Hopp til innhold

Italias ambassadør ut mot norsk politi: – Eg blei overraska og litt trist

Politiets charterfly, som skulle transportere ut seks asylsøkjarar til Italia, måtte snu og reise tilbake til Noreg fordi dei mangla covid-19-testar på utlendingane.

Uttransport, tvangsretur, PU, Gardermoen

Det var dette flyet, ein Airbus A320, Politiets utlendingseining (PU) brukte under uttransporten. Dette biletet er frå ein anna uttransport som gjekk til eit land i Midtausten i oktober.

Foto: Olav Døvik / NRK

Ambassadør Alberto Colella meiner Politiets utlendingseining (PU) burde forstått at dei måtte vise fram negative koronatestar då dei landa i Roma.

Italienske styresmakter stilte ingen krav om det, meiner PU, som førre veke stilte opp i ei sak i NRK. Det er politiets kommentarar i denne saka som får ambassadøren til å reagere.

Italias ambassadør Alberto Colella

Italias ambassadør Alberto Colella.

Foto: Tore Linvollen / NRK

27. august i år skulle PU transportere ut seks asylsøkjarar til Italia.

Dei hadde leigd charterfly for 490.000 kroner, men då dei landa på flyplassen i Roma fekk dei beskjed om å snu.

– I ei tid med ein seriøs pandemi er det heilt naturleg at italienske styresmakter krev ein negativ koronatest. I denne situasjonen var det ingen andre moglegheiter enn å sende dei tilbake til Noreg, seier ambassadøren til NRK.

PU: Møtte på fleire utfordringar

Alle som skal uttransporterast må ha helsesertifikat, som politiet fyller ut.

– Våre sakshandsamarar forstod på italienske styresmakter, før avreise, at det var tilstrekkeleg. Men det viste det seg å ikkje vere, sa PU-sjef Arne Jørgen Olafsen til NRK.

Olafsen sa også at PU møtte på fleire andre utfordringar med italienske styresmakter i forbindelse med uttransporten.

– Det er ferie, det er språkproblem og det er dårleg bemanning. Det er liksom alt, seier Olafsen til NRK.

Sidan Italia hadde sommarstengt i perioden 6. til 24. august blei det planlagt med utreise 27. august. Det var siste frist for retur, og difor måtte PU leige charterfly. Planen var i utgangspunktet å reise med rutefly med mellomlanding i København, men koronapandemien skapte utfordringar.

Arne Jørgen Olafsen, sjef for Politiets utlendingseining (PU), på desken deira på Tøyen i Oslo.

Arne Jørgen Olafsen er sjef i Politiets utlendingseining (PU).

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

I ein politirapport NRK har fått innsyn i står det:

«Da København ble definert som «rødt område» av regjeringen, nektet Italia å godta ny ruting via Frankfurt. Denne rutingen ville ankommet Roma kl. 15.50, men for Dublin-returer krever Italia ankomst før kl. 14.00.»

Ambassadøren: Vil ikkje påverke forholdet

Ambassadør Alberto Colella seier til NRK at han «blei overraska og litt skuffa over kommentarane i saka».

– Vi er midt i den verste helsekrisa det siste hundreåret. I Europa si historie har det ikkje vore ein meir kritisk situasjon sidan den førre verdskrigen. Ein openberr forholdsregel, når ein fraktar nokon frå eit land til eit anna, er ein koronatest, seier han.

Han legg til:

– Eg er verkeleg overraska over at dei norske styresmaktene ikkje ein gong tenkte på det.

– Korleis vil dette påverke forholdet mellom landa?

– Ingenting, fordi Italia og Noreg er to veldig vennelege land. Vi har fantastiske bilaterale forhold på alle nivå, både økonomisk, politisk og sosialt. Dette er ei lita ulykke som kan skje, svarer han.

PU tok sjølvkritikk

Politiets utlendingseining ønskjer ikkje å kommentere saka vidare, og viser til dei svara dei allereie har gitt.

PU-sjef Arne Jørgen Olafsen sa til NRK at dei forsøkte å få svar frå Italia om dei stilte krav om covid 19-test, men utan at dei fekk svar.

– Ein kan sjølvsagt i etterpåklokskapens lys sei at vi burde forstått det og tatt ein test for sikkerheits skuld. Vi retta oss etter dei krav til helseopplysningar som er etter Dublin-forordninga, og dei var oppfylt, sa Olafsen.

Charterflyet stod på bakken i Roma i fleire timar og det blei jobba på fleire nivå for å finne ei løysing. Ambassadøren var sjølv involvert. Det blei mellom anna undersøkt om dei kunne ta ein covid 19-test på staden, ifølgje ein politirapport NRK har fått innsyn i:

«Eskorteleder foreslo for italienske myndigheter at vi kunne fremstille familien for lege, ta en test og betale for hotell i påvente av resultat. Dette fikk vi ikke aksept for. Familien fikk ikke lov til å forlate flyet.»

AKTUELT NÅ