Hydro varslar kutt i Holmestrand og Karmøy

Valseverksemda til Norsk Hydro har vist dårlege resultat i fleire år. No vil selskapet kvitte seg med 735 tilsette i Noreg og Tyskland innan 2024.

Norsk Hydro Holmestrand

Norsk Hydros anlegg i Holmestrand i Vestfold.

Foto: Norsk Hydro

Pr. i dag er det 4000 tilsette i forretningsområdet Valsede produkter. Størsteparten er i Tyskland, medan det er 420 tilsette ved Hydro Holmestrand i Vestfold og 220 ved valseverket på Hydro Karmøy i Rogaland.

Det er uklart kor mange arbeidsplassar som vil forsvinne ved dei norske avdelingane, men mesteparten av nedskjeringane skal setjast i verk før 2022.

– Betydelege grep

Bjørn Skaar

Bjørn Skaar er pressekontakt i Norsk Hydro Valsede Produkter.

Foto: Hydro

Einar Glomnes, konserndirektør for Valsede Produkter, seier i ei pressemelding at selskapet med dette tek betydelege grep for å styrke lønnsemda. Pressekontakt Bjørn Skaar seier til NRK at innsparingsplanen gjeld for heile forretningsområdet.

Selskapet reknar med å spare rundt 60 millionar euro, litt under 600 millionar kroner, i året som følgje av reduserte personalkostnader.

Det mest konkrete er avviklinga av to produksjonsliner ved fabrikken i Grevenbroich i Tyskland, men at det skal setjast i verk forbetringstiltak i heile organisasjonen. Skaar seier at det er dei enkelte bedriftene som sjølve skal vurdere tiltaka lokalt, m og at alt blir gjort i samarbeid med fagforeiningane..

– Må vri produksjonen

– Vi konkurrerer globalt, og vi opplever endringar. Til dømes er det mindre etterspørsel etter litografiske trykkplater av høg kvalitet, som blir brukte i produksjon av aviser og magasin. Vi må vri produksjonen over på meir lønsame område, seier Bjørn Skaar. Han gjer det også klart at det er vanskeleg å konkurrere på pris med land som Kina.

Det var etter at børsen stengde i ettermiddag at Hydro Valsede Produkter la fram planane om omstrukturering. Nedleggingane av produksjonslinene i Tyskland utgjer rundt 30 prosent av den totale folieproduksjonen i selskapet.

Valsede Produkter opplyser at dei vil styrke satsinga på vekstmarknader som boks- og bilindustrien.

Fagforeiningane er med

– Vi er gode på kontinuerleg forbetring i Noreg, men det er klart at prosessen blir merkbar ved alle anlegga. Dette handlar mykje om Tyskland, men på anlegga i Holmestrand og på Karmøy har vi prosessar gåande og skal halde fram med det, seier tillitsvalt Sten Roar Martinsen ved Alnor kjemiske fagforeining.

Han stadfestar at dei tillitsvalde er orienterte, og at dei er med i forhandlingane som no går føre seg.

- Konsernsjef Hilde Aasheim sa alt på første dagen sin på jobb at det ville bli ei restrukturering, så det er inga stor overrasking. Det er klart at dette er store tal, men vi er vane med at Hydro kan handtere dette i god dialog med dei tillitsvalde, avsluttar Martinsen.

SISTE NYTT

Siste meldinger