Ikea kallar tilbake kopp

Ikea ber kundar slutte å bruke reisekoppen «Troligtvis» som er laga i India. Varehuset ber kundar returnere koppane for å få pengane tilbake.

Ikea-koppen "Troligtvis"

Kundar som har kjøpt koppen «Troligtvis» frå Ikea, får pengar tilbake etter at det blei funne for høge grenseverdiar av eit giftig stoff i koppar produsert i India.

Foto: Ikea

Nylege testar av reisekruset «Troligtvis» frå Ikea viser at koppen slepp ut eit høgare nivå av kjemikaliet dibutylftalat (DBP) enn det som er lov. Dei har difor stoppa salet av koppen, og ber kundar som har kjøpt koppen om å returnere denne for å få pengane tilbake, skriv dei i ei pressemelding.

Tilbakekallinga gjeld koppar som er merka med «Made in India», seier fungerande kommunikasjonssjef Siv Westin i Ikea Norge til VG.

– Koppen er seld i to forskjellige variantar. Dette gjeld dei som har blitt produsert i India. Vi ønsker at kundar som har kjøpt desse levere dei tilbake til varehuset for å få pengane tilbake.

Koppen kom for sal i oktober 2019. Sjølv om testane viser eit for høgt nivå av DBP, skal helserisikoen ved bruk av koppen vere låg, ifølgje Ikea. Grunnen er at grenseverdiane er sett med høge marginar.

Giftig stoff

Kjemikaliet DBP er eit stoff som blir brukt i plast og gummi for å gjere produkta mjukare. Ikea skriv at dei for fleire år sidan forbaud slike kjemikaliar i produkt som skal kome i kontakt med mat.

DBP er giftig og kan blant anna gi nedsett forplantningsevne og fosterskadar. Stoffet er også klassifisert som miljøfarleg og svært giftig for organismar som lever i vatn, skriv Aftonbladet.

EU har innført forbod mot å bruke kjemikaliet i blant anna kosmetikk og leiker på grunn av helserisikoen forbunde med stoffet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger