Hopp til innhold

Jaktar desperat etter klimakutt

For å unngå endå dyrare bensin og diesel på nyåret, må regjeringspartia og SV kutte utslepp på andre måtar. Det slit dei med.

Prisrekord på bensin og diesel etter drapet på iransk general

DRIVSTOFF: Då Solberg-regjeringa la fram sitt budsjettforslag i oktober, gjekk dei inn for å auke CO₂-avgifta.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Dersom regjeringa er ueinig i nokre av dei utsleppskutta som har blitt foreslått, så får dei kome med andre tiltak som styrkar klimapolitikken, seier energi- og miljøpolitisk talsperson Lars Haltbrekken i SV til NRK.

Klimapolitikk handlar ikkje lenger berre om å bruke mest mogleg pengar på ulike tiltak. Det handlar om å finne grep som kuttar utslepp tonn for tonn, år for år – og allereie frå neste år.

Debatt og votering om vindkraft på land

KLIMAKUTT: SV sin energi- og miljøpolitiske talsperson Lars Haltbrekken.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

For SV er det eit grunnleggande krav at statsbudsjettet kuttar meir i utsleppa for 2022 enn det både Erna Solberg (H) og Jonas Gahr Støre (Ap) legg opp til i sine budsjettforslag.

– Vi må få ein budsjettavtale som er betre på klima enn Solberg-regjeringa, både no og på lengre sikt, seier Haltbrekken.

No er klimapolitikken – og ønsket om raske kutt – blitt den vanskelegaste saka i budsjettforhandlingane, ifølgje éi kjelde NRK har snakka med.

Fleirtalet for statsbudsjettet kan stå og falle på om regjeringa og SV klarar å finne tiltak som kuttar rundt 100 000 tonn CO₂.

Dette er ein liten del av Noreg sine totale utslepp, som i fjor var på 49,3 millionar tonn.

Budsjettforhandlinger på Stortinget

TILTAK: SV-leiar Audun Lysbakken krev at Rigmor Aasrud (Ap) og Marit Arnstad (Sp) kjem med grep som kuttar utslepp.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Bensin-vern lagar krøll

For å forstå kvifor 100 000 tonn skapar trøbbel i budsjettforhandlingane, må vi ha med oss det som har skjedd i haust.

Då Solberg-regjeringa la fram sitt budsjettforslag i oktober, gjekk dei inn for å auke CO₂-avgifta. Grepet vil, meiner dei, gjere drivstoff dyrare og føre til at vi køyrer mindre bil. Dermed vil også utsleppa gå ned.

Fire veker seinare endra Støre-regjeringa på dette i sitt forslag. Dei held fast på at CO₂-avgifta skal opp, men reduserer vegbruksavgifta slik at drivstoff ikkje blir like mykje dyrare.

Dermed går heller ikkje utsleppa like mykje ned.

Det «manglar» rett og slett nokre tonn CO₂ for å få utsleppsrekneskapen til å gå opp.

Også regjeringa vedgår at deira forslag gjer at utsleppa går mindre ned neste år.

– Det betyr truleg 45–90 000 tonn mindre kutt i klimagassar i 2022, opplyser statssekretær i klima- og miljødepartementet Ragnhild Sjoner Systad (Ap) til NRK.

Støre og Vedum legger frem Hurdalsplattformen

PLATTFORM: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) la fram si klimasatsing i haust.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide sa til avisa DN at avgiftsgrepet på bensin og diesel gjer at ein kuttar 1,5 - 2 millionar tonn mindre CO₂ fram mot 2030.

– Det talet er usikkert og gjeld heile perioden fram til 2030. Det vil seie dersom vi held fram å gjere akkurat det same kvart år fram til 2030. Men vi har berre lagt fram eit budsjettforslag for året 2022, seier Sjoner Systad til NRK.

Fleire kjelder NRK har snakka med, vedgår at dette er ei sentral problemstilling i forhandlingane og at det er lettare sagt enn gjort å finne ei løysing.

Slik kan dei kutte

NRK har utfordra to miljøorganisasjonar og ein klimaforskar til å foreslå klimatiltak som gjev kutt i utsleppa neste år. Vi legg til grunn at grepet med bensinprisen blir ståande, og at kutt må finnast ein annan stad.

Både Zero og Naturvernforbundet kjem med fleire konkrete forslag inn til budsjettforhandlarane.

  • Ei vesentleg større avgift på nye vare- og lastebilar, saman med ei tilskotspakke for utskifting til heilelektriske bilar. For eksempel vil 1300 nye elektriske lastebilar på norske vegar, kutte opp mot 40 000 tonn allereie neste år.

  • Bompengefritak for lastebilar som går på biogass. Gjeld 200–500 bilar og kuttar 6000–10.000 tonn.

  • Forbod mot fossil gass til oppvarming (for eksempel i veksthus). Dette vil kutte utsleppa ein stad mellom 130 000 og 160 000 tonn.

Fyllestation for flytende biogass

TILTAK: Noregs første fyllestasjon for flytande biogass som drivstoff til tungtransport åpna på Furuset i 2018.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

– Eg håpar dei klarar å sjå litt lenger fram og få til store kutt. Men alt hjelp jo, seier Zero-leiar Sigrun Aasland.

Naturvernforbundet kjem med forslag som vanlege folk vil kunne merke i kvardagen sin. Dei vil ikkje talfeste kor mykje kvart enkelt tiltak vil kutte i utsleppa:

  • Redusere fartsgrensene frå 110 til 100 km/t, få ned kjøttforbruket og stanse vegutbyggingar, som får ned utslepp frå anleggsarbeid.

– Alt dette vil kunne få ned utsleppa neste år. Det er eigentleg ikkje vanskeleg å finne tiltak, dette handlar mest om regjeringa og SV verkeleg vil få til noko, seier leiar Truls Gullowsen i Naturvernforbundet.

Klimaforskar Asbjørn Torvanger i Cicero anbefaler forhandlarane å sjå på «Klimakur» – ein omfattande rapport frå Miljødirektoratet med ei rekkje forslag til klimatiltak.

Han trekk fram fire tiltak han meiner er billege og kan gjennomførast neste år:

  • Bruke toppar og greiner frå hogst av gran og furu og meir lauvtre til å produsere bioenergi. Det kan brukast til oppvarming i bygg og til varme i industri.
  • Byggje fleire små anlegg for å samle opp metan frå husdyrgjødsel. Biogassen kan brukast til oppvarming av fjøs og andre bygg.
  • Redusere matsvinnet gjennom meir informasjon, haldningskampanjar, konkurransar, meir sal av varer som held på å gå ut på dato i butikkane og betre datomerking på varer.
  • Samle opp meir metan-utslepp frå avfallsdeponi som ei kjelde for biogass, og denne kan brukast til oppvarming av bygg lokalt.

Ingen av partia vil fortelje om kva konkrete klimatiltak dei no vurderer.

skog

SKOG: Klimaforskar Asbjørn Torvanger i Cicero anbefaler å bruke toppar og greiner frå hogst av gran og furu for å kutte utslepp.

Foto: Vidar Ruud / NTB

SV har dårlegare tid enn Ap og Sp

Medan Ap og Sp er overtydde om at deira opplegg gjer at Noreg når det overordna klimamålet – 55 prosent kutt innan 2030 – er ikkje SV like sikre.

SV vil ha fart på utsleppskutta og få på plass eit tiltak som «nullar ut» drivstoffpakka til Støre og Vedum.

Det grunnleggjande problemet for forhandlingane som no går på overtid, er at det ikkje er så mange tiltak å velje i.

Budsjettforhandlinger

FORHANDLAR: SV sin finanspolitiske talsperson Kari Elisabeth Kaski.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Enten blir det for dyrt, utsleppsreduksjonen er for usikker eller det tar for lang tid.

Eit døme illustrerer kor vanskeleg det er å innføre brå tiltak: Då Stortinget innførte forbod mot oljefyring, fekk folk ein overgangsperiode på åtte år å gjere det på.

Eit opplagt grep som raskt kuttar utsleppa, er å auke CO₂-avgifta på bensin og diesel.

Men det vil sitte langt inne for regjeringspartia som stadig understrekar at det er vanlege folk sin tur. Dyrare bensin og diesel er det siste dei ynskjer å gje folk i julegåve.

Sp ser mot 2030

Då Støre-regjeringa la fram tilleggsbudsjettet, forsvarte Senterpartiet at utsleppa ikkje går ned like mykje neste år samanlikna med Solberg-regjeringa sitt forslag.

Sigbjørn Gjelsvik, Senterpartiet

FORHANDLAR: Regjeringa sitt budsjett er i sum eit opplegg for at vi skal nå dei klimamåla vi har sett for 2030, meiner Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Foto: Kristian Skårdalsmo / NRK

Finanspolitisk talsperson Sigbjørn Gjelsvik viste til at reduksjon i biodrivstoffavgifta kan gjere at aktørar i kollektivtransporten ikkje går tilbake til fossilt drivstoff. Han peika også på at nye ladestasjonar vil få fleire til å køyre elbil på lengre sikt.

Han åtvara mot å sjå for mykje på enkelttiltak. Senterpartiet ser mot 2030.

– Dette er i sum eit opplegg for at vi skal nå dei klimamåla vi har sett for 2030, både gjennom tiltak på avgiftssida, men også gjennom tiltak der staten er meir aktiv inn i omstillingsprosessen.

SV har dårlegare tid og har også som mål å kutte 70 prosent av utsleppa fram mot 2030.

I tillegg til at partiet ikkje vil skyve på utsleppskutt, vil dei ha store vanskar med å støtte eit statsbudsjett som reduserer utsleppa mindre enn Solberg-regjeringa.

– No har Ap i åtte år, med rette, kritisert Høgre-regjeringa for å ha ein altfor for dårleg klimapolitikk. No får dei vise at dei meinte alvor, seier Haltbrekken.

Ser inn i adventstida

Forhandlingane gjekk i stå søndag, då Ap og Sp bad om eit møte mellom dei parlamentariske leiarane i håp om å rekke Stortinget sine budsjettfristar.

Det gjekk ikkje, og tysdag vart det snakka om at forhandlingane kan halde fram heilt til finansdebatten 2. desember.

Då kan to ting skje:

  • Partane kjem fram til ein budsjettavtale som blir lagt fram som eit laust forslag før debatten.
  • Regjeringa legg fram sitt opplegg. Så må SV ta stilling til om partiet vil støtte det, eller ikkje.

Ap og Sp har vore frustrerte over at SV krev for mykje på for mange felt. Partiet har også hatt urealistiske forventningar om kva ein kan endra i eit tilleggsbudsjett, er bodskapen frå regjeringskjelder.

Partane er heller ikkje einige om ein felles måte å rekne gjennomslag på. SV vil vise fram sine eigne gjennomslag enkeltvis, medan regjeringspartia vil sjå alle endringar, grep og prioriteringar i samanheng.

NRK kunne allereie måndag fortelje at dei har flytta på godt over 3 milliardar kroner i forhandlingane. SV-leiar Audun Lysbakken var klar på at det må meir til før SV er nøgde.

Hausten 2013, då det sist var tilleggsbudsjett-forhandlingar og regjeringsskifte klarte Venstre og KrF å flytte på 2,4 milliardar kroner.

Frå Sp og Ap er bodskapen at dei har kome SV i møte også på klima. Men tysdag var det ingenting som tydde på at forhandlingane er i ferd med å nå målstreken.

AKTUELT NÅ