NRK Meny
Normal

Intervjuar asylsøkjarar på Skype

UDI effektiviserer saksbehandlinga etter den kraftige flyktningstraumen til landet, og gjennomfører mange asylintervju på Skype. Rettstryggleiken for asylsøkjaren blir varetatt, og nasjonale interesser blir sikra, meiner etaten.

En asylsøker blir intervjuet av UDI via Skype

Ein asylsøkjar blir intervjua av UDI på Skype.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Asylsøkjarane står i kø for å koma seg gjennom papirmølla som kan sikre dei opphald i Norge. For å unngå reising ut til alle asylmottaka, er UDI sine saksbehandlarar no i gang med å intervjue asylsøkjarane på Skype.

Det betyr at saksbehandlar og tolk sit i Oslo, og asylsøkjaren sit på einerom på eit mottak ein stad i landet.

Spreidd over heile landet

Bakgrunnen for denne nye intervjuløysinga er at UDI no har så mange flyktningar spreidde på asylmottak rundt om i heile landet at dei må effektivisera drifta og gjennomføra asylintervju på enklare måtar enn å møte dei fysisk.

NRK var med då ein 25 år gammal syrar skulle til intervju. Han sit på mottak i Nordland, etter å ha kome inn i landet via Storskog.

– Eg kjem frå Assad-styrt område, men blei kalla inn til militærteneste og drog derfor frå Syria i slutten av august. I Beirut fekk eg visum til Russland og tok flyet vidare til Moskva. Derfrå drog eg til Murmansk og over grensa til Norge ved Storskog, fortel han NRK før asylintervjuet kjem i gang.

– Korleis visste du om den grensa?

– Nokre vener av meg hadde reist den vegen først.

Vi busetje seg i Norge

Han fortel at han hadde lest om fleire land før han la ut på flukt, mellom anna Tyskland og Norge. Han har ein bror som har slått seg ned i Tyskland.

Asylintervju

Asylsøkjaren sit på mottak i Nordland og blir intervjua på Skype av saksbehandlar i UDI i Oslo.

Foto: UDI

Men eg vil gjerne busetje meg i Norge, seier 25-åringen, som er utdanna farmasøyt frå eitt av universiteta i heimlandet.

Han har ingen problem med å la seg intervjua av UDI på Skype og føler seg trygg på at han blir rettferdig behandla. Han fortel at han kan litt engelsk, men intervjuet går likevel på arabisk via UDI-tolk.

Innhaldet i asylintervjuet er naturlegvis høgst personleg, og vi kan ikkje sitera anna enn at han blir bedt om å snakka sant og gi svar på alle spørsmål som blir stilt.

UDI: – Varetar rettstryggleiken

Vesna Curk, fung. avd.dir i UDI

Fungerande avdelingsdirektør i UDI, Vesna Curk.

Foto: NRK

UDI har gjennomført over 50 intervju på Skype, og det blir fleire i tida framover. Fungerande avdelingsdirektør Vesna Curk meiner dei klarer å vareta rettstryggleiken til asylsøkjarane ved slike fjern-intervju.

– Erfaringane er veldig bra. Vi sparer kostnader når asylsøkjarane ikkje treng å reise til Oslo. Dei er dessutan utkvilte og klare til intervju. Vi føler ikkje at intervjuformen svekker rettstryggleiken, og det svekker heller ikkje vår kontroll av asylsøkjaren, seier ho.

Også Politiets Sikkerhetstjeneste, PST, meiner Skype-intervju er trygt. Dette blir nok ikkje gjort med kven som helst, opplyser PST til NRK.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger