Torsken kommer nå

Fersk torsk 365 dagar i året? Oppdrettstorsken er for alvor i skotet.

Torskeoppdrett

Oppdrett at torsk er på veg til å bli svært attraktivt. Leveranse 365 dagar i året er noko av årsaka.

Foto: Øyvind André Haram / NRK

Atlantic Cod Farm

Børge Søraas er dagleg leiar i Atlantic Cod Juveniles, yngelprodusent i Rissa i Sør-Trøndelag

Foto: Øyvind André Haram / NRK

Eit nytt torskeeventyr frå Noreg er på god veg ut i den store verda. Etter strevsame forsøk i fleire år, er oppdrettsbransjen på god veg til å ale fram eit nytt produkt ein tener pengar på. Fersk oppdrettstorsk er nemleg i skotet som aldri før. I fjor auka eksporten med 20 prosent.

Ikkje nok yngel

- Vi har ordrebøkene fulle for heile 2008.

Børge Søraas er dagleg leiar i Atlantic Cod Juveniles i Rissa i Sør-Trøndelag. Yngelanlegget aler fram torsk før den går vidare til eit settefiskanlegg. Selskapet er ein del at Atlantic Cod Farms, eit av 100 selskap som satsar på torsk i Noreg.

- Det er slik i Noreg i dag at det er underleveranse av yngel. Det er mange som vil satse

- Kva tyder det på?

- Torsk er populært. Utan tvil.

Tener pengar

For tida står det rundt seks millionar kroner i rein verdi i anlegget i Rissa. Kiloprisen på det endelege produktet har og vore svært god den siste tida.

- To gongar i fjor var kiloprisen på ferdig filet over hundre kroner. Det er ny rekord, seier kvalitetssjef for kvitfisk i Eksportutvalet for fisk Tove Sleipnes.

- Vi ser ein er villige til å betale for dette. Godt produkt gjev gode prisar. England er for tida den største marknaden for oppdrettstorsken, men og dei største landa i Europa byrjar å få auga opp for dette produktet.

Året rundt

Trumfkortet oppdrettarane har er leveranse. Medan den ville torsken gyter på nyåret og utover våren, kan fersk oppdrettstorsk leverast året rundt.

- Det er ein fin balanse dette, mellom det tradisjonelle fiskeriet og oppdrettarane, hevdar direktør i oppdrettsorganisasjonen FHL, Geir Ove Ystmark

- At Noreg kan levere fersk torsk 365 dagar i året, gjer Noreg enno meir attraktiv som fiskerinasjon, trur Tove Sleipnes.

Med auka etterspurnad er det og ønskje om fleire i bransjen i følgje FHL.

- Det er eit stort potensiale i oppdrettstorsken. Vi har både områder som er tilgjengelege, samt at det ikkje er noko tak på konsesjonar i dag. Kven som helst kan i prinsippet starte, inviterer Geir Ove Ystmark.

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger