Hopp til innhold

Sjekkar utanlandsk journalist for Breivik-intervju

Anders Behring Breivik har igjen sagt ja til å la seg intervjua av ein utanlandsk journalist. Ila fengsel er no i gang med ein bakgrunnsjekk av den aktuelle journalisten.

Video Nyhetssending terrortiltale

Ila fengsel har kontakta utanlandsk politi for å tryggingsklarera ein journalist som ønskjer å intervjua Breivik.

Foto: Nyhetsspiller

Anders Behring Breivik

Anders Behring Breivik vil la seg intervjua før rettssaka, sjølv om forsvararane meiner han bør venta.

Foto: SCANPIX NORWAY / Reuters

Terrorsikta Anders Behring Breivik (33) har tidlegare opplyst at han ønskjer å gje eit eksklusivt intervju til eit utanlandsk medium før rettssaka startar den 16.april.

Fleire medieaktørar har meldt si interesse, etter at BBC nyleg trekte sin førespurnad. No har Breivik plukka ut ein av søkjarane som han er villig å snakka med innanfor murane til Ila fengsels- og forvaringsanstalt.

– Me har ein søknad inne til godkjenning. Etter det eg kjenner til er det snakk om éin utanlandsk person som vil inn for å intervjua Breivik, fortel fengselsdirektør Knut Bjarkeid til NRK.

Ber utanlandsk politi om risiko-sjekk

Fengselet har no bede utanlandsk politi om å utføra ein bakgrunnssjekk på den aktuelle journalisten.

Knut Bjarkeid på Ila vil melde saken inn for den europeiske torturovervåkningskomiteen.

Fengselsdirektør ved Ila, Knut Bjarkeid.

Foto: Leif Kristian Hatland / NRK

Bjarkeid vil ikkje gje nærmare informasjon om kva for ein medieaktør eller kva for eit land det er snakk om.

– Alt eg kan seia er at me har kontakta utanlandsk politi for å sjekka om vedkommande kan utgjera ein tryggingsrisiko, fortel fengselsdirektøren.

Vanleg praksis i Noreg er å sjekka personar som skal møta innsette opp mot politiregisteret. Generelt er fengselet svært kritiske til personar med narkotikakriminalitet på rullebladet, og til personar med tilknyting til organisert kriminalitet.

– I denne spesifikke saka er det snakk om særleg høg sikkerheit, og me må leggja ekstra strenge vurderingar til grunn for kven som slepp inn til Breivik. Me må ta ei konkret vurdering, seier Bjarkeid.

Det er uvisst kor lang tid det vil ta før tryggingsklareringa eventuelt er i boks.

– Usikker på publiseringstidspunkt

Vibeke Hein Bæra

Forsvarar Vibeke Hein Bæra meiner Breivik bør venta med å la seg intervjua til han har forklart seg i rettssalen.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Vibeke Hein Bæra, ein av forsvararane til Breivik, kjenner ikkje til kven som no blir bakgrunnssjekka før eit eventuelt intervju med klienten.

– Eg veit at fleire ønskjer å intervjua han. Breivik har tidlegare sagt ja til ein person, men har seinare ombestemt seg. Eg veit ikkje om det er same person,eller ein heilt ny, som no blir sjekka.

Forsvararane rår Breivik til ikkje å snakka direkte med media før rettssaka startar den 16.april.

– Me meiner rettssaka er den riktige ramma for å gje sin første fullstendige forklaring om kvifor han gjorde det han gjorde.

Breivik har likevel ønskja å gje eit intervju i forkant av hovudforhandlingane.

– Men han er usikker på publiseringstidspunktet, og har ikkje bestemt seg for om eit slikt intervju skal publiserast i forkant eller etterkant av hans forklaring i retten, fortel Hein Bæra.

Stiller krav

I det såkalla manifestet sitt skriv Breivik utfyllande om kva han tenkjer om pressa. Han gjev blant anna råd til likesinna om korleis dei skal forhandla med journalistar i ein intervjusituasjon.

Han skriv også om ei rekkje vilkår og krav han vil stilla til eit slikt intervju:

«I ein konfrontasjon skal ein nærma seg alle journalistar med sterke fordommar (...) For ein kulturkonservativ vil det å la seg intervjua utan å stilla krav,
vera det same som å autorisere eit karakterdrap på seg sjølv», skriv Breivik i eit delkapittel.

AKTUELT NÅ