. Eg trur veljarane ser det for det dette er - det er berre valflesk fordi dei er desperate og mister veljarar for oss, seier Myrhol.

AKTUELT NÅ