NRK Meny
Normal

Jens Breivik: – Har mareritt om Utøya

Jens Breivik har hatt mareritt om at han er på Utøya og i regjeringskvartalet, der sonen drap 77 menneske. Laurdag snakkar han ut om det vanskelege forholdet til 22. juli-terroristen i NRK-talkshowet Lindmo.

Jens Breivik er gjest i Lindmo på NRK1 laurdag klokka 21.55.

Jens Breivik, far til 22. juli-terroristen, har mareritt om Utøya og Regjeringskvartalet og klandrar seg sjølv for at sonen blei massedrapsmann. Du kan sjå heile intervjuet i Lindmo på NRK1 laurdag klokka 21.55.

Jens Breivik er aktuell med boka «Min skyld? En fars historie», der han fortel om sitt forhold til sonen som den 22. juli 2011 blei den verste massedrapsmannen Noreg har sett.

Laurdag er han gjest i talkshowet Lindmo, som blir sendt på NRK1 klokka 21.55.

– Dette er med meg kvar dag. Om nettene har eg hatt mareritt om at eg var på Utøya eller at eg står framfor inngangen til Regjeringskvartalet og blir blåst av garde. Det har vore vondt å tungt å leva med dette her, fortel ein openhjartig Jens Breivik til programleiar Anne Lindmo.

Laga syltetøy saman på hytta

Faren til Anders Behring Breivik var fråverande gjennom store delar av terroristen sin oppvekst.Trass i lite samvær og mareritta i etterkant av 22.juli-terroren har han likevel nokre gode minne om sonen.

Han fortel om ein hyttetur han tok guten sin med på då han var fire år, like etter å ha tapa rettssaka om omsorgsretten mot mora. På det tidspunktet oppfatta han guten som litt innadvendt, men normal.

– Me plukka blåbær og laga blåbærsyltetøy saman, mimrar Jens Breivik.

«Min skyld? En fars historie»

Far til terroristen Anders Behring Breivik tilbakeviser det han meiner er løgn, halvsanningar og fiksjon om hans forhold til sonen i «Min skyld? En fars historie».

I boka si tek han si del av skulda og ansvaret for at sonen blei ein massemordar.

– Dersom eg hadde vore ein betre far, kunne ting ha vore annleis. Eg føler skuld. Eg kunne ha vore meir aktiv, sa Breivik under ein pressekonferanse torsdag i samband med boklanseringa.

I etterkant har han fått kritikk frå fleire hald for å framstilla si eiga rolle i sonen sin radikaliseringsprosess som tunga på vektskåla.

På spørsmål frå Lindmo om kor vesentleg han trur puslebiten «fråverande far» er i det totale biletet av faktorar som forvandla sonen, står Breivik på sitt:

– Jo, det er nok viktig. Den har gitt meg ei skuldkjensle. Hadde eg hatt meir kontakt, hadde eg vore ein betre far – kunne han då ha vore eit heilt anna menneske i dag?

Gjekk i kjellaren

Breivik er busett i Frankrike. Det var gjennom norske nettaviser han først fekk greie på at sonen hans stod bak massedrapet.

«ANDERS BEHRING BREIVIK» var skrifta som lyste mot han på PC-skjermen kort tid etter terroråtaka i Noreg.

Då gjekk han i kjellaren - bokstaveleg talt.

– Då forstod eg framleis ingenting. Korleis kunne sonen min ha gjort noko slikt? Eg var redd, difor bad eg kona mi seia til folk at eg hadde reist til Spania. Så gjekk eg ned og sat meg i eit mørkt kjellarrom. Der blei eg sitjande i fleire timar. Eg fekk så stort sjokk at eg blei nesten borte. Det var forferdeleg å oppleva, fortel Jens Breivik.

Fekk «iskaldt» brev frå sonen

Han tok i fjor haust initativ og bad Skien fengsel om å få treffa sonen sin innanfor fengselsmurane. Fram til då hadde ikkje faren hatt kontakt med sonen etter at han fylte 16 år.

Svaret frå sonen kom i form av eit brev som Jens Breivik har teke med i boka si.

I brevet fråskriv Anders Behring Breivik seg farsarva si og gir klar beskjed om at han ikkje vil ha noko med faren å gjera med mindre han sluttar seg til hans verdsbilete.

– Det var eit forderdeleg brev. Iskaldt og formelt. Det skremmer meg, seier han i Lindmo laurdag.

Jens Breivik i Brennpunkt

Sjå Brennpunkt-dokumentaren "Fedrene" der NRK møter Jens Breivik kort tid etter terroren i 2011.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger