NRK Meny
Normal

Innanrikstrafikken lamma også i morgon

Alle innanriksrutene til Norwegian her i landet er kansellerte også i morgon. Partane i pilotstreiken står langt frå kvarandre og det er ikkje teikn til eit snarleg gjennombrot i forhandlingane.

Haleror på to Norwegian-fly på Oslo Lufthavn

Det blir flykaos også tysdag. Alle innanriksrutene til Norwegian ser ut til å bli kansellerte.

Foto: Morten Holm / NTB scanpix

Eit blikk på ruteoversikta til Norwegian viser at dei fleste flygingar frå Gardermoen til flyplassar i Noreg, Sverige, Finland og Danmark er kansellerte, medan internasjonale flygingar til land utanom Skandinavia ser ut til å gå etter ruteplanen.

Ifølgje ruteplanen skal avgangane frå Gardermoen til Stockholm og København i morgon tidleg gå etter planen.

Dette gjeld også avgangar frå Stockholm, København og Göteborg, medan Norwegian i Finland opererer nokre innanlandsflygingar.

FÅ FULL OVERSIKT HER: Norwegians flygingar tysdag

Dette gjeld også for dei andre store flyplassane, men det kan vere verd å merkje seg at ein Norwegian-avgang frå Stavanger til London i morgon kveld er innstilt. Den einaste Norwegian-flyginga som ser ut til å gå etter planen tysdag er avgangen til Krakow i Polen kl. 11.25.

Også frå Trondheim er den einaste avgangen med Norwegian i morgon ei flyging til Krakow.

Norwegian melder på nettsidene sine at nesten alle innanriksflygingar i Noreg og Sverige blir innstilte, medan eit avgrensa tal innanriksflygingar i Danmark blir gjennomførte. Dei fleste avgangane mellom dei skandinaviske hovudstadene er kansellerte, og nokre få Europa-ruter blir innstilte.

Selskapet melder også at følgjande flygingar vil gå som normalt:

  • Flygingar til og frå Storbritannia med rutenummer DY 2400 til DY 2900.
  • Flygingar til og frå Spania med rutenummer DY 5100 til DY 5598.
  • Flygingar til og frå Finland med rutenummer DY 5599 til DY 7999.
  • Flygingar til og frå USA og Thailand med rutenummer DY 7001 til DY 7999.

LES OGSÅ: Dette er Norwegian-konflikten

LES OGSÅ: Norwegian: – Vil uansett ta fleire dagar før alle flya er i lufta igjen

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger