Hopp til innhold

Islamist dømd for trugslar mot Abid Raja

Islamisten Mohyeldeen Mohammad er dømd til to år og tre månader i fengsel for trugslar mot venstrepolitikar Abid Raja. Dommen blir anka til høgsterett.

Moheyldeen Mohammad i video publisert 12. november

Mohyeldeen Mohammad er dømd til fengsel i to år og tre månadar etter trugslar mot politikar Abid Raja.

Foto: Skjermdump / YouTube

Avgjersla kom i Borgarting lagmannsrett i dag. Ein lagdommar og ein lekdommar ville frikjenne Mohammad, men dei andre dømte han.

Det er avklart at Mohyeldeen Mohammad vil anke.

– Eg er einig i mindretalet si meining om at dette ikkje kan oppfattast som ein trussel. Det gir eit godt grunnlag for å anke dommen vidare til høgsterett, for å få ei avklaring på kva grensene for ytringsfridom går i slike tilfelle, seier forsvarar Brynjar Meling

Brynjar Meling i Borgarting lagmannsrett

Forsvarar Brynjar Meling seier at Mohammad vil anke dommen til Høgsterett.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Ifølgje forsvararen meiner Mohammad at utsegnene er beskytta av ytringsfridommen.

– Han har aldri meint å true, han har aldri meint å skade eller legitimere noko angrep på Abid Raja som privatperson eller som stortingsmann, seier Meling.

I tingretten blei Mohammad dømt til fengsel i to år og seks månader. No er han dømd til å betale 130 000 i oppreising til Raja.

Abid Raja seier at han har stilt seg til disposisjon for samfunnet som politikar, ikkje for å bli trua av ekstremistar.

– Det har vore og er belastande å leve med dei trugslane Mohyeldeen har utsett meg for i den videoen han laga. Eg er fornøgd med at lagmannsretten, som tingretten, meiner vi folkevalde ikkje må finne oss i slike straffbare trugslar, seier Raja.

– Lagmannsretten har lagt vekt på kor alvorleg saka er og idømt ein passande straff og ei høg oppreising. Dommen er eit klart signal om at alvorlege trugslar mot stortingspolitikarar skal straffast hardt, seier bistandsadvokat Olle Nohlin, hos Matrix advokatar.

Også statsadvokat Fredrik Ranke er fornøgd med dommen i Borgarting lagmannsrett.

– Fleirtalet har langt på veg følgt oss i straffeutmålinga. To rettsinstansar har no gjeve påtalemyndigheitene fullt medhald, seier Ranke.

Trugslar på sms og Youtube

Mohammad var tiltalt for trugslar, etter å ha sendt fleire SMS-ar til Raja i september 2016.

I meldingane skreiv den profilerte islamisten blant anna at stortingspolitikaren er «eit skittent svin», som burde brenne i helvete.

Ein video Mohammad la ut på Youtube om Raja etter at meldingane blei omtalt i media, har også vore ein del av tiltalegrunnlaget i saka.

I videoen kjem Mohammad med ei vurdering av kva som skal skje med Raja. Mohammad seier blant anna at «ein fatwa ikkje er naudsynt».

Politi i lagmannsretten

Politiet var til stades under ankesaka i Borgarting lagmannsrett.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

AKTUELT NÅ