Hopp til innhold

Streikefaren avblåst på flyteriggane etter mekling på overtid

Faren for streik på flytande oljeplattformar på norsk sokkel er avblåst etter at partane vart einige i natt.

Veslefrikk platform

Veslefrikk-feltet var blant dei som ville fått merke ein riggstreik.

Foto: Øyvind Hagen / Statoil

Rundt ein time etter at meklingsfristen gjekk ut ved midnatt, vart partane i meklinga for tilsette på flyteriggane einige. Det stadfestar Hilde-Marit Rysst, forbundsleiar i SAFE, som organiserer tilsette i oljesektoren.

Dermed er faren for streik på flyteriggane på norsk sokkel avverja. Det var varsla at rundt 1000 oljearbeidarar ville gå ut i streik frå midnatt dersom partane ikkje vart einige.

Det er semje om et generelt tillegg på 24.500 kroner. Det svarar om lag til 2,7 prosent i gjennomsnitt. Minstelønnssatsen blir auka med 24.500 kroner.

I tillegg aukar nattillegget med 3,50 kroner til 90 kroner per time. Godtgjeringa for arbeid på aude dagar aukar med 60 kroner til 2110 kroner per dag.

Hilde-Marit Rysst, forbundsleder ved SAFE.

Hilde-Marie Rysst, forbundsleiar i SAFE, leidde forhandlingane på vegner av SAFEs medlemmer. Ho hadde varsla streik for 460 medlemmer frå midnatt.

Foto: PRIVAT

– Positiv utvikling undervegs

Rysst er glad det ikkje vart streik, og seier til NRK at det var ei positiv utvikling undervegs i meklinga.

– Det var viktig for oss å forbetre resultatet i forhold til tilbodet vi fekk i forhandlingane. Det har vi fått til, skriv ho i ein SMS til NRK.

Ho har tru på at medlemmane vil godta resultatet som skal gjelde frå 1. juni.

Også LO-forbundet Industri Energi er nøgd med lønnsavtalen.

– Vi er fornøgde med at vi gjennom mekling har oppnådd eit betydeleg forbetra resultat som sikrar kjøpekrafta for dei tilsette på flyteriggar og innan plattformboring på faste innretningar, seier forbundsleiar Frode Alfheim i Industri Energi i ei pressemelding.

Frode Alfheim, forbundsleiar Industri Energi

Frode Alfheim er leiar i LO-forbundet Industri Energi. Han hadde varsla at over 600 medlemmer ville streike om det ikkje vart semje i natt.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Flyteriggavtalen omfattar meir enn 4500 Industri Energi-medlemmer på flyttbare offshoreinnretningar, samt plattformboring på permanent plasserte innretningar på norsk sokkel.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger