Hopp til innhold

Ismangel og gift truar isbjørnen

Mindre is og høge konsentrasjonar av miljøgift er ein stor trussel mot isbjørnen i Arktis. No skal den samla effekten av dette målast.

Isbjørnunger
Foto: Jenny Bytingsvik

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

For første gong skal forskarar no finne ut korleis isbjørn taklar kombinasjonen av miljøgift og klimaendringar som fører til at det blir mindre is i Arktis.

Forskarane skal undersøkje om miljøgifter gjer det vanskelegare for isbjørnen å tilpasse seg eit varmare klima.

Spørsmålet er rett og slett om isbjørnen kan overleve klimaendringane.

SJÅ OGSÅ: Isbjørnen i fare

Mindre is

Eit fire veker langt tokt med forskingsfartøyet Lance er nyleg avslutta, og forskarane fekk med eigne auge sjå at effekten av klimaendringane er svært synleg i områda rundt Svalbard.

Merking av isbjørn
Foto: Jenny Bytingsvik

- I nokre område er det mykje mindre is enn det som er normalt, seier isbjørnforskar Jon Aars ved Norsk Polarinstitutt. Aars var leiar for isbjørntoktet.

Jon Aars, Isbjørnforsker, Norsk Polarinsitutt
Foto: NRK

- Mellom anna såg vi mindre is enn vanleg i fleire område der det tradisjonelt er mange hi, seier han.

- Det er dei yngste og dei eldste dyra som vil merke det først når isforholda blir dårlege, seier Aars. Færre isbjørnungar vil overleve - det same gjeld svært gamle dyr.

Miljøgift i isbjørnen

I tillegg til å kartleggje ismengde, tok forskarane blodprøver og prøver av spekket for å leite etter miljøgifter. Det blei teke prøver av 79 bjørnar, som alle blei bedøvde frå helikopter.

Bjørn Munro Jenssen, Professor, NTNU
Foto: NRK

Prøvene er enno ikkje ferdig analyserte, men forskarane kan allereie no slå fast at det er gift i bjørnen.

- Saman med Norges Veterinærhøyskole og Veterinærinstituttet har vi målt svært høge nivå av PCB og andre miljøgifter, som bromerte flammehemmarar, seier professor Bjørn Munro Jenssen ved Norges Teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU).

I tillegg til desse tre institusjonane, og Norsk Polarinstitutt, deltek Universitetet i Oslo i prosjektet. Også danske og russiske forskarar er med på prosjektet, som er ein del av det internasjonale Polaråret.

Sterk effekt av gift og klimaendring

Det er omlag sju år sidan sist ein analyserte prøver av isbjørn for å finne omfanget av miljøgift. Denne gongen skal forskarane altså - for første gong - sjå på den samla verknaden av miljøgifter og klimaendringar.

Isbjørner
Foto: Jenny Bytingsvik

- Vi fryktar at effekten er stor. Men det vil ta ei god stund før vi har dei endelege svara - vi har eit omfattande analysearbeid framfor oss, seier Jenssen, som er leiar for forskingsprosjektet.

Miljøvernminister Helen Bjørnøy meiner situasjonen er svært alvorleg.

Helen Bjørnøy, Miljøvernminister (SV)
Foto: NRK

- Det at isen smeltar er ein trussel i seg sjølv, i tillegg kjem altså miljøgiftene. Heile Arktis er jo blitt ein gigantisk avfallsplass for miljøgifter, som blir transporterte nordover med hav- og vindstraumar.

Rein industri

- Korleis kan norske styresmakter bidra til å rydde opp i dette?

- Vi må arbeide for å få tilslutning til internasjonale avtalar, og Noreg har vore ein pådrivar for strengere globale avtalar når det gjelder miljøgifter. Og så må vi sørgje for ein rein norsk industri, slik at vi får minst mogeleg av miljøgifter både i vatn og luft, seier Bjørnøy.

Strengare krav

- No er det rett nok ikkje norsk industri som er den største syndaren, det først og fremst industrien i andre land som slepper ut giftstoff som forureinar også i Arktis, seier ho.

- Likevel må vi få eit strengare regelverk her heime, slik at ny industri ikkje får løyve til å sleppe ut miljøgifter.Tysdag skal Stortinget behandle ei stortingsmelding der vi foreslår ei innskjerping i regelverket. Målet om eit giftfritt samfunn er viktig for regjeringa, seier Bjørnøy.

I tillegg arbeider regjerninga for å redusere utsleppa av CO2 og andre stoff som fører til at temperaturen på jorda stig.

Merking av isbjørn
Foto: Jenny Bytingsvik
Isbjørn
Foto: Jenny Bytingsvik

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger