Hopp til innhold

Ingen mistenkt for Krekar-angrep

Ingen er pågripen, og ingen er mistenkt etter angrepet mot husværet til mulla Krekar i Heimdalsgata i Oslo natt til måndag.

Politioverbetjent Grethe Lien Metlid, leder ved voldsavsnittet

Grete Lien Metlid er leiar for valdsavsnittet ved Oslo politikammer.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Oslo-politiet etterforskar skota mot husværet til mulla Krekar, der svigersonen hans vart lettare såra, som eit drapsforsøk. Det er klart at det vart avfyrt fleire skot, og den 27 år gamle britiske svigersonen vart treft i handa av eitt av skota.

LES OGSÅ: - Uklart kva rolle Krekar har

LES OGSÅ:

LES OGSÅ: Etterforskes som drapsforsøk

LES OGSÅ: Mulla Krekars svigersønn skadd i skyteepisode

Grundig gjennomgang

Det var i femte etasje i dette husværet på Tøyen angrepet fann stad.

Det var i femte etasje i denne blokka på Tøyen i Oslo angrepet fann stad.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Mulla Krekar og resten av familien hans har vore i avhøyr i heile dag. Dette skjedde samstundes med at politiet gjekk grundig gjennom husværet og svalgangen utanfor.

Leiar for valdsavsnittet ved Oslo polititkammer, Grete Lien Metlid, seier at det ikkje er aktuelt for familien Krekar å flytte tilbake til husværet sitt slik situasjonen er no.

Ho seier at politiet ikkje er kjend med at det har vore spesielle truslar før det som skjedde i natt, men at politiet kjenner til tidlegare truslar.

Politiet stadfestar at dei ser på alle moglege spor, også ting som ligg tilbake i tid. Dei har også eit nært samarbeid med politiet si tryggingsteneste, PST, i denne saka.

Dårleg signalement

To personar vart observerte då dei sprang frå området like etter skyteepisoden, men politiet veit ikkje om desse har noko med saka å gjere. Politiet vil likevel gjerne snakke med dei, men ingen har meldt seg i løpet av dagen.

Signalementet av dei to er ikkje særleg detaljert, blir det opplyst.

Eitt kvarter etter skytinga kom det melding om at ein BMW personbil stod i brann ikkje langt unna. Politiet er svært interessert i å finne ut om denne bilen kan ha noko med det som skjedde i husværet til Krekar å gjere.

- Det er ikkje sikkert det er nokon samanheng mellom dei to episodane, men det skjedde om lag på same tida og i same området, seier politioverbetjent Grete Lien Metlid.

Det vart skote gjennom vindauget frå svalgangen.

Det vart skote gjennom vindauget frå svalgangen.

Foto: Morten Holm / Scanpix

AKTUELT NÅ