Hopp til innhold

– Glad for å få nestleiaren tilbake

Frp-leiar Siv Jensen er glad for at nestleiar Per Arne Olsen ikkje lenger blir politietterforska. – No kan han endeleg konsentrere seg om det han likar best, nemleg å drive politikk, seier ho.

Video Siv Jensen om nestleiar Per Arne Olsen
Foto: Nyhetsspiller

I dag vart det klart at politiet legg vekk saka mot Framstegsparti-politikarane Per Arne Olsen og Bent Moldvær i Tønsberg .

Begge har vore under politietterforsking mistenkte for korrupsjon etter at dei ifølgje Tønsberg Blad fekk fordelar frå utbyggjarane av eit bustadkompleks.

Stortingsrepresentant Olsen var ordførar i Tønsberg då han kjøpte ein bustad i bustadkomplekset. Moldvær var varaordførar i kommunen.

Glad for å ha Olsen tilbake

Partileiar Siv Jensen er glad for at nestleiar Per Arne Olsen ikkje lenger er under politietterforsking.

Ho konstaterer at politiet har lagt vekk sakene fordi dei ikkje har funne noko straffbart, og ho er glad for at politiet har konkludert med det same som Olsen sjølv heile tida har hevda.

– Eg gler meg over at Per Arne Olsen no er reinvaska og tilbake som nestleiar i Framstegspartiet, seier Siv Jensen til NRK.

Meiner avis let seg styre

Då saka vart kjend i Tønsberg Blad, trekte Olsen seg frå vervet som nestleiar fram til etterforskinga av han var over.

No langar Jensen ut mot avisa, og meiner dei let seg styre.

– Eg tenkjer at ein skal vere litt forsiktige med å marknadsføre uavgrensa påstandar frå politiske motstandarar, seier ho.

Politiet har lagt vekk saka etter å ha gjort fleire avhøyr av Frp-politikarane og fleire vitne. Dei meiner desse har vist at det ikkje er grunnlag for å gå vidare med saka.

– Endeleg politikk igjen

Fleire av dei politiske motstandarane til Framstegspartiet kritiserte Olsen då saka vart kjend. Jensen ønskjer ikkje å kritisere dei i dag.

– Eg trur eg skal avstå frå å karikere saka. Eg har lyst til å gle meg over dette på vegner av Per Arne Olsen og Framstegspartiet, seier Jensen som gler seg over at han no kan konsentrere seg om å drive politikk igjen.

Jensen sender også varme tankar til både Olsen og familien.

– Eg veit at dette har vore krevjande og ei belasting for dei å ha dette hengande over seg den tida dette har vart, seier ho.

Høyr intervjuet med Siv Jensen her:

AKTUELT NÅ