NRK Meny
Normal

Innrømmer at det vil koste og ber om fleire kutt

Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer kostbare omveltingar for eit meir klimavenleg Noreg. Grøn Ungdom meiner partiet må vere villig til å kutte meir i andre utgifter.

Anna Kvam i Grøn Ungdom

VIL KUTTE UTGIFTER: Anna Kvam (21) i Grøn Ungdom og førstekandidat i Rogaland meiner alle parti bør ta inn over seg om omstilling er avhengig av økonomiske kutt og prioriteringar.

Foto: Espen Breivik / NRK

Investeringar i nye næringar, jernbane og klimabistand er noko av det Dei Grøne vil ha gjennom på vegen mot eit grønare Noreg.

Dette vil partiet gjere samtidig som vi skal jobbe mindre og avvikle oljenæringa på få år. Dette skal dei få til utan å kutte i velferda til innbyggjarane.

– Vi kjem til å få prioriteringsutfordringar i løpet av perioden der vi må omstille. I ein kort periode der vi må investere i nye næringar og byggje infrastruktur, seier talsperson i Grøn Ungdom og førstekandidat frå Rogaland, Anna Kvam.

– Må stramme livreima i ein periode

Ho skulle gjerne sett at partiet var villig til å gå inn for fleire kuttforslag som ho og andre delegatar fronta på landsmøtet på Lillehammer denne helga.

– Vi må stramme inn livreima i ei overgangsperiode og klare å prioritere når det er naudsynt, seier ho.

Kvam var med på å fronte kutt i sjukeløna og ei avvikling av BSU-ordninga. Førstnemnde kunne spart staten for millionar, men ingen av forslaga gjekk gjennom. Vedtaket om kortare arbeidsdagar støtta Kvam heller ikkje. Framleis finst det andre gode ho er villig til å kutte.

– Utgifter som pendlarfrådrag, rentefrådrag for bustad og så vidare. Det finst mange små, unødige ordningar som ein til saman kan spare ein del på å fjerne, seier ho.

– Det vil koste meir å vente

Miljøpartiet De Grønne i forkant av landsmøtet

Nasjonal talsperson i MDG, Une Bastholm, meiner ho og partiet har økonomien under kontroll og ikkje er avhengig av dramatiske kutt.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Talsperson i Miljøpartiet, Une Bastholm, likar tankegangen til ungdomskandidaten, men er trygg på den økonomiske politikken til partiet slik han er i dag. Det er ein tryggare politikk enn det ho kallar ein oljeavhengig økonomi.

– Vi må ta inn over oss at verda og næringane er i endring, spesielt olje- og gassetterspørselen, seier ho.

De har vedtatt å redusere arbeidstida frå 37 til 30 timar i veka, det kan vel ikkje vere bra for økonomien?

– Jo, det er ikkje sikkert det vert dyrare for samfunnet. Det kan gi plass til fleire av dei som er arbeidsledige, folk får meir fritid og kan halde seg friske lengre.

Bastholm peikar på at riktig skattepolitikk og tydelege prioriteringar kan sørge for ei omstilling utan store konsekvensar.

Har tru på framtidige kutt

Førstekandidaten frå Rogaland meiner kutt er avgjerande. Ho vil halde fram med nye forslag og vonar at partiet vil modne med tida.

– Eg vil jobbe for å få inn truverdige kuttforslag i programmet vårt ved andre høve. Det er naudsynt skal vi klare ei omstilling, seier Kvam.

21-åringen meiner likevel at partiet har den mest ansvarlege økonomiske politikken, trass i at ingen av sparingsforslaga hennar gjekk gjennom.

– Vi har den mest ansvarlege politikken på lang sikt, seier ho.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger