Hopp til innhold

Jacob (26) stod i fare for å miste fingrane

Ei einaste styrkeøkt, etter fleire års treningspause, var det som skulle til. Beskjeden Jacob Røed fekk frå legane blei eit sjokk: Overhengande fare for akutt nyresvikt og risiko for amputasjon.

Jacob Røed har trent på seg diagnosen rabdomyolyse, og er hasteinnlagt på intensivavdelinga på Oslo Universitetssykehus.

VIDEO: Jacob Røed har trent på seg diagnosen rabdomyolyse, og er hasteinnlagt på intensivavdelinga på Oslo Universitetssykehus.

Nesten 10 liter væske i døgeret – rett inn i blodårene. Det livsfarlege avfallsstoffet myoglobin som kjem frå dei øydelagde muskelcellene, må ut av kroppen. Visst ikkje kan det føre til alvorlege komplikasjonar.

Der fekk han beskjed om at han stod i fare for å få både nyresvikt, nerveskadar og at han kunne risikere å måtte amputere fingrane på den eine handa.

– Det var veldig sjokkerande å få den beskjeden. Eg er glad det ikkje har kome komplikasjonar. Eg har vore ganske uroa og redd, seier 26-åringen frå sjukehussenga.

Gjekk til legen i siste liten

Jacob Røed hadde bestemt seg for å starte opp igjen med treninga, etter fleire år med treningsfri. Han gjekk på eit treningssenter og pressa seg gjennom ei nesten to timar lang styrkeøkt – heilt på eiga hand. Han trente mellom anna med vektstang, biceps-curl og nedtrekk.

Den eine treningsøkta var det som skulle til for å få den livstrugande diagnosen rabdomyolyse.

Det kunne gått skikkeleg ille, ifølgje legane, for Røed oppsøkte legevakta først etter tre dagar. Det var i grevens tid:

– Hadde han venta ein halv dag til, ja, då hadde han garantert fått nyresvikt og kanskje det som verre var, seier avdelingsoverlege Dag Jacobsen på medisinsk intensivavdeling på Oslo Universitetssykehus.

– Kva legg du i det?

– Faren for nerveskadar og sirkulasjonsforstyrringar var også stor og overhengande. Vi risikerte å måtte amputere fingrane på den eine armen i dette tilfellet, seier Jacobsen vidare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jacob Røed i sjukehussenga

AMPUTASJON: Jacob Røed stod i fare for å miste fingrane grunna dei store mengdene med avfallsstoff i blodet. Omfattande væskebehandling hindra komplikasjonar.

Foto: Simon Solheim / NRK

Hadde ekstremt høge verdiar

Personar som trenar seg rett inn på intensivavdelingane med alvorlege skadar har auka kraftig dei siste åra, skreiv NRK førre helg.

Professor i idrettsfysiologi på Norges idrettshøgskole, Truls Raastad, uttalte at dette er rein idioti, og at det vitne om stor grad av inkompetanse og at det er altfor stort fokus på macho treningskultur.

Jacob Røed hadde aldri trudd at ei enkelt treningsøkt kunne gitt han akutt nyresvikt, nerveskadar og tap av fingrane. No ligg han i sjukehussenga, glad for den siste beskjeden frå legane: «Faren for komplikasjonar er liten.» Den omfattande væskebehandlinga har redda han.

– Dette kunne gått veldig gale om han ikkje hadde fått behandling, seier avdelingsoverlege Dag Jacobsen.

Han er professor i akuttmedisin og har lang erfaring med behandling av landets sjukaste pasientar på den største intensivavdelinga i Noreg.

– Eg har aldri før sett ein pasient med så høge CK-verdiar på grunn av trening. Det har vore veldig stor fare for komplikasjonar, men vi har klart å forhindre nyreskade, til trass for ekstremt høge verdiar, seier Jacobsen.

Svara på blodprøvene viste at Røed hadde CK-verdiar på 160.000 U/L. Det normale er under 200 U/L. CK-verdiar høgare enn 20.000 utløyser fare for akutt nyreskade.

– Eg er overraska over at han har fått så høge verdiar på ei enkelt treningsøkt. Det har eg aldri vore borte i før, seier Jacobsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trenar seg sjuke - aviser

MANGE TILFELLE: Den siste tida har det vore mange avisoppslag om personar som har trent på seg rabdomyolyse.

Søkte på internett

Treningspåført rabdomyolyse kan ein få etter altfor hard trening. Då trenar ein så hardt at musklane får store øydeleggingar. Proteinet myglobin går ut i blodbana frå dei skadde muskelcellene og kan tette igjen nyrene.

Avfallsstoffet som kjem ut i blodet kan også gi nerveskadar, og føre til amputasjon dersom øydeleggingane i musklane er store nok.

Avdelingsoverlege Dag Jacobsen ved Oslo Universitetssykehus

STUDIE: Avdelingsoverlege Dag Jacobsen på Oslo Universitetssykehus vil forske på rabdomyolyse.

Foto: Odd Iversen / NRK

Jacob Røed søkte på internett då han fann ut at ting ikkje var som dei skulle. Urinen var mørk, og det hjelpte ikkje å drikke vatn. Han klarte så vidt å bevege armane.

– Eg er ganske tynn i armane, men dagane etter på såg eg ut som ein mindre sterk utgåve av Skipper'n. Det såg veldig spesielt ut, seier Røed.

Avdelingsoverlege Dag Jacobsen klappar han på skuldra:

– Humøret har vore topp heile tida. Du har vore ein veldig sporty pasient. Dette skal gå greitt, seier Jacobsen.

– Det var bra at han leste om sin eigen diagnose på internett, og at han forstod kva som var i gjære og at han tok kontakt med legevakta, seier Jacobsen vidare.

Vil forske på diagnosen

Det er no så mange som trenar seg inn på intensivavdelingane med diagnosen rabdomyolyse, at Oslo Universitetssykehus vil invitere heile helse-Noreg med på ein stor studie om dette.

– Denne pasientgruppa har blitt så stor no, at vi meiner det er naudsynt med meir kunnskap. Vi vil lage ein studie der vi ønskjer å ha med dei andre universitetssjukehusa, seier Jacobsen.

– Det er viktig å sjå nærare på dette for å sikre desse pasientane betre behandling. Vi må også få meir oversikt over omfanget.

Jacob Røed er no utskriven frå sjukehus, etter fem døgn med intensiv væskebehandling. Faren for varige mein er liten, men det vil ta fleire månader for musklane i overarmane å reparere seg. Til veka skal han inn til kontroll på sjukehuset.

Sjå fleire videoar:

Personar som trenar seg rett inn på intensivavdelingane med alvorlege skadar har auka kraftig, ifølgje sjukehus landet over. Karl Oscar Strøm (42) trente så hardt at muskelcellene sprakk.

VIDEO: Bærumsmannen Karl Oscar Strøm var ikkje nøgd med treningsutbyttet, og melde seg på crossfit. 90 pull-ups var nok til å trene på seg den livstruande diagnosen rabdomyolyse.

Altfor hard styrketrening av utrente musklar kan føre til nyresvikt, nerveskadar og koldbrann, og i verste fall død, ifølgje Dag Jacobsen, professor i akuttmedisin på Oslo Universitetssykehus. Han er avdelingsoverlege på medisinsk intensivavdeling på Ullevål. Stadig fleire trenar seg inn på avdelinga hans.

VIDEO: Sjå korleis legane behandlar nyresvikt. Professor Dag Jacobsen er sjef for avdelinga for dei aller sjukaste. Her hamnar også dei som trenar på seg rabdomyolyse.

På Norges Idrettshøgskole forskar dei på styrketrening og muskelskadar. Professor i idrettsfysiologi, Truls Raastad, seier det er idioti som gjer at stadig fleire trenar seg alvorleg sjuke. På idrettshøgskolen påfører dei muskelskadar med vilje for å sjå korleis musklane restituerer seg.

VIDEO: På Norges idrettshøgskole påfører dei muskelskadar – med vilje. Professor i idrettsfysiologi, Truls Raastad, forklarer. Sjå også kva øving som oftast fører til skadar.

AKTUELT NÅ