Hopp til innhold

Inger Merete Hobbelstad er NRKs nye kulturkommentator

Inger Merete Hobbelstad tar over etter Agnes Moxnes som kulturkommentator i NRK.

Inger Merete Hobbelstad

BYTTAR JOBB: Inger Merete Hobbelstad går frå å jobbe med kultur i Dagbladet, til å jobbe med kultur i NRK.

Foto: Ina Strøm / Kagge Forlag

– Det eksisterer ei slags feiloppfatning om at mykje kulturstoff ofte er smalt, at det er for spesielt interesserte.

Den oppfatninga vil Inger Merete Hobbelstad (41) til livs.

– Det handlar om korleis det er å vere menneske i verda her og no. Det handlar om samfunnet vi lever i, og det handlar om kvar vi kjem frå, fortel ho engasjert.

Hobbelstad har vore journalist og kommentator i Dagbladet sidan 2005. No startar ho i jobben som kulturkommentator i NRK. Ho innrømmer at det blir rart å bytte beite.

– Alle i Dagbladet føler seg som Dagbladet-folk, men eg har hatt eit sterkt band til NRK frå eg var bitteliten. Eg gler meg til å dukke endå lenger inn i den institusjonen, og gjere dei banda endå sterkare.

Opptatt av formidling

Hobbelstad har gitt ut fire bøker, og har ein mastergrad i litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo.

Der skreiv ho oppgåve om Homers Iliaden, eit epos som blir datert tilbake til rundt år 800 før vår tidsrekning. Der undersøkte ho korleis handlinga har blitt tolka i moderne popkultur.

– Det er noko eg er veldig opptatt av. Korleis popkulturen speglar av det vi tenker og føler, og korleis vi treng å få gamle ting formidla for at vi skal forstå det betre og kunne relatere til det, seier ho.

Hobbelstad er for tida i foreldrepermisjon, men gler seg til å begynne i ny jobb. Jobbtilbodet fekk ho på eit venterom.

– Eg gav rett og slett frå meg eit lite gledeskrik. Eg trur det vekte litt oppsikt der eg var, fortel ho.

– Kjem til å bli ei tydeleg stemme

Redaksjonssjef i NRK kultur og underhaldning, Marianne Ytre-Eide, seier det var fleire sterke kandidatar til jobben.

– Vi er veldig glade for å få Inger Merete Hobbelstad inn i denne viktige jobben. Ho har brei og solid kompetanse innanfor kulturfeltet. Med sin glød og sitt engasjement kjem ho til å bli ei tydeleg stemme som set NRKs kulturjournalistikk på dagsorden og vil gjere publikum klokare, seier Ytre-Eide.

Hobbelstad har i fleire år arbeidd som kritikar og har stort kjeldenettverk i kulturbransjen, seier Ytre-Eide.

– Inger Merete har jobba med kulturjournalistikk i nesten heile sitt vaksne liv. Ho viser stor innsikt i mange ulike typar kultursaker og har ofte overraskande innfallsvinklar på sakene sine.

Tar over etter Moxnes

I september hadde mangeårige kulturkommentator Agnes Moxnes (67) sin siste arbeidsdag i NRK. Etter 35 år hos rikskringkastaren gjekk ho av med pensjon.

– Korleis blir det å fylle Moxnes sine sko?

– Det var veldig pene sko, viss eg hugsar riktig, seier Hobbelstad muntert.

– Moxnes osar av kompetanse og kunnskap, samtidig som ho klarar å formidle alt på ein roleg og tilgjengeleg måte som eg er sikker på at mange har sett pris på. Og så må eg prøve å ikkje måle meg for mykje opp mot henne, då trur eg at ein kan bli litt nervøs. Eg skal prøve å snakke og skrive på min måte og gjere den rolla til mi eiga.

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK