Hopp til innhold

IB-elevar fortvilar over karakterar etter avlyste eksamenar

Elevar på IB-linjer har på grunn av koronaavlyste eksamenar fått karakterar delvis basert på gamle data. – Dette kan vere ugyldig, seier ein norsk jusprofessor.

Sigurd Meklenborg Salvesen.

IB-ELEV: Sigurd Salvesen har fram til nyleg gått IB-linja på Lillestrøm vidaregåande skule.

Foto: Privat

– Det kjennest heilt meiningslaust, og som om IB set framtida mi på vent, fortvilar Sigurd Meklenborg Salvesen.

Han er ein av IB-elevane som meiner at vitnemålet ikkje viser kva han kan.

– Eg sit eigentleg ikkje att med mine eigne karakterar. Eg sit att med karakterane til ein eller annan algoritme, karakterar som ikkje reflekterer arbeidet eg har gjort dei siste to åra.

IB, eller International Baccaelaureat, er ei internasjonal skulelinje som blir tilbydd i meir enn 100 land. Sjølv om det ikkje er eit norsk studieprogram, kan ein gå IB-linja på 26 vidaregåande skular i Noreg. Undervisinga skjer på engelsk, det er annleis læreplan og vurderingssystemet er ulikt det i norsk skule.

Det er i hovudsak eksamenskarakterar som utgjer vitnemålet til elevane som går på IB-linja, men på grunn av koronapandemien vart alle eksamenane avlyste i år.

IBO, organisasjonen bak den internasjonale utdanninga, har i staden sett karakterar som mellom anna er basert på tidlegare resultat i faget og tidlegare resultat ved den aktuelle skulen.

Kjem ikkje inn på draumestudiet

For Sigurd får metoden store konsekvensar. Han seier at han låg an til å ha eit snitt tilsvarande 5,5 i norske karakterar. På vitnemålet er han sett ned til om lag 4,2.

– Det er draumestudia som ryk. Planen min var å studere historie og politikk på University of Edinburgh, men det tvilar eg ganske sterkt på at skjer no. Eg kjem heller ikkje inn på dei fire førstevala mine på Samordna opptak.

– Kan vere ugyldig

Hans Fredrik Marthinussen, professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen, meiner karakterane IB-elevane har fått i prinsippet er ugyldige.

– Ein grunnleggjande føresetnad for karaktergjeving, i alle fall etter norsk rett i Noreg, må vere at karakterane er baserte på individuelle prestasjonar.

Hans Fredrik Marthinussen

UGYLDIGE KARAKTERAR: Jusprofessor Hans Fredrik Marthinussen meiner metoden IBO har brukt for å setje karakterar ikkje hadde stått seg i ein norsk domstol.

Foto: Kamilla Marie Johnsen / NRK

– Å setje karakterar på denne måten ville nok av norske domstolar bli sett på som ugyldig.

Han peikar likevel på at om ein elev hadde gått til retten med karakterane og fått dei kjent ugyldige, risikerer han å stå att utan karakterar å søkje seg til høgare utdanning med.

Må leggje press på IBO

Sjølv om det normalt er eksamenskarakterar som utgjer IB-diplomet, har også IB-elevane såkalla «predicted grades». Det er karakterane faglærane trur eleven skal ha i standpunkt når dei er ferdige med faget.

Elevorganisasjonen meiner desse kan brukast som vurderingsgrunnlag for IB-elevane i år.

Kristin Schultz, leiar Elevorganisasjonen

UROVEKKJANDE: Leiar i Elevorganisasjonen Kristin Schultz meiner det er urovekkjande at karakterane ikkje er basert på elevane sine prestasjonar.

Foto: Elevorganisasjonen

– Norske styresmakter må leggje press på IBO for å få dei til å snu. Fram til det kan dei sjå på moglegheita for å tilby norsk vitnemål til desse elevane, eller for å betale for at dei får ta eksamen på nytt, seier leiar Kristin Schultz.

Har bede om forklaring

VG har tidlegare skrive om situasjonen IB-studentane står i, og Kunnskapsdepartementet har no bede IBO forklare korleis karakterane er sette.

Utdanningspolitisk talsperson i Høgre og medlem i utdanningskomiteen på Stortinget, Turid Kristensen, meiner det som har skjedd er hårreisande.

TUK

HÅRREISANDE: Høgre-politikar Turid Kristensen har engasjert seg i saka om IB-karakterane. Ho synest metoden som er brukt er hårreisande.

Foto: PETER MYDSKE / PETER MYDSKE

– No må vi først sjå kva IBO svarar, så vil vi vurdere kva vi kan gjere. Det er klart at vi må gjere det vi kan for å sørgje for at desse elevane får ei rettferdig behandling.

Opptaket til høgare utdanning i Noreg er 20. juli.

Kunnskapsdepartementet skriv i ei pressemelding at verken dei, Samordna opptak eller universitet og høgskular kan endre eit offisielt diplom frå IB.

IB ikkje er ein del av det offentlege tilbodet i Noreg, og er ikkje regulert av opplæringslova.

Jusprofessor Marthinussen meiner at IB-elevane likevel kan få hjelp i Noreg.

– Eg tenkjer at norske styresmakter står fritt til å fastleggje kva som skal vere kriterium for opptak til norsk høgare utdanning. Dei kunne ha endra opptaksforskrifta og godkjent desse standpunktkarakterane som grunnlag for opptak til høgare utdanning i Noreg, seier han.

Robust metode

IBO skriv til NRK at det ikkje er ein dataalgoritme som reknar ut resultatet, men eit vurderingssystem basert på ulike faktorar.

Karakteren på vitnemålet er basert på innleveringsoppgåver som er ein del av det normale vurderingsgrunnlaget og «predicted grades». Karakterane er justerte etter historisk statistikk og skulen sin historikk.

IBO skriv at 55 prosent av IB-elevane normalt får ein annan karakter på vitnemålet enn karakteren læraren har sett som «predicted grade».

Karakterane elevane får i år skal reflektere at elevane har kvalifikasjonar som kan samanliknast med tidlegare og framtidige år.

IBO skriv at systemet deira er testa av statistikkekspertar for å sikre ein robust metode.

  • Oppdatering: saka er oppdatert med presisering av «predicted grades» og korleis IBO set karakteren.

AKTUELT NÅ