Hopp til innhold

Høgskolen i Oslo og Akershus innfører nikab-forbod på enkelte studier

Høgskolen i Oslo og Akershus forbyr bruk av ansiktsdekkande plagg på enkelte studium. – Fornuftig, meiner kunnskapsministeren.

Forbyr niqab på nokre studium

Frå nyttår innfører Høgskulen i Oslo og Akershus forbod mot nikab på nokre studium, mellom anna alle helsefag.

Somia Salaouatchi

Somia Salaouatchi reagerer på at det blir strengare også på Høgskulen i Oslo og Akershus.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

– Veldig mange med nikab vil bli fråteke ein viktig moglegheit til å kunne bidra til samfunnet og bli uavhengige og sjølvstendige, seier Somia Salaouatchi (27), leiar av Sisters corner, ein organisasjon for muslimske kvinner.

Sjølv studerte ho spesialpedagogikk i to år på Universitetet i Oslo før det blei innført forbod mot heildekkande ansiktsplagg på hennar utdanning.

I dag har høgskulen ingen klare reglar på bruk av ansiktsdekkande plagg, men retningslinjer som gjer det opp til kvart enkelt fakultet å avgjere om dei skal ha forbod eller ikkje. Nokre utdanningar praktiserer forbod. Innan 15. desember vert retningslinjene revidert.

– I nokre utdanningar er det viktig at studenten ikkje bruker heildekkande ansiktsplagg. Derfor lagar me nye retningsliner som er så tydelege at studentane veit kva krav me stiller, seier rektor Kari Toverud Jensen.

Debatten tok til i haust då Alla Ahmadi (23), som byrja på bioingeniørutdanninga, møtte til studiestart i heildekkande nikab. Studieleiaren gav kjapt beskjed om at det ikkje var mogleg å gjennomføre studiet med nikab. Ahmadi slutta innan ei veke.

Gjeld alle helsefag

«(…) spørsmålet om bruk av nikab ved Høgskolen i Oslo må vurderast i forhold til om det er forenelig med de profesjonsfagleg krav som stilles i de ulike utdanningane og med det pedagogiske opplegget som vert nytta i de forskjellige utdanningane» seier retningslinjene høgskulen reviderer.

Dekanen på fakultet på helsefag er klar:

– For dei aller fleste utdanningane på fakultetet er ikkje bruk av heildekkande ansiktsplagg i samsvar med eit gjennomført studium, seier Nina Waaler.

Vidare trekkjer ho fram tre hovudgrunnar til dette: Hygiene og tryggleik, kommunikasjon og praksis.

– Uforeinleg med dei fleste utdanningane, ikkje i alle?

– Med tanke på det andre punktet, kommunikasjon, så er det ikkje i samsvar med nokon av utdanningane. Bruk av nikab gjer det vanskeleg med ikkje-verbal kommunikasjon, som studentane trenar på.

På nokre utdanningar jobbar studentane med pasientprøvar, blodprøvar og urinprøvar og kan derfor vere ei potensiell smittekjelde. Andre jobbar med store og kraftige maskinar, og då er eit vidt blikk naudsynt av omsyn til tryggleiken, seier ho.

Waaler påpeikar også at alle helsefag har praksis som krev godkjenning for at studenten skal bestå. Per i dag er det ingen praksisplassar som tillèt ansiktsdekkande plagg.

Dette vil seie at studenten ikkje kan bruke heildekkande ansiktsplagg på nokon helsefag.

Reagerer på argumenta

Salaouatchi meiner Høgskulen ikkje har dekning for argumenta sine.

– Dekan på helsefag kan ta på seg ein nikab og prøve sjølv. Ein mister ikkje sidesynet, seier ho.

Vidare foreslår ho løysingar til fleire av argumenta Fakultet for helsefag kjem med. Til dømes kan studentane bruke munnbind i staden, noko fleire helsearbeidarar allereie gjer. Med munnbind hindrar ein også at stoffet frå nikaben kjem i kontakt med farlege maskinar.

Salaouatchi meiner også at nikab ikkje er til hinder for kommunikasjon.

– Eg veit personleg at det ikkje stemmer. Det fungerer fint å kunne kommunisere med ein som skjuler nase og munn. Gjer forsking på det, og vis at det er eit problem, så er det ingen som kan seie noko.

Kunnskapsministeren: – Fornuftig

Torbjørn Røe Isaksen

Kunnskapsministeren, Torbjørn Røe Isaksen, synst det er fornuftig og håpar fleire gjer det same.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Bruk av nikab går under ordensreglementet. Både barne- og ungdomsskular, vidaregåande skular og høgare utdanning kan sjølv velje om dei vil innføre forbod. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ser inga grunn til å endre på dette.

– Me let institusjonar og skular bestemme sitt eige ordensreglement på alle andre område, og då er det rimeleg at ein gjer det også her.

– Eg er veldig klar på at eg meiner det er fornuftig å ha ein regel som seier at når ein er i klasserommet og skal bli undervist, i samhandel med andre elevar, så skal ein vise ansiktet sitt. Så eg meiner at fleire bør gjere dette og nytte seg av moglegheita dei har.

– Ser du nokre ulemper med forbod?

– Det er heilt sikkert nokre som går med nikab som ikkje vil like det. Likevel synst eg det er rimeleg å krevje å sjå ansiktet på kvarandre. Så eg ser ingen ulemper som er så store at dette ikkje er noko institusjonane både kan og bør gjere, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger