Hopp til innhold

– Konklusjonen vår er utan tvil

OSLO TINGHUS (NRK): Rettspsykiatrane har konkludert om psyken til Anders Behring Breivik, og er ikkje i tvil. No set statsadvokatane seg ned for å lesa gjennom den rekordlange rapporten.

Rapporten om Behring Breiviks psyke

Her er rettspsykiatar Torgeir Husby på veg til Oslo tingrett med rapporten om den mentale helsa til Anders Behring Breivik. Den blei levert tingretten klokka 09.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Rapporten om Anders Behring Breiviks mentale helse

Her er rapporten som konkluderer med om Anders Behring Breivik kan bli straffa, eller ikkje.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

I dag leverte dei sakkunnige rettspsykiatrane sin 230-sider lange rapport, der dei tek stilling til om Anders Behring Breivik er sinnssjuk i eit strafferettsleg perspektiv.

Blir han vurdert som utilrekneleg, kan massedrapsmannen bli friteken frå straff.

– Me har kome fram til ein konklusjon og den er utan tvil, sa ein av dei sakkunnige, rettspsykiatar Torgeir Husby til NRK like før han overleverte rapporten i Oslo tingrett i dag tidleg.

Klokka 13 i ettermiddag blir konklusjonen i rapporten offentleggjort på ein pressekonferanse, som du kan sjå direkte på nrk.no:

Fengsel eller psykiatrisk avdeling

Rapporten blei overlevert tingretten i ein liten koffert klokka 09 i dag tidleg. I tillegg til ei elektronisk utgåve, leverte Husby ni trykte eksemplar av erklæringa - åtte til tingretten og eitt eksemplar som skal til Den rettsmedisinske kommisjonen.

– Det har vore eit veldig omfattande og vanskeleg arbeid. Det er vanskeleg å halda oversikta over så mange avhøyr og å gå gjennom rekordmange samtalar, fortel rettspsykiatar Husby.

Like etterpå kom også statsadvokatane Svein Holden og Inga Bejer-Engh, som i løpet av dei neste timane skal gå gjennom den omfattande dokument-bunken.

Veit de allereie no kva konklusjonen er?

– Nei, no må me ta med oss dokumenta og setja oss ned og lesa. Dette verkar som eit grundig arbeid som me må bruka tid på å setja oss inn i. Alle må venta til klokka 13 før me kan gå ut med konklusjonen, seier statsadvokat Holden.

Video Her overleverer de sakkyndige rapporten om Breiviks tilregnelighet

Her overleverer dei sakkunnige rapporten som fastslår om Anders Behring Breivik er tilrekneleg eller ikkje.

– Behring Breivik sakna slike samtalar

Togeir Husby, rettspsykolog og forskar

Rettspsykiatar Torgeir Husby seier samarbeidet med Anders Behring Breivik har vore bra.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Sidan slutten av august har dei sakkunnige, rettspsykiatrane Torgeir Husby og Synne Sørheim, jobba med rapporten om den mentale helsa til Behring Breivik.

Husby seier at dei har samarbeidd godt med Behring Breivik.

– Samtalane har gått greitt. Han er veldig samarbeidsvillig og interessert i å snakka. I den siste samtalen, som eg hadde med han i førre veke, sa han at han sakna å ha slike samtalar.

Det er knytt stor spenning til konklusjonen, som tek stilling til om den terrorsikta er strafferettsleg tilrekneleg eller ikkje.

– Det er tre moglege konklusjonar, og den eine inneheld tvil om tilreknelegheit. I denne saka har me derimot ein konklusjon som ikkje har noko tvil ved seg, seier Husby utan å ville avsløra om dei har falle ned på tilrekneleg eller utilrekneleg.

Blir Behring Breivik erklært tilrekneleg, risikerer han 21 års fengsel og forvaring så lenge han lever. Blir han erklært utilrekneleg (sjå vilkår i faktaboks) vil han verta friteken frå straff og overført til tvinga psykisk helsevern for behandling på ein psykiatrisk institusjon.

Uansett utfall blir terroristen, som tok 77 menneskeliv den 22. juli, sperra inne.

Synne Sørheim og Torgeir Husby

Dei sakkunnige, rettspsykiatrane Torgeir Husby og Synne Sørheim, har granska mentaliteten til Anders Behring Breivik i det som blir rekna for å vera den lengste rettspsykiatriske rapporten i noregshistoria.

Foto: Haakon Mosvold Larsen / Afp

– Lengste i noregshistoria

– I omfang er denne rapporten veldig spesiell. Det er truleg den lengste rettspsykiatriske rapporten i noregshistoria, opplyser rettspsykolog og forskar ved Universitetet i Oslo, Pål Grøndahl.

Rapporten er rekordlang dei sakkunnige ønskte å forstå massemordaren på ein så god måte som mogleg.

– Me ville forstå kva han har tenkt og observert. Det er viktig å ha eit grunnlag for å forstå konklusjonen vår, difor er det viktig at rapporten er omfattande, fortel rettspsykiatar og sakkunnige Husby.

Rapporten skal no inn til kontroll hjå den Den rettsmedisinske kommisjonen.

Pål Grøndahl

Rettspsykolog og forskar ved Universitetet i Oslo, Pål Grøndahl.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

– Dei skal sjå på kvaliteten og om premissane stemmer med konklusjonen. Kommisjonen vil deretter vurdera om dei er samde eller ikkje med dei sakkunnige sin konklusjon, kommenterer Grøndahl, som har lang erfaring som rettspsykiatrar.

Fire av fem erklæringar går gjennom kommisjonen utan innvendingar.

Om lag 20 prosent av erklæringane får ein merknad frå kommisjonen, der dei til dømes ber om ytterlegare utgreiingar eller meir dokumentasjon. Kommisjonen kan også be om at retten utnemner nye sakkunnige som lagar ein heilt ny rapport, men dette skjer svært sjeldan.

– Kommisjonen kjem truleg til å bruka fire-fem veker på ein grundig gjennomgang av rapporten, seier Grøndahl.

Barndomen blir sentralt punkt

Geir Lippestad

Geir Lippestad er forsvararen til Anders Behring Breivik. Han meiner at klienten hans bør få strafferabatt.

Foto: Meek, Tore / Scanpix

Dei sakkunnige skal vera samde om konklusjonen, som dei har kome til gjennom blant anna observasjonar og 13 samtalar med den terrorsikta.

Basert på store mengder informasjon har Husby og Sørheim danna seg eit bilete av den mentale helsa og personlegdomen til Behring Breivik. Dei har blant anna spurt han om barndom, oppvekst, skulegang, arbeid og relasjonar.

Då Behring Breivik var i fireårsalderen, slo ein psykolog alarm om at barnet var i ferd med å få psykiske skadar som følgje av «alvorleg omsorgssvikt» i heimen.

Kjelder som har lest denne rapporten, seier no til NRK at den også antyda at den terrorsikta som barn blei utsett for overgrep av seksuell karakter.

Geir Lippestad, forsvararen til den terrorsikta, er sjokkert over mykje av det han har lest i psykolograpporten og i rapportar frå barnevernet på denne tida.

– Slike forhold i barndomen til Behring Breivik kan bli viktige for forsvaret no og vidare i rettssaka, seier Lippestad.

Følgjer det faglege rådet

Rapporten frå dei sakkunnige er ikkje ei endeleg avgjerd, men ei fagleg tilråding til retten. Konklusjonen frå dei sakkunnige vil likevel leggja sterke føringar for den endelege straffeutmålinga i rettssaka, som startar 16. april 2012.

– Det er svært sjeldan at ei rettspsykiatrisk erklæring blir underkjent av retten. Dei sakkunnige har fått eit mandat, og i norske rettssaker er det tradisjon for å følgja det faglege rådet dei kjem med, fortel overlege og spesialist i psykiatri, Kjersti Narud.

Det er også sjeldan at ein gjerningsperson blir vurdert som utilrekneleg og dermed ikkje får straff.

I fjor kom det ut rundt 360 rettspsykiatriske erklæringar i Noreg. I 80 prosent av sakene konkluderer dei sakkunnige med at den aktuelle personen er tilrekneleg.

AKTUELT NÅ