Hopp til innhold

Intern usemje i Fotballforbundet

Salet av fotballrettar til Canal + har vekt sterke reaksjonar også internt i Fotballforbundet. No lovar nestleiar Einar Schultz ein meir open prosess når resten av rettane skal seljast.

Video - Avtalen sikrar økonomien

VIDEO: - Avtalen sikrar økonomien, seier Einar Schultz.

Paul Glomsaker

Generalsekretær i Fotballforbundet, Paul Glomsaker.

Foto: Lars Egil Mogård / NRK

NRK kjenner til at generalsekretær i Fotballforbundet, Paul Glomsaker, er mot avtalen, men han ville ikkje snakke med NRK i dag. Fotballpresident Yngve Hallên er for avtalen, men han vil heller ikkje uttale seg i dag.

LES OGSÅ: NIF vil granske fotballavtalen

Forstår argumenta

Nestleiar i Fotballforbundet,. Einar Schultz, seier at han forstår argumenta mot avtalen forbundet har inngått med Canal +, men at totaliteten var så bra for forbundet at dei måtte seie ja.

Han minner om at det som no er selt til Canal + berre er ein del av ein større pakke, og han lovar ein meir open prosess når resten skal ut i marknaden.

Schultz meiner denne avtalen sikrar norsk toppfotball ein solid økonomi, og at fotball i dag er ein tøff kommersiell verksemd. Han seier også at i forhold til Norsk Tipping, som har uttalt seg kritisk om avtalen, så har Fotballforbundet strekt seg langt for å sikre deira interesser.

Tidlegare denne veka vart det kjent at Fotballforbundet i det stille har forhandla fram ein avtale med Canal+ om rettane til å sende seks eliteseriekampar kvar runde i fire år frå 2013.

LES OGSÅ: Alle eliteseriekampene kan havne på Canal Pluss

LES OGSÅ: Canal Plus er svoltne på meir fotball

TV 2 reagerer

Dette har vekt sterke reaksjonar, ikkje minst hos TV 2, som har rettane i dag. Dei meiner det er uhaldbart at dei ikkje ein gong fekk vere med i bodrunden om desse rettane. Også fleire politikarar har gått hardt ut mot avtalen.

Idrettspolitisk talsman i Framstegspartiet, Øyvind Korsberg, kallar avtalen ein tabbe. Han meiner Fotballforbundet har selt arvesølvet utan å sjekke kva det er verd, og at dette kan ramme norsk fotball hardt.

- Eg håpar det er dugløyse som ligg bak, og ikkje eventuelle skjulte motiv, skreiv han i ei pressemelding i går. Han meiner Fotballforbundet burde hatt ein open prosess til det beste for norske TV-sjåarar, fotballspelarar og norsk fotball.

Video Strid internt i Fotballforbundet

VIDEO: Strid internt i Fotballforbundet

- For godt til å takke nei

Canal Plus hadde sett som føresetnad for tilbodet sitt at ingen andre partar skulle vere med. Forbundsleiar Yngvar Hallèn i Fotballforbundet sa tidlegare denne veka at tilbodet frå Canal Plus var for godt til at dei kunne seie nei.

Partane vil ikkje seie noko om kor mykje Canal Plus har betalt for desse rettane, men det har vore snakk om summar på over ein milliard kroner.

AKTUELT NÅ