- Over 1000 irakarar frå Noreg, Sverige og Danmark har ringt til oss for å be om hjelp til å kome seg til Irak. Dei ønskjer å bidra i styrkane til Saddam Hussein mot angrepsstyrkane, seier Jamal Abbeulraka, attaché ved den irakiske ambassaden i Sverige, som omfatter heile Norden.

Mange av dei som vil heim, er kurdarar som har mista telefonkontakt med slektningane sine. I kurdarområda i Nord-Irak har mange flykta ut av byane. (Foto: Reuters)
Han opplyser at grensevaktene rapporterer om heimvende irakarar frå Skandinavia, og at dei fleste kjem til Irak via Syria og Jordan. Delar av opplysningane frå ambassaden blir stadfesta av det som i går kom fram i den danske avisa Jyllands-Posten.
Avisa skreiv der om ei gruppe irakarar busette i Danmark, Sverige og Tyskland som vende tilbake til Irak for å verne familiane, og for å delta i krigen - på Saddam Husseins side.
- Propaganda
Azna Madjid, som er irakar og arbeider på Sandermoen asylmottak i Noreg, seier derimot at han er overtydd om at utspelet frå ambassaden er rein propaganda.
Madjid kjenner mange irakarar her i landet. Han meiner regimet i Bagdad er desperate.
- Dei veit at deira dagar ved makta kjem til å ta slutt. Eg trur ikkje at folk som sit i Noreg tenkjer på å reise tilbake for å kjempe for eit slikt regime, seier Madjid til NRK.
Ikkje krig
Dagsavisen skriv at også reisebyråa melder om stor pågang frå irakarar som ønskjer å reise heim. Men inntrykket er ikkje at det er ønskjet om å delta i krigen som er årsaka.
- I morgontimane i går hadde vi kontakt med over 30 irakarar som ønskjer å reise med første og beste fly heim. Då det viste seg å vere umogeleg, ønskte fleire å reise til Tyrkia. Vi har aldri opplevd noko liknande, seier Azmarir Kumar, dagleg leiar i Meru Travels & Tours.
Det bergenske reisebyrået har spesialisert seg på reiser til Midtausten-området. Kumar seier at han ikkje fekk inntrykk av at det var ønskjet om å delta i krigen som var årsaka til at irakarane ønskjer å reise.
Kurdarar
Dei fleste var kurdarar som hadde mista telefonkontakt med slektningane sine.
- Dei var bekymra og nokre av dei gret. Det verka på meg som om dei ønskte å kome seg til slektningar i nabolanda til Irak, i håp om at nærleiken ville gje dei betre informasjon om deira næraste, fortel Kumar.
Mizdah Allaff, leiar for 200 medlemer i Kurdisk Kulturforening i Oslo, seier at han ikkje har høyrt om kurdarar som har reist.
- Dersom kurdarar dreg heim, er det i så fall for å forsvare Kurdistan mot Tyrkia, ikkje for å hjelpe Saddam Hussein, seier han.