Trygdeoppgjeret: Fleirtal einige om å gi 650 millionar kroner meir til pensjonistane

Eit fleirtal på Stortinget vil auka den løpande alderspensjonen med 3,83 prosent. Det er 0,25 prosentpoeng meir enn regjeringa la opp til.

Trygve Slagsvold Vedum, Audun Lysbakken og Jonas Gahr Støre.

Ap, SV, Sp og Frp blei einige om å gi 650 millionar meir til pensjonistane.

Foto: Eva Marie Bulai / NRK

Ap, SV, Sp og Frp er einige om å gi 650 millionar kroner meir til pensjonistane i trygdeoppgjeret.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre, Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og SV-leiar Audun Lysbakken stod saman då dei heldt pressemøte.

Trygve Slagsvold Vedum, Jonas Gahr Støre og Audun Lysbakken.

Trygve Slagsvold Vedum, Jonas Gahr Støre og Audun Lysbakken stod saman då dei la fram at dei ville gi 650 millionar meir til pensjonistane.

Foto: Eva Marie Bulai / NRK

– No har vi sikra eit fleirtal saman med SV, Ap og Frp og det er eg glad for, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NRK.

– Vil vi sjå deg saman med Lysbakken og Støre i tilsvarande samlingar framover?

– Vi er jo på Stortinget for å prøva å gjera ting betre for folk. Og når vi såg at pensjonistane var i ferd med å tapa, så ønskte vi å bidra til å få eit politisk fleirtal som gjer at pensjonistane får det litt betre. 1000 kroner kan gjera ein forskjell for mange som har ein låg og dårleg pensjon, seier Vedum.

– Eit meir rettferdig pensjonssystem

SV-leiar Audun Lysbakken meiner det viktige er at det no er fleirtal for å retta opp i det han tykkjer er ei stor urett som særleg har gått ut over eldre med låge pensjonar.

– No får vi eit meir rettferdig pensjonssystem, seier han.

Audun Lysbakken (SV), Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Jonas Gahr Støre (Ap) i forbindelse med enighet om trygdeoppgjøret.

Audun Lysbakken, Trygve Slagsvold Vedum og Jonas Gahr Støre er nøgde med at dei sikra fleirtal.

Foto: Mats Rønning / NRK

– Når dei får den summen i år, så er det fordi det er eit etterslep frå i fjor då dei fekk mykje mindre, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Han meiner at det skal vera føreseieleg kva pensjonistane får i pensjon.

Frps Jon Georg Dale seier at partiet la fram forslaget i vår, og fekk fleirtal for at det skulle leggjast andre føringar for pensjonsoppgjeret enn det som tidlegare var gjort.

Jon Georg Dale

Jon Georg Dale (Frp) seier at han er glad for at dei andre partia har kome Frp i møte.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Det stod vi saman med berre Senterpartiet om i innstillinga når den var ferdig i komiteen. No kjem dei andre etter, og det er vi veldig nøgde med fordi det gjev betre kjøpekraft for pensjonistane, seier han.

Regjeringa er ueinige om vedtaket

KrFs Tore Storehaug meiner det ikkje er ei riktig prioritering det som fleirtalet no har samla seg rundt eit vedtak om.

– Gjennom dei siste åra har vi betra særskilt minstepensjonen mykje. Det gjorde at dei pensjonistane som har fått minst har fått ei stor auke. No er vi på veg ut av ein pandemi, der mange framleis står permitterte. Då tykkjer eg ikkje at dette er ei riktig prioritering, seier han.

Tore Storehaug

Tore Storehaug (KrF) meiner det ikkje er riktig at eit fleirtal no har gått mot regjeringa. Han meiner prioriteringa ikkje er riktig.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Regjeringa må altså no leggja 650 millionar på bordet til pensjonistane. Men kor skal regjeringa henta pengane ifrå?

– Der må du stilla spørsmålet til dei som ønskjer desse påplussingane, seier Storehaug.

– Dei seier det er opp til regjeringa å finna inndekning?

– Ja, det viser også at det er lett å bli einige om kven det er som skal få meir, men å stå i prioriteringane er kanskje ikkje like lett. Er det ein ting som kjem til å bli vanskeleg i tida framover, så er det å finna inndekkingar og passa på at vi set gode tiltak opp imot kvarandre, seier han.

Arbeids- og sosialministeren kommenterer trygdeoppgjøret

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner det er merkeleg at fleirtalet har bestemt for å gi meir i siste sekund.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen meiner at pensjonistane i utgangspunktet fekk eit godt oppgjer i år.

– Men her har fleirtalet bestemt seg for å gi endå meir i siste sekund, sjølv om dei i mange månadar har visst kva regjeringa ville leggja fram. Det var jo venta, men litt merkeleg gitt at Stortinget allereie i vår fekk presentert regjeringa sitt opplegg, seier han.

Semje om løftet – usemje om løysing

Umiddelbart etter at arbeidsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) 20. mai la fram resultatet i årets trygdeoppgjer, slo Ap-leiar Jonas Gahr Støre fast at pensjonistane burde få meir. Same løfte kom frå SV, Sp og frå Frp.

Pensjonistoppgjøret 2021

Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre var raskt ute og lova meir til pensjonistane i årets trygdeoppgjer. Her saman med leiar av Pensjonistforbundet Jan Davidsen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Det var klart at Røe Isaksen truleg kom til å gå på ein pensjonssmell i Stortinget.

Regjeringa sitt tilbod var på 3,58 prosent auke av den løpande alderspensjonen. Det er 0,25 prosentpoeng lågare enn kravet frå Pensjonistforbundet, LO og dei andre organisasjonane i oppgjeret, som på førehand hadde krevja ein årsvekst på 3,83 prosent i alderspensjonane.

Det samsvarte eit påslag på rundt 650 millionar samla.

Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV og Framstegspartiet gav alle uttrykk for at dei støtta kravet frå organisasjonane, men det har likevel vore usemje korleis dette skulle løysast.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger