NRK Meny
Normal

Ikkje streik i dei private barnehagane

Det blir ikkje streik i dei private barnehagane. Partane vart seint måndag kveld samde om ein avtale.

Barnehage

Det blir ikkje streik i dei private barnehagane. Partane vart seint måndag kveld samde om ein avtale.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Det var fare for at 112 private barnehagar i seks norske byar skulle bli ramma av streik. Det vanskelegaste punktet i forhandlingane var pensjonsspørsmålet, seier leiar i Fagforbundet, Mette Henriksen Aas til NRK.

Ho er glad for at partane vart samde, men seier samstundes at ho tidlegare ikkje har opplevd å vere så nær ein streik som denne gongen.

Ytingsbasert pensjonsordning

Mette Henriksen Aas

Forhandlingsleiar for Fagforbundet, Mette Henriksen Aas, er godt nøgd med avtalen.

Foto: Fagforbundet

Den nye avtalen inneber at alle barnehagar som blir medlem av PBL frå 20. september, blir omfatta av ei ytingsbasert pensjonsordning. Barnehagar som alt er inne på den mellombelse ordninga med innskotsbasert pensjon held fram i denne ordningane fram til 1. mai 2018.

Etter dette blir også desse ein del av den vanlege ytingsbaserte pensjonsordninga i PBL. Om partane før 1. mai 2018 kjem fram til ei ny pensjonsordning, vil denne då gjelde for alle medlemer i PBL.

Nestleiar Terje Skyvulstad, som har leidd forhandlingane for Utdanningsforbundet, er godt nøgd med at det ikkje blir streik, og at medlemene no blir sikra ei trygg pensjonsordning.

– Har stått saman

Terje Skyvulstad

Terje Skyvulstad er nestleiar i Utdanningsforbundet.

Foto: Emrah Senel / NRK

Han er glad for at Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Delta har stått saman i meklinga med PBL heile vegen.

– Samhaldet mellom organisasjonane har vore avgjerande for at vi no har ein ny avtale på plass, seier Skyvulstad.

Avtalen har ei ramme på rundt 2,4 prosent, om lag tilsvarande andre oppgjer i offentleg sektor. Tilleggs- og vidareutdanning skal gi betre utteljing lønnsmessig, ei ordning som skal gjelde både for styrarar og barnehagelærarar.

Avtalen skal ut på uravrøysting blant medlemene.

– Konstruktiv mekling

Andre nestleiar i Delta, Trond Ellefsen, seier at det har vore ei konstruktiv mekling, der partane har jobba godt saman.

– VI har fått til ei svært god løysing for dei som jobbar i dei private barnehagane, seier han.

Administrerande direktør i PBL, Arild M. Olsen, seier at han håpar det blir god framdrift i det viktige arbeidet med å etablere ei framtidig pensjonsløysing i offentleg sektor.

– Vi gjekk til forhandlingane med eit mål om å få på plass ei heilt ny pensjonsordning. Det let seg ikkje gjere, seier han til NTB.

Barnehagestreiken avverget

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger