Politiet i opplyser i kveld at situasjonen no er betre på hovudvegane, men at det framleis er svært glatt på ein del sidevegar. Ifølgje politiet i Oslo er det verste over i hovudstadsområdet, men det er framleis glatt lenger sør.
Det har vore svært mange kjedekollisjonar og utforkøyringar som følgje av det isglatte føret. På E6 i Follo vart det meldt om 15 trafikkuhell i løpet av kort tid, og på E18 i Vestfold var 14 bilar blanda inn i ein kjedekollisjon. Ingen er alvorleg skadd.
Det har også vore stor pågang hos legevaktene av folk som har sklidd på glatta, og det er spesielt mange armbrot.
Alt tilgjengeleg materiell
Hilde Bjørnstad ved Vegmeldingssentralen for Oslo, Akershus, Østfold, Hedmark og Oppland opplyste i ettermiddag at det var glatte vegar i stort sett heile området deira, både på hovudvegane og på sidevegane.
Statens vegvesen mobiliserte alt tilgjengeleg materiell for å salte. Problemet er likevel at vanleg salting ikkje er nok når det regnar på ein isete bakke. Politiet gjekk tidleg ut og bad folk om å la bilen stå.
Politiet vurderte å stengje E6 i Follo i Akershus som følgje av dei mange ulukkene, men dei nøydde seg med å snevre inn til eitt felt i sørgåande retning, der det var mest trafikk. Operasjonsleiar Børge Løge i Øst politidistrikt sa til NRK at det var «avsindig glatt».
Han opplyser at fleire politipatruljar på E6 driv det han kallar gåsemorkøyring. Patruljane legg seg med blålys framfor køar med bilar og køyrer sakte.
Like før klokka 18.25 melde politiet i Follo om eit vogntog som velta på veg nordover på E6 i Vestby. Vogntoget vart liggjande på taket, og politiet måtte knuse eit vindauge for å få ut sjåføren. Han er ikkje alvorleg skadd.
Følg trafikken her:
Obs-varsel
.
skjedde på E18 ved Bringåkertunnelen i Holmestrand kommune. Det er ikkje meldt om personskade, men politiet opplyser at det er svært glatte vegar over heile fylket.
I Brøstadbotn i Troms
og velta like før klokka 15. Det var seks elevar pluss sjåføren om bord. Ambulansen tok med seg elevane til legesjekk. Det er vanskelege køyreforhold med issørpe i området, men politiet kan ikkje seie om det var årsaka til ulukka.– Fullstendig kaos
Ein bilførar NRK har snakka med E6 ved Moss seier at det var
.– Bilane ligg strøydde. Dei har køyrt i kvarandre og i grøfta. Det er heilt ko-ko, sa han.
Det såg stygt ut fleire stader på E6, men politiet opplyser at det ikkje er registrert alvorleg personskade.
I Nordland var E6 gjennom Helgeland
fordi mange vogntog stod fast, men vegen er no delvis opna igjen.Vegmeldingssentralen for Buskerud, Telemark og Agderfylka melde om svært glatte vegar, spesielt i den nordlege delen av området. E18 i nordleg retning var like før klokka 21 framleis stengt etter dei mange trafikkuhella ved Holmestrand. Det er skilta omkøyring.
I kveld ser det ut til at situasjonen er verst i Agder.
I Stokke i Vestfold er tre menneske skadde i ei trafikkulukke og tekne til sjukehuset i Tønsberg, opplyser politiet. Det er uklart kor alvorleg skadde dei er.
Brannvesenet i Vestfold åtvarar om at det som ser ut som våt asfalt fleire stader, ofte kan vere som ei skøytebane.
Det er også svært glatt for fotgjengarar. Både vegar og fortau er såpeglatte ein del stader. Bane NOR, tidlegare Jernbaneverket, åtvarar om glatte plattformer på jernbanestasjonane.
– Held fram utover kvelden
Meteorologisk institutt opplyser at underkjølt regn vil føre til glatte vegar vidare utover kvelden. Dei har sendt ut obs-varsel om underkjølt regn i store delar av Sør-Noreg.
Politiet i Agder melder ved 17-tida at ein buss med fleire born om bord har køyrt av vegen i Birkenes. Det er ikkje meldt om personskade i denne ulukka.