Hopp til innhold

Frithjof Jacobsen slutta i VG på grunn av forhold til Ap-politikar

Leiar for kommentaravdleinga i VG, Frithjof Jacobsen (49), slutta i avisa fordi han har innleidd eit forhold til Ap-politikaren Jette Christensen (35).

Frithjof Jacobsen.

Frithjof Jacobsen trekkjer seg frå jobben som leiar i kommentaravdelinga i VG etter å ha innleidd eit forhold til Ap-politikaren Jette Christensen.

Foto: NRK

Dette stadfestar Jacobsen overfor Medier24 . Han har dei siste åra vore leiar for kommentaravdelinga i avisa. VG-redaktør Gard Steiro seier til NRK at når det er slike bindingar, og når han opplyste VG om relasjonen, så kunne ikkje Frithjof Jacobsen halde fram i stillinga si.

Jette Christensen.

Jette Christensen er stortingspolitikar for Arbeidarpartiet og medlem av partiet sitt sentralstyre.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Han fortalde det 1. januar, og 11. januar sa han opp stillinga si i VG, seier han.

Går gjennom kommentarar

Gard Steiro seier til NRK at avisa har gått gjennom kommentarar og podkastar frå ei god stund tilbake for å sjå om dei kan vere farga av forholdet til Ap-politikaren. Han seier at han ikkje kan gjere noko vurdering av om dette har svekt tilliten til VG.

– Då Jacobsen nekta for relasjonen på eit tidlegare tidspunkt, var det feilinformasjon?

– Eg vil seie det slik. Det gjekk rykte om Jacobsen. Han avkrefta dei. Det la vi til grunn. Eg vil ikkje gå inn på kva rykte, eller seie meir om samtalane vi har hatt, seier Steiro.

– Korleis har dette svekt tilliten til VG?

– Det kan eg ikkje gjere ei vurdering av.

– Har det svekt tilliten til VG?

– Eg vil ikkje gå inn i slike vurderingar. Vi har opplyst om det som har skjedd av omsyn til truverdet vårt. Det meiner eg er ryddig, svarar VG-redaktøren,

– Skuldar ei forklaring

Gard Steiro.

Gard Steiro er sjefredaktør i VG.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

– VG skuldar lesarane ei forklaring på den brå avgangen. Første nyttårsdag informerte Frithjof Jacobsen politisk redaktør Hanne Skartveit om at han hadde fått ein nær relasjon til ein politikar. Etter dette har han ikkje skrive kommentarar eller delteke i podkasten Giæver og Joffen. Han publiserte den siste teksten sin 2. januar, skriv Gard Steiro i VG i dag.

Redaktøren skriv vidare at Jacobsen og leiinga i VG er samde om at relasjonen ikkje kan foreinast med hans virke som kommentator. 11. januar valde Jacobsen sjølv å seie opp stillinga si, og han har hatt den siste arbeidsdagen sin her, seier han.

– Ikkje tette relasjonar

– Det er gode grunnar til at journalistar ikkje skal ha bindingar eller tette relasjonar til aktørar som er omtalte. Lesarane skal ikkje vere i tvil om at vi er uavhengige. Vi skal ikkje setje oss i situasjonar der det kan stillast spørsmål ved habiliteten vår. Det er nedfelt både i det presseetiske regelverket og i interne køyrereglar, skriv Gard Steiro vidare.

– Ein kan seie at det som har skjedd, er eit brot på kontrakten vår med lesarane. Det er vi leie oss for, skriv han.

I eit intervju med Medier24 seier Frithjof Jacobsen at han sluttar i VG fordi han ynskjer å etablere eit forhold til Jette Christensen, og at han ikkje kan kombinere det med det å vere politisk kommentator.

– Kjent henne i fleire år

Han seier at han har kjent Jette Christensen i fleire år, men at det var like før nyttår at dei to avgjorde at dei skulle bli kjærastar.

Jette Christensen er medlem i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget. Ho går no ut i permisjon fram til påske medan ho er student ved Forsvarets høgskule.

Partileiar i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, seier dette i ein kommentar til NRK:

– 2. januar bad Jette om eit møte. Då informerte ho om at ho skulle på stemnemøte med Frithjof Jacobsen, for å greie ut sjansen for å bli kjærastar. Eg synest det var bra og ryddig å bli informert.

Jette Christensen.

Jette Christensen stadfestar forholdet til Frithjof Jacobsen.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– I ferd med å bli kjærastar

Også Jette Christensen stadfestar forholdet overfor Medier24.

– Vi er i ferd med å bli kjærastar. Eg må vedgå at å snakke om dette på eit så tidleg tidspunkt kjennest rart, men eg forstår at det er naudsynt, seier ho.

På spørsmål om kor lenge dei har kjent kvarandre, svarar ho dette:

– Det er ikkje så lett å setje dato på kjensler som har utvikla seg med nokon ein først vart kjent med som venn, men vi har kome til at vi vil prøve å etablere eit forhold. Det gler eg meg til.

–Skjult for lesaren

Hanane Skartveit.

Hanne Skartveit er politisk redaktør i VG.

Foto: NRK

Politisk redaktør i VG, Hanne Skartveit, sa i Dagsnytt 18 på NRK i kveld at det er vanskeleg for henne å vurdere om denne saka har svekt truverdet til VG, men at ho og alle andre i avisa vil gjere alt dei kan for at lesarane skal ha tillit til avisa.

– Som kommentator og journalist kan ein ikkje ha skjulte bindingar, vi skal vere frie og uavhengige. Her var det ein relasjon som har vore skjult for lesaren, og derfor må han slutte. Han valde sjølv å seie opp, og det var eit rett val, sa Hanne Skartveit blant anna.

Ho fortalde også at det har gått rykte internt i VG om eit forhold mellom Jacobsen og Christensen.

– Vi høyrde rykte om eit forhold og tok opp dette med Frithjof først i januar i fjor og seinare sist sommar. Då nekta han for at det, og då kunne vi ikkje gjere noko meir. Vi har eit tillitsbasert forhold til dei tilsette, sa ho.

Frithjof Jacobsen har sagt opp sin stilling i VG fordi han et forhold til stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet, Jette Christensen. - Forholdet er ikke er forenlig med rollen hans, og avisen skal jobbe for å gjenreise tilliten, sier politisk redaktør Hanne Skartveit til Dagsnytt 18.

Frithjof Jacobsen har sagt opp sin stilling i VG fordi han et forhold til stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet, Jette Christensen. - Forholdet er ikke er forenlig med rollen hans, og avisen skal jobbe for å gjenreise tilliten, sier politisk redaktør Hanne Skartveit til Dagsnytt 18.

AKTUELT NÅ